31 januar 2006

VG gratulerer

I dag vert Mållaget gratulert på leiarplass i VG. Avisa gratulerer Mållaget med 100 års arbeid for nynorsk. Rett nok er det tale om ein minileiar, men likevel. Ein minileiar er betre enn ingen leiar. Ein får tru at dette er fyrste steget på veg mot nynorsk i spaltene.

Pasienten forstår ingenting

Aftenposten Aften dekkjer kulturlivet i Oslo. Ein viktig del av det kulturlivet er russerevyar, og i meldinga av Ulsrudrevyen les vi dette: "Det er mye gråstein i «Golddiggers» men enkelte ganger finner Ulsrud- elevene glansnumrene de leter etter. Som når Iyoel Tasfadi i sketsjen «Indisk lege» spiller nettopp en indisk lege som er pålagt å snakke nynorsk til pasienten under hele konsultasjonen. Som du sikkert allerede har skjønt: pasienten forstår overhodet ingenting."

18 januar 2006

Forskefusk

Denne lækjaren ved Radiumshospitalet har gjort det verste ein forskar kan gjere: fuske. Ei ekstrem form for doping kallar nokon det. Sant nok. For det er resultata som tel, resultat i dei fremste tidsskrift, helst dei i gruppe 2 – på den måten kan ein ikkje berre få prestisje, men også stillingar, forskingspengar og tid til å forske endå meir. Og dersom ein ikkje publiserer, går det ein ille. Fuskesaka illustrerer dessutan dette med autoritet gjennom namn og ikkje gjennom sak og argument. Det er viktig å ha autoritetar med på forfattarlista, og det gir makt å takke den og den autoriteten for hjelp. Forfattarnamna og tidsskriftnamnet gir meir autoritet enn kva som faktisk vert skrive. For ein forskar har jo ikkje tid til å lese kva som faktisk står i artiklane. (Ja, det er dei i akademia som seier at ein kan berre take seg tid til å lese innleiinga og konklusjonen i artiklar; alt som ikkje vert presentert der skal berre fungere som dokumentasjon. Akk.)

Men ei puristside må ha fokus på det språklege. Poenget vårt i dag er at avisene skriv om "forskingsfusk", men heller burde ha skrive om "forskefusk" slik at vi fekk ein god ordgranne til ordet "fiskefusk". Det kling nemleg betre lydleg med "forskefusk" enn "forskingsfusk". (Rett nok tyder mykje på at ordgrannen "fiskefusk" har "fiske" som substantiv og ikkje som verb, slik jo "forske" i "forskefusk" fungerer, men det er det ikkje så farleg med.)

16 januar 2006

Seminarisme og skuld

I dei tre fyrste månadene av i år skal eg ha fire opphald på Solstrand konferansesenter i Os, og eg er no godt i gang med opphald nummer to, vart berre avbroten av helga. Har i dag snakka om det å skrive doktoravhandling - om korleis skriveprosessen endrar seg etter kvart – for ein flokk oppegåande doktorgradskandidatar. Det heile er ein del av Forskarskulen ved HF-fakultetet i Bergen. Nyttig og greitt altså.

Dette med å vere på Solstrand gir jo eit løft, for maten og spa-avdelinga er ikkje så verst, og det er fint å sjå soloppgangen frå vindauga.

På seminaret vart det i dag snakka mykje om den skuldkjensla ein har, alle som driv med forsking. Skuldkjensla sit djupt i kulturen, og særs djupt sit ho hjå forskande vestlendingar. Sjølv om slike folk sit på kontoret til to om natta for å løyse opp ein tekstfloke, har ein skuldkjensle for alt som ikkje vert gjort, og ein vaknar sveitt om morgonen og tenkjer på alt ein skulle ha levert.

Difor fortener ein litt ok tilhøve av og til, jamvel om ein av legning er protestant, pietisk og purist.

04 januar 2006

Die fetten Jahre sind vorbei

Berlinopphaldet er forlengst over. Farvel Kreuzberg, Dieffenbachstrasse med grønsakhandlar frå Tyrkia, avishandlartvillingar frå Romania, hippe kafear og bakeri. No sit ein på eit universitetskontor og stirrar ut vindauget. Ute regnar det.

Ikkje for det – det er nok å gjere, uhyre mykje, faktisk, samstundes har ein det ikkje så verst der ein sit i fast stilling. Den skal eg naturlegvis sitje i til eg vert 70.

Logikken i ei slik fyrstemanauensisstilling er å unngå dei mest håplause pliktene, og å publisere, publisere, publisere i tidsskrift av typen nivå 2, slik at ein kan verte professor før ein er 40. Problemet er naturlegvis at undervisninga, rettleiinga og all administrering tek så mykje tid at ein knapt får høve til å skrive artiklar, dvs. ein må gjere det på kveldstid og i helgar, slik ein arbeidde som stipendiat, men det er ikkje så lett når ein òg skal vere sosial i heimen. Dermed vil ein gå rundt med dårleg sjølvbilete, stive skuldrar, verte utbrend og må sjukmelde seg. I alle fall dersom ein fylgjer det etablerte mønsteret.

Så det var nok mykje enklare å vere stipendiat, likevel.