30 november 2010

Plakat-skriving på Danmarkplass


Når ein går inn på Coop Extra på Danmarksplass, får ein interessante leseopplevingar. Forfattaren av denne plakaten har truleg tenkt "Vær vennlig og bruk riktig inngang", dvs. kutta det fyrste verbet "vær" (som ofte vert slukt ved munnleg bruk av slike imperativkonstruksjonar, evt. uttala berre med -ør) og gjort feil på å/og. Men sjølv om rettskrivingsfeila er der, forstår vi det forfattaren vil ha fram. (Desillusjonerte norsklærarar har sett mykje verre, bl.a. på universitetet.)

Det som verkeleg gjer teksten forvirrande og dysfunksjonell, er pila som peikar til høgre. Poenget med plakaten er nemleg å opplyse om at kundane skal gå inn i lokalet og så til venstre. Men pila peikar mot høgre, og mot eit smilefjes med tunga som stikk ut og opp. Smilefjeset er sjølvsagt laga for å moderere den kjeftete tonen i imperativen. Med pila i retning apoteket og dette rare smilefjeset, tenkjer ein fyrst og fremst på ein influensapasient.

Med andre ord: Hovudutfordringa for plakatforfattaren handlar fyrst og fremst om multimodal tekstskaping.