15 desember 2009

Favorittretten

Dette med å blande ulike typar mat er ikkje noko nytt. Og kvifor då ikkje blande pinnekjøt og julegraut? I spalta «Over kaffikoppen» i Sykkylvsbladet 11.12. er nemleg Otto-Magne Strømmegjerde intervjua, og på spørsmålet om favorittretten les vi: «Det er mor sin julemiddag, som har gått gjennom generasjonar. Det er ein variant der du kokar pinnekjøtet saman med poteter og grønsaker. Ut i prosessen tilset du risengryn og mjølk. Då får du ein julemiddag som består av ei supe, kokt på basis av kraft frå pinnekjøtet. Den skal serverast rykande varm, med oppkutta gulrot.» Det høyrer her til at det er tale om ein forrett.

01 desember 2009

Julekonsert med Kor e tonen


Så er det vorte desember, og snart er det jul. Dermed kjem òg julekonsertane på rekkje og rad. Då skal vi ikkje gløyme Kor e tonen sin konsert torsdag 10. desember. Den konserten bør du heilt klart gå på.

På konserten vert det overraskingar, dvs. teatralske innslag. Og det vert sal av kaffi og kaker.

Av songane kan det nemnast: "Vøtranottæ", "Kling no klokka", "Jul, jul, strålande jul", "Mitt hjerte alltid vanker", "Have yourself a merry christmas", "Winter Wonderland", "Rudolf", "Christmas Lullaby", "Carol of the Bells", "Es ist ein Ros entsprungen" og "Kväll".

16 november 2009

Nynorsk frå Statens vegvesen? Ei e-brevveksling.

Brev 1 til Vegvesenet:
Hei. Eg skal ha tak i skjema for omregistrering av bil på nynorsk, men finn det ikkje på Vegvesenet sine heimesider. På NAF sine sider er det vist til skjemaet NA 0232N, men eg finn ikkje det på Vegvesenet sine sider. Kvar er det skjemaet?

Svar 1 frå Vegvesenet:
Hei! Du finner salgsmelding på www.vegvesen.no. Finnes dessverre ikke på nynorsk.
mvh Bergen Trafikkstasjon

Brev 2 til Vegvesenet:
Hei. Etter Mållova skal denne salsmelding ligge føre både på nynorsk og bokmål. Når vil så meldinga liggje føre på nynorsk på Vegvesenet sine heimesider?

Svar 2 frå Vegvesenet:
Du kan kontakte [Jostein X]@vegvesen.no.
mvh Bergen Trafikkstasjon

Brev 3 til Vegvesenet:
Gode [Jostein X]. Eg vart beden om å kontakte deg. Viser til korrespondansen nedanfor.

Brev 4 til Vegvesenet:
Eg har forsøkt å få kontakt med [Jostein X], men ikkje fått svar. Er det ingen andre i Vegvesenet som kan svare på mitt enkle spørsmål?

Svar 3 frå Vegvesenet:
Mail er sendt Vegdirektoratet 26-10-09. har ikkje fått svar. Du får dei kontakte direkte

Brev 5 til Vegvesenet:
Hei. Når eg prøver Vegdirektoratet, kjem eg til Vegvesenet sine sider. Og epostadressa til Vegdirektoratet er tydelegvis den eg sendte epost til først. Så dette blir ein rundgang. Har ikkje Statens Vegvesen ansvar for omregistrering av bilar?

Svar 4 frå Vegvesenet:
Du må du gjerne prøve gamlemåten ein tlf. Mvh [Jostein X]

Brev 6 til Vegvesenet:
Nei, ærleg talt, det får vere måte til mangel på sørvis.

Svar 5 frå Vegvesenet:
Hei igjen. Me beklagar at du ikkje har fått dette skjemaet. Statens vegvesen har ansvaret for omregistrering av bilar, og du har heilt rett i at nynorskversjonen av skjemaet burde ha lege på vegvesen.no.Eg har prøvd å få tak i sakshandsamarar i Vegdirektoratet i dag, men dei har seksjonssamling. På måndag skal eg gjere eit nytt forsøk, og tek kontakt med deg så fort eg har ein kontaktperson eller eit svar på ditt spørsmål. Eg håpar du har fått utført omregistreringa sjølv om ikkje du har det riktige skjemaet.

Svar 6 frå Vegvesenet:
Hei Endre, Eg har snakka med fagansvarleg for omregistrering av kjørety, Ivar Fjeldberg, og han opplyser om følgande: Skjemaet skal oppdaterast med nye opplysningar og forbetra innhald i løpet av første halvår i 2010 for å betre servicen mot brukarane våre. Det er ønskeleg å vente på denne oppdateringa før vi legg ut den nynorske versjonen. Beklager dette, men håper du får fylt ut salsmelding og omregistrert kjøretyet likevel. Håper dette hjelper.

----
Gjennom slik handsaming sikrar ein seg at a) ingen andre enn kverulantar orkar å be om skjema på nynorsk, b) kveralantane får leve i trua på at til neste år vert alt så mykje betre, og då har dei vonleg gløymt dette.

09 november 2009

Språkdagen

Dei som ikkje har fått plass på "Språkdagen" på onsdag, kan no få med seg arrangementet på vev-fjernsyn. Du kan kople deg inn her her. Sidan denne bloggen ikkje gir høve til eigenreklame, vil eg unngå å trekkje fram særlege postar i programmet, men det kan nemnast at det bl.a. skal vere noko om hipphopp og normer der.

26 oktober 2009

Gustav Indrebø forsvunnen igjen


Så har det skjedd igjen. Biletet av Gustav Indrebø er forsvunne. Det heng ikkje lenger på den vanlege staden, dvs. på veggen tvers over kontordøra mi. Eg er mildt sagt sjokkert, og har varsla kontorsjefen om det som har skjedd. Går ut ifrå at ein set i verk dei tiltaka som er naudsynte og effektive. Her er det ingen grunn til å ha silkehanskar på.

Som den vakne lesaren veit, har Indrebø-biletet tidlegare vorte stole, i 2007. Då kom biletet til rette.

Kjem attende med oppdatert informasjon i saka så snart det skjer noko.

Bil til sals


Så har ein kjøpt ein nyare bil, og den evigvarande ris-kokaren vert lagd ut for sal. Løp og kjøp, seier eg berre. Her finn du informasjonen som er naudsynt. Ein burde elles ha hatt ein nynorskversjon av bilseljar-monopolisten Finn.no.

15 august 2009

Fjernsynet


For ikkje lenge sidan gjekk ein til innkjøp av LED-fjernsyn på 40 tommar; Samsung, må vite. Skjermen er forma ganske likt dei nye brillene. Får dermed ein slags parallellitet og samanheng i tilværet. Diverre har ein sjølv ikkje fått sett så mykje på skjermen. Men det hender ein set seg ned i den ubehagelege stillinga i sofaen (får diverre ikkje ha Stresslessen framme) og ser på "Mad Men"; den andre i huset alt kjøpt andre sesongen før ein er ferdig med fyrstesesongen.

10 juni 2009

Den koloniale monsterlina


NVE har sagt ja til monsterline gjennom naturen på Sunnmøre. Det er sjølvsagt ei tragedie. Noko meir å seie er det ikkje om det. No vil ein klage til olje- og engergiministeren, som om det har noko å seie. Ein har tydelegvis bestemt seg. Det kostar litt å ha kraftleidningane i kabel, og ein vil ikkje bruke pengar på noko slikt, heller ikkje småpengar. Det er nettopp det som gjer at eg vert forbanna kvar gong eg er i Oslo, og ser alt som er betalt av skattebetalarar på Vestlandet, medan Vestlandet får ingenting igjen.

05 juni 2009

Basar


Tidsskriftet Basar døydde som kjent ut, og i Bergen slit Kjøtbasaren med å få det til. Då er det betre å satse på basar i tydinga ‘lotteri’. Du får sjansen no på sundag kl. 16. Då er det basar i Gimle, med bruk av tre-årer. Kor e tonen arrangerer det heile, og inntektene går til å setje opp John Rutters Requiem (20. september i Domkyrkja). Du kan bl.a. vinne tre halvårsabonnement på Dag og Tid. Elles kan du vinne digitalkamera, heimestrikka raggsokkar eller vottar, dansekurs, segltur, tova tøfler, middag for to på Opera etc. etc. Kaffi og kaker vert det òg Så det er berre å møte opp.

25 mai 2009

Språkleg drypp


Det dryp frå kranen på badet. Må få tak i ein rørleggjar. Men kven? Søkjar på Internett. Ikkje så lett å finne nokon, men får opp ei side som i alle fall språkleg sett er særs interessant. Ikkje berre er orddelinga sterk. Sterk er òg denne delen av teksten:
Vi har mange års erfaring mellom oss, og i denne tiden vi har forfalsket en misunnelsesverdig regionale omdømme for kvalitet i arbeidet vi gjør. Vi er Bergen basert, redusere vår reaksjon ganger i tilfelle kriser. Vi bære deler og deler til de fleste jobber, kuttet ut penger spise turer til leverandører.
Så får ein håpe at det ikkje berre er ein parodi.

P.S. Sidan dei som står bak rørleggjar-sida no har endra sida, pga. merksemda ho har fått, har eg sett inn eit bilete av ei av sidene, slik ho såg ut i går.

14 mai 2009

Norsk Ordbok og andre bøker


Kloke karar om ordboksarbeid der. Berre ein liten tilleggskommentar til det med Akademi-ordboka: Dei som er interesserte i å vite korleis Akademiet fekk ansvar for Riksmålsordboka, kan lese Langslets riksmålshistorie, s. 359. Der står det korleis juristen Sjur Brækhus på ein merkeleg måte fekk knipe Riksmålsordboken frå Universitetet i Oslo, som var den rettmessige eigaren av ordboka.

12 april 2009

Bokmålsfrelste norsklærarar

Som Arne Olav Nygard peikar på, har bokmålsfrelste norsklærarar fått ein del nye digitale forum for å spreie bodskapen sin. Det ser ein t.d. på desse to og desse fleire kommentarane til eit innlegg fråLeif Harboe. Argumentasjonen er instrumentell og økonomisk – målfolk er partiske, ein sjølv fornuftig.

02 april 2009

Fire nye år for Grønmo

Så vart det fire nye år for Sigmund Grønmo som rektor ved UiB, melder På Høyden. Det har vore ganske sterkt ordskifte og mykje rart som har vore gjort og sagt siste tida, bla. har instituttleiarar på MN sendt ut masse-epostar på engelsk og bede tilsette og studentar om å røyste på motkandidaten som til all lukke ikkje vann. Det neste valet gjeld dekan på HF; fristen for å melde kandidatar her går ut 4. april.

24 mars 2009

Rektorvalet er i gang

Frå og med i dag kan ein røyste på kven ein vil ha som rektor ved UiB. Sjølv har eg som ein av dei fyrste røysta i dag.

Ordskiftet om rektorvalet vert ført i På Høyden, og er interessant å fylgje med i. I tillegg fører Bergens Tidende kampanjejournalistikk imot den sitjande rektoren.

Privatskular

Alle avisene går no i strupa på SV for det klønete landsmøte-vedtaket om religiøse skular. ("Pedagogiske og religiøse alternativer skal på sikt avvikles. Barn som har behov for alternativ pedagogikk skal få det i den offentlige skolen.") Det var Hedmark SV som visstnok fremja framlegget, men ingen derifrå har fronta det. Stakkars Bård Vegar Solhjell må ta støyten. Rett nok kjem Snorre Valen med eit forsvar i Klassekampen i dag, men det verkar useriøst: "Det er svært mange problematiske sider ved Steinerskolen, som jo er bygget på en kristen ideologi ispedd en masse merkelige ideer." Greitt å seie over eit kjøkkenbord, men av ein komande stortingsrepresentant? Heile saka illustrerer eit grunnleggjande problem med SV sin skulepolitikk – når ein skal seie noko om innhaldet, kjem ein berre til slagorda. Det vert lett for høgresida, som no bruker den nyliberalistiske Paul Chaffey som sin faneberar.

Sjølve poenget om religiøse skular er likevel relevant. Det er absolutt eit problem f.eks. i Nederland at 70 prosent av elevane der går på private skular som i stor grad er "religiøse" – og fullfinaniserte av staten, medan dei som går i den offentlege skulen bl.a. er barna av sosialklientar og sekulariserte innvandrarar. Den offentlege skulen forfell, og dei religiøse skiljelina som er så typiske for Nederland, vert haldne ved like. Her er det mange interessante moment som SV kunne ha laga ei sak ut av, t.d. spørsmålet om "mangfald" i einskapsskulen. Eit problem med "mangfaldsdiskursen" (som eg elles er særs for) er at ein altfor lett gjer kategoriar som religion, livssyn og etnisitet statiske og essensielle. Ein overser at folk innanfor ein religion, eit livssyn etc. meiner ganske ulike ting, og at det skjer endringar innanfor og mellom religionar, livssyn, kulturgrupper etc. Som religionsvitaren Michael Stausberg har peikt på, ligg ei slik essensialistisk forståing av religion bak mykje av tankegangen bak rle-faget. (Human-etisk forbund har her, som elles, vore like essensialistisk som islamistar og fundamentale kristne.)

Men kva er så problemet med SV sitt vedtak? Eitt moment er sjølvsagt ordbruken. Barn som har "behov for", som om det var dyslektikarar det var tale om. "Alternativ pedagogikk", som det berre er pedagogikken det er tale om (og ikkje sjølve forståinga av skulen sitt innhald og skulen si rolle). Det viktigaste er likevel at dette kjem ut av absolutt ingenting – ikkje nokon av dei som har stått for vedtaket har produsert argument, ideologi, utdjupingar, forskingsbasert innsikt etc. som kan gjere at vedtaket kan fremje ordskifte eller fungere som program. Ein tenkjer skule etter slagordmetoden. Så kan ein seie at det er landsmøtet og ikkje leiinga som er problemet. Men problemet er at SV ikkje har kultur for å tenkje innhald når det gjeld skulen. Ein snakkar om skule, men då er det skulemat, bygningar, spesialpedagogiske opplegg og praksissjokket. (Resultatet er t.d. den absurde vektinga av pedagogikk frå 30 til 60 studiepoeng i allmennlærarutdanninga.) Difor må SV byrje på steg null med å oppdatere seg skulepolitisk. Dersom det kan vere eit resultat av det dumme landsmøtevedtaket, vil det vere bra.

23 februar 2009

Interessant rektorval

Så har det kome nye rektorkandidatar, dvs. ein gjeng frå Mat-Nat og jus som er oppteken av business-finansiering og tilsette leiarar, i nytale formulert som "samfunnsdialog". Støttespelarar er folk som har støtta tidlegare universitetsdirektør Kåre Rommetveit. Bergens Tidende vil nok like ein slik rektorkandidat. På den andre sida har ein så dagens rektor og hans kompanjongar som etter programmet sitt bl.a. vil fremje fagleg styring, grunnforsking og at lektorutdanninga skal styrkjast. Det ser faktisk ut til at dette kan verte ein interessant valkamp.

15 februar 2009

Blogging om norskfaget

Kva med bloggarar som har fokus på norskfaget? Ein av veteranane på feltet er Leif Harboe, lektor på Bryne vgs, med mange tiltak. Han har òg ein blogg for norskklassen sin der han legg ut mykje fagleg stoff. Ein annan aktiv bloggar er norsklektor i Stavanger, Marita Aksnes. Ho har, til liks med òg ein norskblogg for klassen sin, 1a, og i staden for lærebok i språk og kommunikasjon bruker ho ei eiga vevside for det programfaget. Så ser eg at den gamle medstudenten min frå UiB, Margreta Tveisme, har ein blogg, skulebloggen, som fokuserer på faglege ting ved det å vere norsklærar. Det same gjeld ein annan tidlegare UiB-student, Inger Hilde Ingebrigtsen. I tillegg skriv Bokstavheksa om norskundervisning i vgs. Alle desse tre damene skriv forresten om fagleg-pedagogisk dag, der eg sjølv glimra med mitt fråvær i år.

Ei anna som har ein blogg om norskfaget, men som ikkje var på fagleg-pedagogisk dag, er kollega Kristin Kibsgaard Sjøhelle. Ho har ein nystarta blogg, Nysgjerrig på norskfaget, og det som står der, lovar godt. Ho skriv helst om digitale tekstar og om nynorsk.

Somme bloggarar legg mykje vekt på det digitale ved norskfaget og skulen. Det gjeld bl.a. Arne Olav Nygard, stipendiat ved UiS og Ingunn ved Sandvika vgs. Noterer meg at fleire i Hordaland elles refererer til June Brevik frå Hordaland fylkeskommune som skriv om digital skule.

Interessant, forresten, å merkje seg at jamvel kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har ein blogg. Der kan ein kome med kommentarar, og eg ser at Solhjell kommenterer ein del av lærarbloggarane som har vendt seg til honom.

I tillegg finst det sjølve ein god del andre norsklærarar som bloggar, men dei skriv ikkje alltid så eksplisitt om norskfaget.

07 februar 2009

Dagens kommentar



Ikkje alle er like oppglødde over den nye stortingsmeldinga om lærarutdanning. Kanskje på tide å kome seg ut i det fine snøveret?

04 februar 2009

Lærarutdanninga

Norsk skule har fått mykje kritikk. Avisene fortel om PISA, PIRLS og bråk i skulen, om at elevar er offer og at lærarar er offer. Flasketuten peikar mot lærarutdanninga. Lærarane er for dårlege, av di lærarutdanninga er for dårleg, vert det sagt. Samtidig er det verd å merkje seg at det er allmennlærarutdanninga som får kjeft, t.d. av NOKUT. Universiteta si lærarutdanning vert knapt nemnd.

No på fredag kjem statsråd Bård Vegar Solhjell med stortingsmeldinga om allmennlærarutdanninga. Ikkje så spennande, kanskje. Det vi kan forvente, er eit skilje mellom barneskule- og ungdomsskulelærarutdanning, mykje meir pedagogikk og at norskfaget ikkje lenger vert obligatorisk fag. Det med norsk er merkeleg. Tanken er visstnok at norsk skal vere obligatorisk på småskule/barneskulesteget, men ikkje på ungdomsskulesteget. Det heng vel saman med ideen om meir fagfokus. På den andre sida er det noko merkeleg i og med at lesing, skriving, lytte/tale ( + å rekne + digitale dugleikar) er såkalla grunnleggjande dugleikar som skal gå igjen i alle fag, og norskfaget har eit overordna ansvar for desse grunnleggjande dugleikane. Rykta fortel at rle-folket vart sure då dei oppdaga at rle ikkje skulle vere obligatorisk, og at departementet då òg gjorde norsk ikkje-obligatorisk, for å blidgjere teologane.

Dette med at pedagogikk skal få 60 studiepoeng, skuldast hardt lobbyarbeid frå pedagogane si side, ikkje minst frå Geir Karlsen, pedagogikkprofessor ved NTNU, som var hovudredaktør for ei UHR-evaluering av pedagogikkfaget (som kom 31.12.08). Dessutan var kunnskapsministeren i vår i Finland, og han fekk då vite av professor Sven-Erik Hansén (som er ein framifrå fagmann) at ein hadde mykje meir pedagogikk i finsk skule enn i norsk skule. Før geværskota på finske skular var mantraet "look to Finland"...

Ei anna sak er at ein ikkje treng å reise til Finland for å finne ei lærarutdanning som er knytt til universiteta, som er på masternivå, som er forskingsbasert, som har ei grundig fagutdanning og integrerer fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Ei slik lærarutdanning har vi ved norske universitet.

Det vil no òg kunne vere mykje snakk om å gi allmennlærarar ein master light for at dei skal kunne fylle den skrikande mangelen på lektorar som vi vil få i vidaregåande. Her er det grunn til å vere skeptisk, og ikkje rope halleluja til det Solhjell og Aasland vil forfekte i den "gladkristne" kampanjen for f GNIST og anna rart om lærarutdanninga. Eitt av tiltaka (frå statsbudsjettet) dreier seg rett nok om pengar. Dei som tek PPU eller lektorutdanning med master i realfag eller framandspråk, får ettergitt 50 000 kr. i studielån. Merkeleg nok ikkje dei som tek nordisk. Det er faktisk ikkje slik at det er spesielt større trong for engelsklærarar enn for norsklærarar, tvert imot, så logikken er like syltynn som mykje av det som elles kjem fram i skuledebatten i avisene for tida.

07 januar 2009

HF-kantina i fare

Alt er som kjent i forfall, og no vil Studentsamskipnaden i Bergen leggje ned HF-kantina, dvs. kantina i fyrste etasjen på HF-bygget, verdas midtpunkt. Rett nok er ingenting avgjort, men det er truleg ingen grunn til å vere optimist. Det er nok idrotten som stikk av med alle pengane til SiB. Dei som vil ha god kaffi kl. 8 om morgonen, er det ingen som tenkjer på.