04 februar 2009

Lærarutdanninga

Norsk skule har fått mykje kritikk. Avisene fortel om PISA, PIRLS og bråk i skulen, om at elevar er offer og at lærarar er offer. Flasketuten peikar mot lærarutdanninga. Lærarane er for dårlege, av di lærarutdanninga er for dårleg, vert det sagt. Samtidig er det verd å merkje seg at det er allmennlærarutdanninga som får kjeft, t.d. av NOKUT. Universiteta si lærarutdanning vert knapt nemnd.

No på fredag kjem statsråd Bård Vegar Solhjell med stortingsmeldinga om allmennlærarutdanninga. Ikkje så spennande, kanskje. Det vi kan forvente, er eit skilje mellom barneskule- og ungdomsskulelærarutdanning, mykje meir pedagogikk og at norskfaget ikkje lenger vert obligatorisk fag. Det med norsk er merkeleg. Tanken er visstnok at norsk skal vere obligatorisk på småskule/barneskulesteget, men ikkje på ungdomsskulesteget. Det heng vel saman med ideen om meir fagfokus. På den andre sida er det noko merkeleg i og med at lesing, skriving, lytte/tale ( + å rekne + digitale dugleikar) er såkalla grunnleggjande dugleikar som skal gå igjen i alle fag, og norskfaget har eit overordna ansvar for desse grunnleggjande dugleikane. Rykta fortel at rle-folket vart sure då dei oppdaga at rle ikkje skulle vere obligatorisk, og at departementet då òg gjorde norsk ikkje-obligatorisk, for å blidgjere teologane.

Dette med at pedagogikk skal få 60 studiepoeng, skuldast hardt lobbyarbeid frå pedagogane si side, ikkje minst frå Geir Karlsen, pedagogikkprofessor ved NTNU, som var hovudredaktør for ei UHR-evaluering av pedagogikkfaget (som kom 31.12.08). Dessutan var kunnskapsministeren i vår i Finland, og han fekk då vite av professor Sven-Erik Hansén (som er ein framifrå fagmann) at ein hadde mykje meir pedagogikk i finsk skule enn i norsk skule. Før geværskota på finske skular var mantraet "look to Finland"...

Ei anna sak er at ein ikkje treng å reise til Finland for å finne ei lærarutdanning som er knytt til universiteta, som er på masternivå, som er forskingsbasert, som har ei grundig fagutdanning og integrerer fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Ei slik lærarutdanning har vi ved norske universitet.

Det vil no òg kunne vere mykje snakk om å gi allmennlærarar ein master light for at dei skal kunne fylle den skrikande mangelen på lektorar som vi vil få i vidaregåande. Her er det grunn til å vere skeptisk, og ikkje rope halleluja til det Solhjell og Aasland vil forfekte i den "gladkristne" kampanjen for f GNIST og anna rart om lærarutdanninga. Eitt av tiltaka (frå statsbudsjettet) dreier seg rett nok om pengar. Dei som tek PPU eller lektorutdanning med master i realfag eller framandspråk, får ettergitt 50 000 kr. i studielån. Merkeleg nok ikkje dei som tek nordisk. Det er faktisk ikkje slik at det er spesielt større trong for engelsklærarar enn for norsklærarar, tvert imot, så logikken er like syltynn som mykje av det som elles kjem fram i skuledebatten i avisene for tida.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Klokka inviterer med dette BVS til hospitering i norske klasserom. Kanskje heile Utdanningsdirektoratet med. Der skal dei ikkje berre drive norskundervisning etter kompetansemål i eit eller to klasserom, men kanskje i sju. Gjerne som vikariat i seks veker eller åtte.

Purisme sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Purisme sa...

Interessant forkorting, BVS. Du er likevel litt vel implisitt i kommentaren din.

Anonym sa...

koss veit du om det med norsk? stemmer det?

Purisme sa...

Frå diverse kjelder, munnlege og skriftlege. Du får sjå i morgon om det stemmer.

Purisme sa...

Sjølvskryt er det for lite av. Ein kan i alle høve konstatere at denne bloggen hadde rett i alle spådomane om den nye stortingsmeldinga om allmennlærarutdanninga.

Det vil sjølvsagt ikkje seie at stortingsmeldinga er heilt god. At pedagogikkfaget skal breie om seg endå meir enn det gjer i dag, er ikkje bra. Men med statsrådar frå SV er det ikkje så rart. (Ville noko tilsvarande ha skjedd med ein minister frå Høgre? Neppe...) Tanken er tydelegvis at pedagogikkfaget skal verte det danningsfaget som norskfaget og til dels rlr skulle vere. Eg har derimot inga tru på at pedagogane vil få det til, for å seie det varsamt.