30 april 2007

Etter eit landsmøte

- Korleis likar du deg i Stjørdalen, då? var det ein som spurde på landsmøtehotellet, seint på laurdagskvelden. Eg måtte vedgå at eg vel ikkje hadde vore utanfor hotellet sidan eg kom dit på fredagen. Ein kunne naturlegvis ha gått til jarnbanestasjonen, Hell station, som amerikanske turistar valfartar til, for å verte tekne bilete av (opptekne som dei er av evig liv og fortaping), eller til den næraste grannen, det tungt sosialrealistiske Hell kjøpesenter. Frå ein altan i åttande etasje ser ein eit flott kulturlandskap, så det er sikkert verdt å sjå seg rundt her, sjølv om trøndarane har gjort sitt beste for å unngå å skape eit slikt inntrykk nett her. Men ein ville no ikkje gå glipp av noko heller, for ein vil jo vere der målfolk er, og det var inne i hotellet. Likevel har ein tydelegvis gått glipp av noko. For når eg les avisene i dag, eller ser på veven, er tydelegvis halve varalista tungt inne i styret.

På landsmøtet fekk svartkorpsmetall-bandet An10 Boyband stipend, og her kan du lytte på låta "Meininga med livet".

25 april 2007

Lyndon B. Johnson

Målrørsla sin nye strategi er visstnok å tenkje om FrP som Lyndon B. Johnson tenkte om FBI-bossen Edgar J. Hoover: "It's probably better to have him inside the tent pissing out, than outside the tent pissing in." Vel, vel, han om det. Sjølv meiner eg det kan vere verdt å tenkje i høve til ei anna setning frå eks-presidenten: "If two men agree on everything, you may be sure that one of them is doing the thinking."

24 april 2007

100 år med sidemål

Example
(Døme på sidemål.)
Heise flagget i morgon? Ja, kvifor ikkje, det er nemleg tale om ein 100-årsdag. Den 25. april 1907 vedtok Odelstinget, etter eit ordskifte som tok til 23. april, å innføre sidemålet i gymnaset.

22 april 2007

Berlin og postmodernismen

Tilbake i Berlin. Denne gongen på helgatur, som turistar. Det fyrste ein gjorde, etter å ha teke bana frå Schønefeld-flyplassen, var å finne hotellet, dvs. Hotel-Pension Funk i Fasanenstrasse, rett ved Ku´dam. Ikkje så verst val; jugendstil, høgt under taket, flotte raude roser i tapeten som matsjar skjørtet sambuaren skaffa seg. Den danske stumfilstjerna Asta Nielsen budde forresten i husværet i 1931–37, og ein kunne studere bilete av henne i korridoren eller den stilige matstova. Elles er jo ikkje Ku´dam det mest interessante området å vere i når ein ikkje er så kjøpegal. Og når Hedda Gabler på Schaubühne am Lehniner Platz (i Ku´dam) var utseld, kva skulle ein då finne på? Såleis vart Mitte og Prenzlauer Berg meir frekventert. Ein liten tur til Kreuzberg og Dieffenbachstrasse, der ein budde hausten 2005, vart det òg tid til. I Kreuzberg har tida tida stille. Det var som om ein berre var vekke ein times tid og så kom tilbake, for dei same folka var der og gjorde nett det same dei gjorde sist. Hyggeleg nok det, og det var avslappande på utekafe under lauvtre, medan ein las i "Herr Lehmann" (Sven Regener). Men der kom ei snikande kjensle av at oppheldt ein seg her lenger, kom ein til å gå i eitt med det stillegåande. Det var på tide å gå vidare.

I Deutsches Historisches Museum vart to utstillingar vitja: ei om daglegliv i DDR og ei om kunst og propagande i strid mellom statar 1930–45. I den siste utstillinga vart utviklinga i Italia, Tyskland, Sovjetunionen og USA sett opp mot kvarandre. Men desse regima er jo ikkje jamførbare. Roosevelt er ikkje som Stalin, Hitler eller Missolini. "New Deal" gav jo nettopp rom for t.d. mangfald i kulturlivet gjennom å subsidiere kunstnarar. Naturlegvis var der eit propagandaelement i "New Deal", men det vert heilt feil å jamføre det elementet med fascismen. Samtidig gir ei slik utstilling støtte til den ideologiproduksjonen som rår i Bush-USA, nemleg at ideologien om at "New Deal" og velferdspolitikk er lik fascisme. Det illustrerer i sin tur problemet med postmodernistisk historiepedagogikk og postmodernismen generelt.

10 april 2007

Ein dag ekstra

Hastar grytidleg av garde. Plan: Førelesing som ikkje er heilt klar enno, møte i eit utval, tre studentar som skal ha rettleiing. Røyndomen etter påskekrimmen er brutal.

Men i auditoriet er der ingen. Absolutt tomt. Er eg i rett rom? Kanskje det skal vere i Vektergården? tenkjer eg, klok av skade. Har enno fem minutt, spring tilbake til kontoret for å sjekke. Ja, det er rett rom, etter mine planar, men er dei planane rette? Går ein gong til, møter ein student i korridoren. Har ho tenkt å skofte? Eg spør: - Ja, det er i auditorium N? Ho ser spørjande på meg.- Det er jo ikkje førelesing i dag. Jau, onsdag 11, står det på planane. Ho forklarer meg at det er i morgon som er den 11. april. Eg trudde altså det var onsdag i dag, men så er det berre tysdag.

Ein dag ekstra. Ein dag eg trudde var forsvunne i påskedragsuget. Brått er han her, uventa.

04 april 2007

Hytteboka

Gå langsmed vatnet, forbi sel, gjennom myrar, over elvar, opp gjennom knauser. Så er hytta der, blenkjande raud i påskesola. Lufte, hente vatn, fyre i omnen, hogge nokre bjørker, koste. Deretter: gå tur. Om kvelden, etter gryteretten, kan ein lese i hytteboka, om korleis folk har vore her gjennom barndom, ungdom og over i vaksendom. Somme hyttebokskribentar fortel historier, somme har gode formuleringar, slåande der og då, "Bjarte på rette staden", "påskemorgen sluker sorgen", "gjesten må ha vore noko tilmårskomen"; teikningar er der òg. Det slår ein, medan ein høyrer opplesing, og får kommentarar attåt, kor viktig slike hyttebøker er. Kvar gong vi er der, kjem hytteboka fram. Ja, hytteboka fortener ein litterær og sosialantropologisk analyse. Dette skriv eg som tips til gåverik ungdom som enno ikkje har bestemt seg for kva dei vil skrive masteroppgåve om.