08 februar 2016

Høgskulen i Volda og partnerskapsmodellar

Strukturspørsmålet er det som opptek høgskulane på Vestlandet for tida. Kva så med Høgskulen i Volda? Etter at KD som venta gav negativ tilbakemelding til ideane om "allianse" med Høgskolen i Molde og Høgskolen i Lillehammer, må HVO lage ein ny plan. Det er grunn til å tru at det å stå åleine utan eit forpliktande partnerskap med andre institusjonar vil vere uråd pga. ulike kvalifikasjonskrav. 

A. Utgangspunktet 
For HVO er det rimeleg å tenkje seg at dette er ei grei situasjonsskildring:  

A1. Vil ikkje vere i lag med HiB (Høgskolen i Bergen) i ein storfusjon
A2. Kan tenkje seg eit forhold til HiSF (Høgskulen i Sogn og Fjordane)
A3. Kan tenkje seg eit forhold til UiB (Universitetet i Bergen)

Det er med andre ord to andre institusjonar som er aktuelle for HVO, nemleg HisF og UiB. Kva inneber så det? 

B. Ei vurdering av moglege partnerar. 
Lat oss då vurdere dei to moglege partnerane til HVO, og kva dei tenkjer om seg sjølve. 

B1. UiB vil ha eit fagleg forhold til HVO, og spesifiserer det. 
B2 UiB ser ikkje vekk frå eit forhold til HISF, utan å spesifisere det
B3 UiB vil gjerne samarbeide med HiB, men ikkje slå seg saman. Elles følgjer ein høfleg med på fusjonsprosessane.
B4 HisF lurer på om ein skal fusjonere med HiB og HSH til ein storfusjon.
B5  HiSF vil samtidig ha eit forhold til HVO, kanskje til og med i staden for HiB og HSH. 
B6 HiSF vil samtidig ha eit forhold til UiB

Det er altså opningar både overfor HiSF og UiB, dersom HVO ønskjer det. Ved HiSF er der kanskje litt ulike syn blant dei som driv med sjukepleie og dei som driv med lærarutdanning, men for den sistnemnde gruppa er det grunn til å tru at HVO er vel så attraktiv som HiB.

C. Moglege løysingar
Vi står dermed igjen med desse aktuelle løysingane.

1. HVO fusjonerer med HiSF. Vurdering: Regionalpolitisk logisk løysing. Fagleg er ein då ikkje heilt i mål, men den strategiske satsinga som ein då vil få på lærarutdanning, nynorsk og regionalt samarbeid er ganske viktig. Det vil vere ope for samarbeid med UiB på dei områda som ein har laga planar om.

2. HVO fusjonerer med UiB. Vurdering: HVO og UiB har felles faglege interesser, og HVO vil truleg bli mindre sentralstyrt av eit klassisk universitet enn av ein ærgjerrig, men fattig storhøgskule som må blinke ut strategiske satsingsområde. HVO må i så tilfellet vere den som er aktiv for å få dette til. (Ein fusjon som inkluderer HiSF, HVO og UiB er lite aktuell, bl.a. fordi HiB vil oppfatte det som intervenering i "sin" prosess.)

3. HVO står åleine, men med avtale om partnerskap med UiB (evt. med HiSF). Vurdering: Partnerskap med UiB er det mest realistiske valet dersom ein skal halde på sjølvstende. Nemninga «partnerskap» må tolkast som tettare forhold enn «allianse» (og ikkje berre som «partnerskap for fred»).