22 november 2007

To nye blad

Det er merkeleg. Ikkje at eg tingar både "Språklig Samling" og "Vestmannen". Men når desse to blada kjem, så kjem dei alltid på same dagen. Eg skjønar ikkje korleis dei får det til. Det skjer alltid. Fleire månader går, og så er dei i posthylla, båe to, på same dagen. Og så er dei i same format med. Ja, ja, når eg så får blada, er det berre å leite fram lusekofta og rutaskjorta og gå glad og nøgd ned i kantina, kjøpe ein kopp svart kaffi, og setje seg til å lese i blada. Båe blada har nok tapt seg, men det gjeld så mykje anna i samfunnet òg.

21 november 2007

NIFU STEP med sidemålsrapport

NIFU STEP har i dag kome med rapport
om forsøket med fritak frå skriftleg sidemålsopplæring i Oslo.

NIFU STEP viser til at elevane som ikkje har hatt nynorskopplæring, har fått betre karakterar i hovudmål og at dei har fått litt betre haldningar til nynorsk. Om dette "resultatet" er det mykje som kan seiast.

For det fyrste er det i og for seg likegyldig om elevane får 0,1 eller 0,2 poeng betre karakterar utan nynorskopplæring. Nynorskopplæringa er ei politisk og kulturell sak.

Ei anna sak er det forskingsmessige ved prosjektet. Som NIFU STEP sjølv påpeikar, var det ingen seriøse forskingsmiljø som ville take på seg eit så håplaust prosjekt som det Oslo kommune sette i gang. Ei vesentleg feilkjelde for resultata er t.d. at mappevurdering og prosessorientert skriving vert innført som prøveprosjekt samtidig som ordninga med nynorskfritak. Dette er ordinære pedagogiske verkemiddel som ikkje har noko med nynorsk eller ikkje nynorsk å gjere. Ein veit ikkje kva rolle desse faktorane kan ha spela for karakterresultatet. Når det gjeld haldningar, er det gjort fleire positive tiltak (t.d. at Sylfest Lomheim og Are Kalvø har sprunge rundt på Oslo-skular). Men desse tiltaka har ingenting med fritaksforsøket å gjere. Ein kan ikkje, slik NIFU STEP gjer, bruke andre typar tiltak til å vurdere fritak frå opplæring i skriftleg nynorsk. Kva om ein hadde hatt desse tiltaka og samtidig hatt skriftleg nynorskopplæring?

NIFU STEP-rapporten viser at sidemålsfritaket hadde ingen verknader på lesekunnskapen eller på munnlege dugleikar. I tillegg viser han at elevane med sidemålsfritak hadde dårlegare samlakarakter enn dei som ikkje var med i forsøket. Tilfeldig, truleg, på same måte som den vesle karakterskilnaden i hovudmål?

16 november 2007

Rettskrivingsstriden utsett

No har styret i Språkrådet fått seg ein smekk på fingeren. Kulturdepartementet seier nemleg i eit brev av 14.11. at ein ikkje ser nokon grunn til å take rettskrivinga i nynorsk opp som sak no. Ein vil vente til stortingsmeldinga om språk som kjem våren 2008. Dermed får vi ikkje noko hastverksarbeid for å "setje i gang arbeidet med å lage ei tydeleg, enkel og stram norm, utan sideformer".

Er det Trond Giske som personleg har engasjert seg, tru? Trudde han var mest oppteken av homofili i kyrkja. Byråkratane i departementet hans skulle ein no tru ville ha ei rettskriving i tråd med styrevedtaket i Språkrådet. Så prosessen her er interessant.

Vel, sjølv om vi vil vere positiv til utsetjinga, er der nokre problem. For no skal alt samle seg opp til stortingsmeldinga om språk som kjem i vår. Alle andre nynorsksaker (som saka om nynorsktiltak i skulen) er vortne utsette på grunn av ein skal vente på stortingsmeldinga som berre vert utsett og utsett. No er det til og med tale om to stortingsmeldingar om saka. Dei to departementa som skulle samarbeide (kultur + kunnskap), klarer ikkje så godt å samarbeide. Dinest vil alt skje i ekspressfart. Stortingemeldingane kjem vel i mars/april, får ein tru, og skal så bankast gjennom før stortingsrepresentane tek ferie i juni.

05 november 2007

Kontorell oppleving

Ein er komen tilbake frå språknormeringskonferanse i Kristiansand. Mykje interessant for dei som likar kommareglar, namnenomering, teksnormer og anna. Og så er det naturlegvis triveleg å snakke med folk som har slike interesser. Ein liten snakkis var forresten plakaten for det nye shoppingsenteret i Kristiansand: "Vi tilbyr en kontorell opplevelse." Ei "kontorell" oppleving er visstnok noko med hypermoderne kontor som er laga for trendy folk som like gjerne kan bruke jobbplassen til å spele fotball, spele kort, ete, drikke etc. Ordboksredaktørane i Norsk ordbok måtte berre sukke oppgitt over at ein alt er ferdig med bokstaven k.