11 desember 2006

Ikkje breiband

Ganske surt å ikkje få høve til å ha breiband i heimen. Telefonleidninga er for tynn for ADSL, får eg vite frå diverse breibandsleverandørarar. (Telenor gidd ikkje svare på spørsmål eller purringar om slikt, så eg må få vite det av andre.) Har prøvd UiB si antenne for trådlaust nettverk (VPN), frakta den opp og stod og peiva med den i regnveret ute på altanen, men fekk ikkje signal. Så det er sure dagar.

24 november 2006

Eit brev frå Tarjei Vesaas

Eg sit med arkivet til Studentmållaget i Bergen, og der finn eg eit brev frå Tarjei Vesaas. Brevet er stila til Herr Edmund Utne, og er dagsett 23. januar 1964. Det gjeld tydelegvis førespurnad om å kome og seie noko på eit møte i Bergen. Brevet er i original, og lyder slik:

Brev motteke. Akk, må eg seia! Skrinet er så skrapa som det kan bli. Og ikkje har eg tid til å sette meg ned og truge fram noko - og ikkje ville De vera tent med å få noko slikt heller. De får verkeleg orsaka, det er ikkje vond vilje, men det er det at tidene endrar seg for ein skrivar, ideane innfinn seg ikkje, rett og slett. Det var før det -. Då kunne ein rive av seg noko i ein fart. No får de unge studentane ruske dykk opp og debutere i vilden sky, så her kan bli ein ny nynorsk litteratur att.

Med beste helsing
Tarjei Vesaas

Flytting

På kontoret der eg no sit, ser eg det eirgrøne tårnet på Johanneskyrkja. Til høgre i bakgrunnen åskammen som går bort til Fløystasjonen. Det ligg ei ro over ei slik utsikt. I tillegg ser eg jo dei kvinnelege studentane og andre som går forbi i korridoren på hi sida av atriet. Eg ser òg ei kråke som lettar frå taket, ein måse som svevar i himmelen, skyene som fer buldrande mot nord. Ro og rørsle i harmonisk samklang.

Men no vil fakultetet ikkje lenger at eg skal ha gleda av ei slik utsikt. For berre eit halvt år etter at vi her har flytta tilbake til bygget og til kontora (etter ei renovering), kjem det melding om at vi skal flytte ned i andre høgda på bygget vi held til i. Ein komite har føreslege at dei institutta som er representerte i komiteen, skal ha beslag på dei øvste høgdene. Merkelege greier. Og merkeleg at ein altså må stresse med å flytte igjen. Igjen må ein pakke alle bøkene, lesesalane må pakkast ned, alle kontormøblar må flyttast, alle samlingar må flyttast. Eit stress utan like. Ein må ned i andre høgda der utsikta er ein grå vegg i eit grått atrium, utan verken ro eller rørsle. Sjølv hadde eg jo tenkt å sitje med utsikt mot Johanneskyrkja til eg gjekk av med pensjon 70 år gamal, men slik skal det tydelegvis ikkje verte.

All denne flyttinga får meg til å tenkje på Richard Sennett. Han skriv om det fleksible mennesket, det som er i stand til å tilpasse seg absolutt alt og å flytte på seg i takt med omskiftingar. Det fleksible mennesket er eit naturleg svar på eit samfunn der alt er i rørsle, der alt flyt, der arbeidsplassar og utdanningsinstitusjonar heile tida må omorganiserast, der dataprogram heile tida må oppgraderast, produkt må kastast fordi nye produkt kjem til etc. Det fleksible mennesket er rasjonelt for eit samfunn som heile tida er under vegs, der folk skal vere usikre og omskiftelege, fordi det gjer dei tilpasningsdyktige, arbeidssame, individualistiske, utan tanke for kollektive motideologiar. Slik vil systemet ha det.

Tilskipingar

Det har vore ein del framifrå tilskipingar i november. Fredag 10. november var det kulturkveld i Gimle med Edvard Hoem, Henning Sommero, Olav Kobbeltveit og Fanny Holmin. Dagen etter var det internasjonal konferanse konferanse på Dragefjellet. Alt i høve 100-årsjubileet til Mållaget. Vi som var der, hadde det svært så bra.

01 november 2006

Halloween

Både katten og betrehalvdelen skvatt då det stod fire skrømtkledde ungar utanfor inngangen. Problemet var sjølvsagt snop - vi forstod at det var det dei var ute etter, men hadde ingenting. Ned i butikken og kjøpe smørbukkarameller og vente på neste ringjepå-gruppe. Sjølvsagt er det fælt med denne amerikaniseringa, men ein vil heller ikkje vere kjip. Freista elles å fortelje den yngre generasjonen, som altså stod utkledd på trappa, at det er fyrst neste sundag det er helgemess.

30 oktober 2006

Hildegunn Dale på Nynorskbar

Example
Torsdag 2. november kl. 19.30 vert det Nynorskbar på Cafe Opera i Bergen, og då skal Hildegunn Dale lese eigne dikt. Det kostar berre 40 kr. å kome inn. Høyrer at masterstudentar på nordisk vil ha "fagøl" i samband med arrangementet, så det er berre å vere tidleg ut, skal ein få med seg Hildegunn Dale lese t.d. at «to steinar slepper inn litt vatn/mellom seg.»

Samkyndym í Føroyum

Støtt innsamlinga av underskrifter til støtte for ei lov imot diskrimering av homofile på Færøyane. Skriv under her.

27 oktober 2006

Katt og lyd

Når eg sit i sofaen i stova, grip eg ofte meg sjølv i å sitje og studere katten. Interessant er det å sjå på korleis han reagerer på lydar. Dei verste lydane kjem tydelegvis frå: a) hardingfele, b) Jan Eggum som syng, c) plystring. Dei beste lydane er: a) namnet på katten, b) knitring frå vedomnen, c) lydar som har med laging av mat å gjere.

26 oktober 2006

Firefox, mac og pc

Eg har sjølvsagt lasta ned Firefox 2.0 som har kome i nynorsk utgåve. (Den kan lastast ned her). Rett nok er der noko språkleg rusk, men elles er eg nøgd så langt. Då eg sende gladmeldinga om den nye versjonen til kollegaer, fekk eg derimot svar om at det ved UiB er forbode å laste ned programvare på eiga hand. Eg ringde it-brukartenesta, og ein såkalla dataekspert sa at eposten min kan forsvinne dersom eg installerer Firefox 2.0. Dette skjøna eg ingenting av, og etter litt fram og tilbake fekk eg så ei presisering: Det er forbode for alle med pc å laste ned eller oppdatere program på eiga hand. (For desse må It-avdelinga teste den nye versjonen, det kan take veker, og det er ikkje sikkert ein gir grønt ljos.) For macbrukarar er det derimot fritt fram!

No er eg sjølvsagt macbrukar, men kva slag liv er det desse pc-brukarane finn seg i? Rimi, lotto, VG og kjøtkaker med stua kål kvar dag?

24 oktober 2006

Wikipedia

Har omsider oppdaga nynorskversjonen av Wikipedia, og har alt vore inne og skrive eit par korte artiklar, t.d. om fagdidaktikk, og redigert litt det som står om frisisk språk. Granska elles det som står om målfolk, og då er verken Gustav Indrebø eller Torleiv Hannaas nemnde, medan somme nolevande er det ikkje måte på kor stor innsats har gjort.

03 oktober 2006

Karaoke-testen

I bygde-Noreg er det som kjent populært med karaoke i heimane. Folk kjøper inn karaoke-program til fjernsynet, og syng i veg ved festlege høve. Men det landet som (ved sida av Japan) har mest karaoke, er jo Finland. Folk som av ulike grunnar buset seg i Finland, må alle opp til karaokemikrofonen og lire av seg nokre katteskrik. Når så utlendingar busett i Finland er i utlandet, må dei sjølvsagt oppsøkje karaokebar på den staden dei er. Slik var det òg i Groningen. Då konferansemiddagen var over, var det eitt ord som kom frå finlendingane: "karaoke". Javel, men kvar? Tja, ein kan no spørje seg føre. Og det gjorde ein. Det viste seg derimot at det ikkje fanst nokon karaokebar i Groningen. 100-vis av kafear og barar, men ingen karaokebar. Vel, vel, men ingenting så gale at det ikkje er godt for noko. For kva slags "høflegheitsstrategiar" er det folk vel når ein spør dei om noko som faktisk ikkje finst? Dette måtte sjølvsagt utnyttast i form av ein reaksjonstest. Fram med notatblokka, og spørje folk. Vårt vesle eksperiment, som tok eit par timar, involverte eit tjuetals personar på nokre gater i Groningen. Vi spurde: "Veit de kvar nærmaste karaokebar er?", og så noterte vi ned reaksjonane etterpå.

Der var tre hovudgrupper av reaksjonar:

1) Vise til stader der ein trur at det finst karaoke. Dette var typisk for respondentar som anten var for unge eller kjende seg for gamle til å ha full oversikt over utelivet. Dei viste til stader der dei gjekk ut frå at ein kunne finne karaoke ("i gata rundt hjørnet"). Vi vart òg vist til plassar der det før faktisk hadde vore karaokebar (men som no var nedlagt) eller der det av og til vart stelt i stand karaokebar i to-tida om natta.
2) Konstatere at det ikkje finst karaokebar i Groningen, og kome med orsakingar for det. Interessante orsakingar var: "vi er alle bønder her oppe i nord", "vi i nederland sit berre og drikk når vi er ute", "der var ein før, men no er den lagt ned". Gjennom slike svar gir respondentane seg sjølve, som del av eit kollektiv, ansvar for mangelen på karaoke-stader.
3) Gi katten. Denne reaksjonen var det berre ei gruppe med utanlandsk opphav som kom med.

Ikkje dei heilt store resultata av dette forsøket, men det viser i alle fall at fleirtalet ikkje berre vil konstatere at der er ein mangel, men òg vil prøve å hjelpe til eller reparere på mangelen ved å kome med orsakingar. Og det fortel ein del positivt om folk.

29 september 2006

Ik ben nu in Groningen

Hausten 1992 var ein kjekk ung mann student i Groningen. No er den framleis kjekke mannen tilbake i Groningen, denne gongen paa konferanse. Ein har halde innlegget sitt, snakka med folk fraa ulike land, snakka med professoren som gav kurs i frisisk (og som framleis har teke vare paa innlegget den unge mannen laga), og gaatt rundt og sett meg om, gatene der ein sykla gjennom, der syklar no andre studentar, susar forbi, i dei gamle syklane som gjer at alle, saerleg kvinnene, ser saa langbeinte ut, og ein minnest og ein minnest. Slik er det, ein kryssar sine spor, moeter seg sjoelv, og ser at eigentleg er det mykje dei same spoersmaala og same problema som jagar gjennom ein.

Vel, ein skilnad er der jo, og den er fraa Osteroy.

20 september 2006

Hipphopp i Volda

Example
Fredag skal eg opptre i Volda saman med frontfiguren i "Side Brok". Eg skal etter planen snakke om språkbruk og tekstar i hipphoppen, men kanskje slår eg til med rapp? Den som møter opp, får sjå. Det heile byrjar kl. 12.30 på Høgskulen (Berte Kanutte-huset, store auditorium). Det står meir om arrangementet "her.

Nordkurs i Stockholm

I helga var det varmerekord i Bergen, og naturlegvis var eg då vekkreist. Eg var i Stockholm på kursleiarkonferanse (Nordkurs). Som alltid ein fin by, sjølv om det var valkamp i gatene. Ekskursjon gjennom funkisbydelar i Bromma, til runesteinar og til Sigtuna, elles var det nordisk gemenskap i song og drykk. Den gamle medstudenten min Hadle Andersen vart forresten ny generalsekretær for Nordkurs; han har elles fast stilling som norsklektor i Helsingfors.

12 september 2006

Nynorsklaget

Det går rykte om at Nynorsklaget hadde årsmøte i Bergen i helga. Ein kan dermed vente nye illsinte lesarbrev om kor urettferdig det var at Liv Ingebrigtsen tapte leiarvalet i 1999.

06 september 2006

Maria Parr på nynorskbar

I morgon, torsdag kl. 19.30, er det nynorskbar på Cafe Opera i Bergen. Der kan du møte Maria Parr, forfattaren av "Vaffelhjarte" og vinnar av "Nynorsk barnelitteraturpris" i år. Maria Parr vil lese høgt for oss. Vel verdt å få med seg.

04 september 2006

Veslemjuk på quechua

Microsoft har kome med Windows på quechua.

Jødan, musliman og nynorskingan

Ja, folkens, så er sumaren over, og det er tid for å blogge igjen.

Ettersom eg av litt kompliserte grunnar er medlem av ei epostliste som kallar seg "Høgnorsklista", og ettersom det på denne lista har kome ein del spesielle innlegg frå ein person der, har eg òg indirekte fått med meg at gode, gamle Lars Bjarne har fått seg ei vevside, Maalmannen. Det som står på denne sida attspeglar hovudresonnementet til ei viss gruppe som før var opptekne av målsak: "israel, israel, israel, alle andre målfolk er nazistar, muslimar, israel, israel, israel, alle andre målfolk er nazistar, israel, israel, israel (osb.)". Det heile verkar noko manisk, og er neppe sunt. Men no ser eg det har kome eit svar til Lars Bjarne i form av ei ny vevside: Maalvaktaren. Dette er heilt genialt frå Lars Bjarne si side. Han isceneset seg sjølv som provokatør, slår i hytt og pine, og får det han er ute etter i form av reaksjonar.

15 juni 2006

Flytting

Så er leilegheita seld. Synfaring på måndag, den varmaste dagen i året, og ikkje så mange som møtte opp. Likevel ville nokon kjøpe leilegheita. Eit par i Stavanger som ikkje var og såg på, men hadde sett det heile på Internett.

Fredag er det overtaking i Lauvstakklia. Så er det snart farvel til utsikt mot Nygårdshøgda på eine sida og mot Puddefjorden og Damsgårdsida på hi sida.

Example

25 mai 2006

Det kostar å flytte

Det er sjølvsagt heilt absurd. Til meklinga for å selje husværet på Møhlenpris går der 100 000 kr. Så går der 65 000 kr. i diverse utgifter til staten for å få nytt husvære. Altså: 165 000 (minst!) i papirarbeid for det å flytte frå ein plass å bu til ein annan. Og så skal det leggjast ny tapet i gamlehusværet og i nye husværet må der nytt kjøkken, ny tapet, stova må tryllast større etc. Glatt 100 000 i dette. Fattar ikkje kvifor eg gjer alt dette når ein sikkert skal flytte endå ein gong om eit par år.

06 mai 2006

Konsert

med KOR E TONEN sundag 7. og måndag 8. mai. Det heile skjer på Fensal kl. 19.30. Songane er: Tourdion, Bruremarsj frå Valsøyfjord, Il est bel et bon, Locus iste, Ho Guro, Ormen Lange, Dalakopen, Eg ser deg, Tikanpolka, Sommarpsalm, Hallingvisa, I will greatly rejoice. Gode og rimelege kaker å ete etterpå. Kom, kom!

Vår på Møhlenpris

Kvart år skjer det same, like brått og uventa, som om ein ikkje skulle tru det ville skje, men så skjer det likevel, våren er her. I løpet av tre dagar er trea grøne, og alt vaknar til livet. Som Lars Amund Vaage skriv i Rubato, våren kjem "med ein smell, med eit blaff, slik er det i Bergen, ein jubel, ei summing, ein ynde i byen, våren kjem i høgt tempo, herjar i oss, rasar ikring oss [...]" 100-vis av folk i Nygårdsparken, bikini og grilldressar. Bauekorps på fotballplassen. Alle mogleg slags folk surrar rundt. Nokre sit på fortauet. Ungane syklar. Hundane spring. Kattane ligg midt på gata.

Møhlenpris er ein bydel som kjem til sin rett når det er vår og sumar. Ei avslappa stemning, på vestsida av Nygårdshøgda. Og altså den bydelen ein skal flytte vekk ifrå. Eg lurer på om det står noko om Møhlenpris på veven, og då finn eg
denne bloggsida med ei rad bilete. Vel verdt å sjå nærmare på. Ein kan elles kike på sida til Møhlenpris velforening. Og ein sjå i leksikon om Jørgen Thormøhlen, han som har gitt Møhlenpris namnet sitt. Då vil ein sjå at setelvesenet i Noreg har basis på Møhlenpris, og at der er samband mellom Møhlenpris og dansk-norsk slavehandel, for Thormøhlen hadde sjølvsagt einerett på handelen på den dansk-norske kolonien St. Thomas.

I dag er Møhlenpris kanskje den mest samansette bydelen i Bergen, sosialt, økonomisk, etnisk, språkleg, og den valkrinsen i Noreg der RV skårar høgast.

02 mai 2006

Ny plass å bu

Example
Ja, så er det snart farvel til Møhlenpris og goddag igjen til solheimsvikområdet. Har nemleg kjøpt ny plass å bu i dag! Den nye adressen vert Lauvstakklia 1 a, og innflyttinga skal skje 15. juni. Det dreier seg om halvparten av ein vertikaldelt tomannsbustad, meir presist den halvparten som er nærmast på biletet. God plass og suveren utsikt. Flaggstang er rett nok eit aber. Her kan ein lese alt om objektet.

26 april 2006

Kvinnemafiaen

Eg slår opp på vevsidene til Noregs Mållag. I dag er der 21 bilete av personar på sida; 19 av desse er bilete av kvinner, to av menn.

Kvalitetssikring av journalistar?

Det er interessant å sjå korleis journalistar kokar suppe på spikar. No har dei eit par dagar skrive at norsk lærarutdanning (på høgskulane!) er for dårleg. Og det kan det i og for seg vere noko i (ein har jo sagt ingenting om universitetet..). Likevel: Kva er grunnlaget til journalistane når dei skriv om saka? Dei som laga artikkel fyrst, var Dagsavisen. I ettertid har journalistane og posørkommentatorane i dei andre avisene stort sett bygd på denne artikkelen. Dagsavisen viser i sin tur til ein NOKUT-rapport. Problemet er berre, som NOKUT sjølv skriv, at sluttrapporten kjem i september i år, medan jo midtvegsrapporten har vore tilgjengeleg sidan september i fjor. Det har kome ingenting "nytt" i saka, slik journalistane vil ha det til. Rett nok har det kome andre rapportar, t.d. ein om norskfaget der det vert føreslege fem-årig lærarutdanning med meir vekt på fag, men det er nokre månader sidan. Det einaste nye som har skjedd den siste tida, er jo at KS vil gjere lærarane til ufaglege funksjonærarar, og at det i tida fram til streikeperioden vil føregå ein mediekamp om sympati. I så måte er utspelet no interessant. Men kanskje nokon kunne gjere ei kvalitetssikring av journalistar?

05 april 2006

Ny Nynorsk bar

Torsdag 6. april kl. 19.30 er det Nynorsk bar på Cafe Opera, andre høgda. Linda Eide kåserer om påska, for snart er det påske. Pris: 40 kr. Tilskipar er Bergen Mållag. Så det er berre å gå. (Spesielt interesserte vil dessutan få vite kven som innstild som ny leiar og ny nestleiar i Noregs Mållag.)

04 april 2006

Vaskemaskin-banning

Den stakkars bussjåføren oppe i Saltdalen skulle reparere vaskemaskina. Sonen tok det heile opp på kassett. Jau, då, mange har høyrt bannskapen tidlegare, men her kjem det heile med ein slags transkripsjon. Nokon bør forresten lage ein betre transkripsjon.

28 mars 2006

Trå

Eg les i Klassekampen at Sarah Kane er "aktuell". Eg kjenner berre til "Crave" av henne, men det er i alle fall eit stykke eg likar, og det kan med fordel lesast på ulike språk og sjåast på ulike teaterscener. "Crave" er omsett til nynorsk av Finn Iunker, og den omsetjinga er framifrå (skal ikkje seie noko om Iunkers private nynorskkonsulent). Tittelen kunne derimot ha vore annleis. Den vart "Må". Finn Iunker smatta på "Trå", men forlaget likte ikkje den tittelen. På tysk er tittelen forresten "Gier", og ein kunne òg ha valt "Gir" på norsk (sjå forresten Fløgstads utgreiing om "GIR" i kp. 4 del 1 i "Det 7. klima"). Men "trå" er betre. Det er meir futt over det å trå etter eigedomen og ektemaken åt nesten sin enn det å gire/vere gira på eigedomen og ektemaken åt nesten sin.

Elleve lausrivne sitat frå den norske omsetjinga:
- Eg har feika orgasme før, men dette er første gong eg har feika ikkje å få orgasme.
- Når han er raus, vennleg, omsorgsfull og glad, veit eg at han er utru.
- Det som bind meg til deg er skuld.
- Du er ikkje eit dårleg menneske, du berre tenkjer for mykje.
- Eg såra henne, er ikkje det nok?
- Høyrer du nokon gong stemmer? Berre når dei snakkar til meg.
- Sigarettane drep meg ikkje fort nok.
- Det er som å vente på å håret skal gro.
- Eg drikk ikkje. Eg hatar røyking. Eg er vegetarianar. Eg driv ikkje og køddar. Eg har aldri kjøpt meg hore, og eg har aldri hatt smittsame sjukdomar bortsett frå litt sopp. Dette har nok gjort meg til ein sjeldan fugl, for ikkje å seie eit unikum.
- Eg vil ikkje døy einsam og ikkje bli funnen før skjelettet er reint og leiga gått ut.
- Vi elska, så kasta ho opp.

24 mars 2006

Kryptisk song og spel for galleriet

Folkemusikk-konsert i kveld, fredag 24. mars, kl. 19.30 i Galleri Gathe, Strandgt. 86 (Gågata). Utøvarane: Eirin Røykenes (song), Anne Murstad (song) og Ingvild Kleiveland Vevle (hardingfele). Inngang kr. 80, og dørene opnar kl. 19. Ein får kjøpe både øl og vin, og kan elles sjå på utstillinga av Janine Magelsen og Lise Bjørne. Så her er det berre å kome seg på konsert.

22 mars 2006

Livet i revy

Kvar gong eg slår av og så slår på att PowerBooken min, vert datoane "nulla", dvs. eg endar alltid opp med 1. januar 1970. Spør meg ikkje kvifor. Sender eg då epost får ebrevet sendardato 1. januar 1970. Lite lurt. Når eg så klikkar på tasten for å nå 2006 ser eg alle årstala, 1971, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976, 1977, 1978, 1979, 1980, 1981, 1982 osv. rulle forbi. Og det er nett som livet rullar forbi. Kva skjeddde desse åra? Kva har eg fått gjort på denne tida? Er eg verkeleg så gamal? Slik vert eg sitjande og fundere kvar gong eg slår på Power-Booken.

18 mars 2006

Retorikk utan engasjement

Arbeidarpartiet har laga eit grundig notat for korleis ein skal møte FrP. Notatet kan lesast i Aftenposten, for ein klarte å feilsende notatet til ein FrP-politikar. Eigentleg mykje interessant i notatet. (Minner forresten litt om fraksjonsnotata frå mållagslandsmøtet 1999 [dei vi reine fekk sjå i forfjor].) Problemet er meir at forfattaren, 1. amanuensis Jens E. Kjeldsen, jo gir seg ut for å vere "nøytral retorikkekspert". Kjeldsen driv på den eine sida, ved sida av universitetsstillinga, eit selskap som bl.a. får pengar frå Arbeidarpartiet for å gjere retorikken deira betre. Dinest får han pengar frå aviser for å vurdere t.d. Arbeidarpartiet sin retorikk. I notatet skriv Kjeldsen om korleis Stoltenberg skal få Siv Jensen til å verke sur. Deretter gir han dommar i Aftenposten og BT om ordskifte mellom Stoltenberg og Siv Jensen, og seier der at Jensen verka sur.

Vel så interessant er det Kjeldsen seier til Bergens Tidende i dag: "Eg har ikkje noko politisk engasjement". Vidare: "Eg har berre utført eit oppdrag. Eg har uttala meg om faget mitt." Herrejeremias. Det er fantastisk at ein oppegåande person som uttalar seg om samfunsspørsmål kan fråskrive seg sitt eige ansvar som samfunnsaktør. At han så seier at han jamvel vil ha kurs for Unge Høgre, får meg til å lure. Kjeldsen driv her, til liks med sofistane i si tid, anvendt retorikk (til dei som kan betale). Det er ikkje noko gale med det (jamvel om universitetsfolk ikkje skal drive business). Problemet vert meir mangelen på medvit og sjølvrefleksjon. "Berre eit oppdrag". Som om det ein gjer har ingen politiske implikasjonar. Og kvifor berre fokusere på den forma for retorikk som er instrumentell? På den retorikken som gjer den strategiske handlinga til mønster for talen? Det var nettopp den same fella sofistane gjekk i (og som Platon skriv om i "Gorgias"). Det var retorikk utan engasjement, utan medvit og utan kritisk potensiale.

17 mars 2006

E-søknad

I dag skulle eg sende inn ein prosjektsøknad til eit program i Forskingsrådet, praksisretta FOU i grunnopplæring og lærarutdanning/. Vi er ein gjeng på HF som har kokt i hop noko vi søkjer litt "prosjektutviklingsmidlar" til, det heiter "Strategiar for språkkompetanse", og eg skal stå som leiar. Problemet er at Forskingsrådet berre vil ha elektroniske søknader, e-søknader, og sjølvsagt klussa alt seg rett før 12 då fristen gjekk ut. Vi var ikkje ferdige før, men då byrja alt å gli på plass, klokka var fem på tolv, alt verka greitt, men så kom ikkje søknaden seg av garde. Feilmelding, men inga spesifisering. Og då klokka vart 12, låste alt seg. - Ein tidsfrist er ein tidsfrist, seier systemet. - Etter den slettar eg alt, held systemet fram. Så alt det med budsjett, milepålar, den ti siders prosjektskildringar, dei mange møta gjennom fleire veker – er alt dette forgjeves? Kanskje like godt. Får sjå kva dei seier på måndag. Lagnaden avgjer.

13 mars 2006

Typisk oslosk

Ei lang kor-helg. Omsider sundagskveld, og eg set meg ned og kveikjer fjernsynsapparatet. Jammen santen så er det ikkje "Typisk norsk". Men det er ikkje mykje eg får sjå. Arne Torp på Island får eg med meg. Men når denne Petter-kvikkasen skal kjekke seg med målstriden, vert sambuaren så arg at eg ikkje ser anna råd enn å sløkkje fjernsynet før ho kastar det ut av vindauget.

10 mars 2006

Nynorsk i BA

Torsdagsmorgonen hadde Bergen Målungdom aksjon utanfor redaksjonen til Bergensavisen – for nynorsk i BA. Eit framifrå tiltak! Skriv under her. Ordskifte med heilt uhyrlege utsegner finn du her. Nokre smakebitar:

• "Nynorsk er et facsistisk lavkastesystem for striler og ferdig med den saken."
• "snart skal vel BA trykkes på muslimsk også...eller hva med svensk , ??Mål laget kan vel trykke sin egen avis siden det visstnok skal være så stor intersse.."
• "Det siste vi trenger er en Bergensavis på grautmål. Nynorskfanatikere som søker å nynorskifisere Bergen befinner seg i feil by. Reis til Telemark!!!"
• "Ka i svarte e det folk tenker me???En eller annen tulling som har klart å finne på at vi BERGENSERE skal ha mer nynork må jo vere helt tett i pappen. Vi e jo BERGENSERE... Vi har vår egen dialekt og egen måte å skrive på."
• "Til HELVETE MED IVAR AASEN. Nynorsk skaper forvirring og forurenser språket.La bøndende fortsette å skrive nynorsk, men la det være valgfritt."

For ordens skuld: Eg ser der er fleire gode innlegg for nynorsk òg.

08 mars 2006

Matriarkatet

- Skal vi ikkje gå ein tur? spør den betre halvdelen. - Gå du, svarar eg. For i dag er det tryggast å halde seg innandørs. Som nemnt i 10000000 avisartiklar og 100000 bøker er dagens feministar kåte, og er det noko eg vil unngå, så er det å verte krafsa på når eg går ut. Eg er nok ikkje åleine om det. Det er vorte heilt normalt at kjekke nestenunge menn held seg vekke frå offentlege stader, av di ein vil unngå sexpress.

Noregs Mållag på tysk

I visse miljø diskuterer ein kva Noregs Mållag kan heite på tysk. Aktuelle alternativ så langt:
• Norwegische Sprachgesellschaft
• Gesellschaft für die norwegische Sprache
• Norwegischer Sprachverband
• Norwegischer Sprachverbund
• Norwegische Organsation für Neunorwegisch
• Sprachgesellschaft Norwegens

Eg held ein knapp på "Norwegische Sprachgesellschaft". På engelsk er forresten nemninga Norwegian Language Society.

07 mars 2006

Pengar å tene på blogging

Jill Walker har fått 100 000 kroner frå UiB for blogg-sida si, jill/txt. Ho har nemleg vunne ein formidlingspris frå Meltzerfondet, skriv På Høyden, UiB si vevavis. Ikkje verst! Der er altså pengar å tene på blogging. Det viktigaste er likevel at blogging får status som forskingsformidling. For å gjentake meg sjølv: Ikkje verst! Så er då òg bloggane vår tids "Eige forlag". Eg les elles at Jill Walker er tilsett ved Seksjon for humanistisk informatikk. Det faget som i dag heiter "humanistisk informatikk" heitte forresten tidlegare "EDB for humanistar". Eg hugsar ein gong på 1990-talet, det var nokre realfagsfolk som lo så fælt av det namnet; dei lurte på om det ikkje òg fanst "EDB for kristne". Men slike dårlege vitsar får dei ikkje høve til å kome med i dag.

Stemmegrupper i kor

I eit blandakor er der visse spenningar mellom dei fire hovudstemmegruppene: bass, tenor, alt og sopran. For når ein går inn i ei stemmegruppe, går ein òg inn i visse roller, og desse rollene kan ein lese om her. Det ser kanskje litt teitt ut det som står der, men det er nok korrekt. Det gjeld vel òg det poenget om at sopranane er dåneferdige når dei høyrer tenoren, men likevel endar opp med å fylgje bassen heim. Dei råda ein finn her, kan derimot ikkje tilrådast.

02 mars 2006

Ane Dahl Torp

Example

Filmen "Gymnaslærer Pedersen" burde vel ha heitt "Nina Skåtøy". I alle fall er det ikkje mogleg å lese noko om filmen utan å lese om Ane Dahl Torp. Klassekampen merkar seg ut med å ha bilete av Ane Dahl Torp på framsida stort sett kvar dag. Dei dagane ho ikkje er på framsida, er ho inne i avisa. Ingenting gale i det. Pedersen er ein Serenus Zeitblom-figur som bør få sleppe mediemerksemd (jamvel om han i filmen fyrst og fremst er gjort til ein grabukk). Medan Skåtøy er den eldfulle (fantastsida er mindre kommunisert i filmen), og eldfulle kvinner gjer seg nok betre i media. Det kan diskuterast om den eldfulle sida er overkommunisert i filmen, t.d. i elskovscena (ein vossahistorikar meiner t.d. det i Dag og Tid), men den diskusjonen tek vi ikkje her.

Også denne vevsida tek med eit bilete av Ane Dahl Torp. Det er frå rolla som Nancy Drew i Radioteatret. Kvifor ho skal ha den frisyren og det kostymet for å spele i Radioteatret, er uklårt.

01 mars 2006

Seng og bøker

Det er ikkje for å skryte, men senga brotna.

Det var dei småe pilarane i midtstanga på sengebotnen som brotna. Eg hoppa opp i senga, som eg av og til gjer, og så kom der eit brak og alt rausa ned. Dramatisk var det, og naboane tenkte vel sitt. Men ingen kom til skade, og det viste seg at sengebotnen ikkje vart øydelagd, berre litt benda. Seljaren på Bohus sa i telefonen at slik går det når ein ikkje kjøper seng til 10 000 kr; han føreslo at ein legg bøker under, så held senga. Så etter ei natt på golvet, vart det i går lagt ein del bøker under midtstanga, og så la huslyden seg til for å sove. Det var vel ikkje fritt føre at ein gjorde seg sine tankar om kor vidt bøkene ville gli unna. Og medan ein låg og tenkte på slikt, var natta brått over, ein ny dag hadde kome, og det var på tide å stå opp.

23 februar 2006

Nynorsk f-prat

For nokre dagar sidan skreiv eg litt om kvinnekroppen. Og malapropos så dukka det nett no opp eit ebrev med informasjon om eit møte der ein skal prate om ein kvinneleg kroppsdel. Redaktøren i Syn og Segn skriv:

"Kva ligg i ordet FITTE og kva veit eigentleg kvinner om det dei har mellom beina?

Kan kvinner skrive like utfordrande som menn, uten å verta sett på som «kåte», «erotiske» eller sett i andre tilsvarande trange båser? Er det spekulativt når kvinner nyttar sex i sine tekstar, men ikkje når menn gjer det? Er unge kvinner meir frigjorte seksuelt og er Dagbladet Fredag si sexspalte på fredag eit bevis på det?

VELKOMMEN TIL FITTEPRAT PÅ LOGEN 7. MARS
med forfattarane Olaug Nilsen, Gunnhild Øyehaug, Ragnfrid Trohaug, Gro Jørstad Nlsen, Tormod Haugland, Ellen Mortensen (litteraturvitar), Kristina Johannessen (gynekolog). Musikk: Fanny Holmin og Dj Barabass"

Sjølv interesserer eg meg verken for Dagbladet si sexspalte, Syn og Segn eller kva norske kvinner veit om det dei har mellom beina, og eg skjønar heller ikkje dei småborgarlege greiene om vilje skrive om sex, men har angst for å verte stempla som ‘kåte’. Eg vil oppmode norske kvinner i visse lag og visse aldersgrupper om å halde sine heilt private oppdagingar av sin eigen kropp for seg sjølv. Eller å fokusere på meir sentrale kroppsdelar, t.d. navlen.

21 februar 2006

Kor e tonen

Har omsider byrja i kor – Kor e tonen/.

Verkar bra og hyggeleg. Øving kvar måndag.

17 februar 2006

Kvinnekroppen og skriving

Kvifor har skrivande kvinner det enorme fokuset på kroppen sin? Tenåringsjenter skriv innlevande stilar om anoreksi og motejag, når dei vert midt i tjueåra og midt i tredveåra skriv dei romanar og bloggar om seksuallivet sitt og om ulike kroppsdelar. Eg skjønar ikkje denne interessa. Den er no ein gong der, kroppen. Som Ivar Medaas song: Du skal vera glad for den nasen du har, sjølv om han er både krokut og rar.

Dei som skriv så mykje om kroppen, er jo unge, pene akademiske kvinner frå mellomlaga i samfunnet, og det er fåe som er så kroppsfokuserte (og sjølvsentrerte) som dei (unntaket når det gjeld sjølvsentrering er vel nestenunge akademiske menn + visse 50-60-årige menn i målrørsla, men dei held vi utanfor no). Samtidig trur eg den kroppsfokuseringa og sjølvsentreringa åt dei nemnde kvinnene ikkje berre heng saman med denne sosiologiske gruppa sine eigne frustrasjonar, men òg med skulen. Skulen gir gjennom si skriving systematisk jenter fordelar, av di norsk skrivepedagogikk er så gjennomsyra av det forteljande, det personlege, det autentiske. I alle fall er det mykje interessant å hente ut frå ein del nye systematiseringar omkring skriving i skulen (t.d. frå KAL-prosjektet og frå PISA-undersøkinga). I KAL-prosjektet vert det vist til korleis skriveopplæringa neglisjerer gutane sine interesser, røynsler og verdiar, og oppmuntrer jentene sine. Eg har lufta dette for studentane, men dei viser til at professorane er menn, og at eg ikkje har noko med å snakke om undertrykking av menn i skulen. Dette er noko eg vil kome tilbake til.

09 februar 2006

Eigedomsmekling på nynorsk

Å vere på bustadjakt, er traurige greier – leite på nettet, fare på synfaring, tid, tid, tid, nesten like tidkrevjande som møta på universitetet. Interessant då at det faktisk finst prospekt frå meklarfirma som er på nynorsk. Det er tale om bergenskontoret til Re/Max som har bustadprospekt på nynorsk og der jamvel to av meklarane bruker nynorsk på heimesidene sine. Då eg spurde etter takst på eit husvære, fekk eg forresten ebrev som vart avslutta med "vyrdsamt". Dette er noko heilt anna enn det desse kriminelle dyslektikarane på Notar byr på.

Re/Max er eit internasjonalt konsern, så det er heilt rett av målrørsla med ei internasjonal satsing.

07 februar 2006

Kampen mot dansken

Example
Die westlichen Demokratien sind dekadent, og målfolk er blant dei mest dekadente. Såleis er det folk i heilt andre delar av verda som fører kampen mot dansken.

Men kanskje finst der von. Skal ein tru det den urbane Syn og Segn-redaktøren visstnok har sagt (på fjernsyn) om Hamas i målrørsla, bør der vere grunnlag for nye og interessante alliansar.

06 februar 2006

Saman

Example

Det er samisk nasjonaldag i dag. Vi gratulerer, og nyttar høvet til å vise til Trond Trosterud si vevside om samisk på data.

Farlege måltroll

Det var ei forvitneleg hundreårsmarkering i Kristiania i helga. Slike feiringar får fram mykje god galskap, og ein reiser heim glad og nøgd. Men som Einar Økland med rette seier det, ein bør vere kritisk til slike feiringar, ja, ein bør vere kritisk til alt Mållaget gjer og ikkje gjer. Difor var det litt òg på sin plass med diktet G. Harildstad nett har sendt ut på ei epostliste. Det er tale om ei fri omdikting av "Farleg vind" av Tarjei Vesaas. Omdiktinga er til Mållag Noregs ved hundreårsleitet:

Farlege måltroll

Måltrolla blæs og borar.
Gamle måltroll dansar.
Gamle måltroll knirkar.

Men gamle måltroll blir
nye og farlege
i den unge vind.

= = = =
Originalen

Tarjei Vesaas:

Farleg vind

Vinden blæs og borar.
Gammalt lauv dansar.
Gamle dører knirkar.

Men gamle tankar blir
nye og farlege
i den unge vind.

31 januar 2006

VG gratulerer

I dag vert Mållaget gratulert på leiarplass i VG. Avisa gratulerer Mållaget med 100 års arbeid for nynorsk. Rett nok er det tale om ein minileiar, men likevel. Ein minileiar er betre enn ingen leiar. Ein får tru at dette er fyrste steget på veg mot nynorsk i spaltene.

Pasienten forstår ingenting

Aftenposten Aften dekkjer kulturlivet i Oslo. Ein viktig del av det kulturlivet er russerevyar, og i meldinga av Ulsrudrevyen les vi dette: "Det er mye gråstein i «Golddiggers» men enkelte ganger finner Ulsrud- elevene glansnumrene de leter etter. Som når Iyoel Tasfadi i sketsjen «Indisk lege» spiller nettopp en indisk lege som er pålagt å snakke nynorsk til pasienten under hele konsultasjonen. Som du sikkert allerede har skjønt: pasienten forstår overhodet ingenting."

18 januar 2006

Forskefusk

Denne lækjaren ved Radiumshospitalet har gjort det verste ein forskar kan gjere: fuske. Ei ekstrem form for doping kallar nokon det. Sant nok. For det er resultata som tel, resultat i dei fremste tidsskrift, helst dei i gruppe 2 – på den måten kan ein ikkje berre få prestisje, men også stillingar, forskingspengar og tid til å forske endå meir. Og dersom ein ikkje publiserer, går det ein ille. Fuskesaka illustrerer dessutan dette med autoritet gjennom namn og ikkje gjennom sak og argument. Det er viktig å ha autoritetar med på forfattarlista, og det gir makt å takke den og den autoriteten for hjelp. Forfattarnamna og tidsskriftnamnet gir meir autoritet enn kva som faktisk vert skrive. For ein forskar har jo ikkje tid til å lese kva som faktisk står i artiklane. (Ja, det er dei i akademia som seier at ein kan berre take seg tid til å lese innleiinga og konklusjonen i artiklar; alt som ikkje vert presentert der skal berre fungere som dokumentasjon. Akk.)

Men ei puristside må ha fokus på det språklege. Poenget vårt i dag er at avisene skriv om "forskingsfusk", men heller burde ha skrive om "forskefusk" slik at vi fekk ein god ordgranne til ordet "fiskefusk". Det kling nemleg betre lydleg med "forskefusk" enn "forskingsfusk". (Rett nok tyder mykje på at ordgrannen "fiskefusk" har "fiske" som substantiv og ikkje som verb, slik jo "forske" i "forskefusk" fungerer, men det er det ikkje så farleg med.)

16 januar 2006

Seminarisme og skuld

I dei tre fyrste månadene av i år skal eg ha fire opphald på Solstrand konferansesenter i Os, og eg er no godt i gang med opphald nummer to, vart berre avbroten av helga. Har i dag snakka om det å skrive doktoravhandling - om korleis skriveprosessen endrar seg etter kvart – for ein flokk oppegåande doktorgradskandidatar. Det heile er ein del av Forskarskulen ved HF-fakultetet i Bergen. Nyttig og greitt altså.

Dette med å vere på Solstrand gir jo eit løft, for maten og spa-avdelinga er ikkje så verst, og det er fint å sjå soloppgangen frå vindauga.

På seminaret vart det i dag snakka mykje om den skuldkjensla ein har, alle som driv med forsking. Skuldkjensla sit djupt i kulturen, og særs djupt sit ho hjå forskande vestlendingar. Sjølv om slike folk sit på kontoret til to om natta for å løyse opp ein tekstfloke, har ein skuldkjensle for alt som ikkje vert gjort, og ein vaknar sveitt om morgonen og tenkjer på alt ein skulle ha levert.

Difor fortener ein litt ok tilhøve av og til, jamvel om ein av legning er protestant, pietisk og purist.

04 januar 2006

Die fetten Jahre sind vorbei

Berlinopphaldet er forlengst over. Farvel Kreuzberg, Dieffenbachstrasse med grønsakhandlar frå Tyrkia, avishandlartvillingar frå Romania, hippe kafear og bakeri. No sit ein på eit universitetskontor og stirrar ut vindauget. Ute regnar det.

Ikkje for det – det er nok å gjere, uhyre mykje, faktisk, samstundes har ein det ikkje så verst der ein sit i fast stilling. Den skal eg naturlegvis sitje i til eg vert 70.

Logikken i ei slik fyrstemanauensisstilling er å unngå dei mest håplause pliktene, og å publisere, publisere, publisere i tidsskrift av typen nivå 2, slik at ein kan verte professor før ein er 40. Problemet er naturlegvis at undervisninga, rettleiinga og all administrering tek så mykje tid at ein knapt får høve til å skrive artiklar, dvs. ein må gjere det på kveldstid og i helgar, slik ein arbeidde som stipendiat, men det er ikkje så lett når ein òg skal vere sosial i heimen. Dermed vil ein gå rundt med dårleg sjølvbilete, stive skuldrar, verte utbrend og må sjukmelde seg. I alle fall dersom ein fylgjer det etablerte mønsteret.

Så det var nok mykje enklare å vere stipendiat, likevel.