30 januar 2012

Sidemålssaka


Underteikna hadde eit innlegg i Bergens Tidende 28.01. med tittelen "Kvifor er mangfald eit problem?". Dette innlegget er diverre ikkje tilgjengeleg på Internett. Konklusjonen er klår nok: "Dei faglege og språkpolitiske råda Kristin Halvorsen har fått frå Utdanningsdirektoratet, viser seg å vere tendensiøse og svake både fagleg og språkpolitisk. Direktoratet har dermed eit tillitsproblem, og det lovar ikkje bra med tanke på det arbeidet som no skal gjerast med å revidere læreplanen i norsk."

No er eg klar over at Utdanningsdirektoratet har handla på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet, og at embetsverket skal fylgje politikarane. Ein kan dessutan sjå eit visst lineskifte i utdanningspolitikken med stortingsmeldinga frå våren 2011 om ungdomsskulen; Oddmund Hoel har nettopp gjort ein god analyse av den politisk-byråkratiske prosessen på bloggen sin. Difor skal ein ikkje gå ut ifrå at Kristin Halvorsen no utan vidare vil fylgje sitt eige partiprogram og offisiell norsk språkpolitikk når ho om eitt år skal seie kva ho meiner. (Det er likevel interessant at ho i løpet av ein dag byrja å bortforklare utspelet sitt med at det dreidde seg om eit framlegg frå direktoratet. Det viser at argument og press har ein verknad. Utan eit press frå målrørsla og SV-arar vil nok dette kunne gå rett ille, for i tidlegare utspel om ungdomsskulen har Kristin Halvorsen vore generelt populistisk.)

Samtidig er det slik at Utdanningsdirektoratet ikkje berre skal implementere politikk; ein skal òg gjere det på ein fagleg forsvarleg måte og ein skal ta omsyn til heilskapen av politiske føringar. Og det Utdanningsdirektoratet presterer i dokumentet sitt er såpass svakt at det ikkje held mål. Dette peikar eg på i innlegget mitt (og er inne på det i førre blogginnlegg).

Eg konstaterer elles at Språkrådet så langt har vore stille i denne saka.

24 januar 2012

Kristin Halvorsen som den nye Kristin Clemet

Kristin Halvorsen er no den nye Kristin Clemet. Ho er sitert i dei fleste nettaviser og i NRK radio i dag på synspunkt om at elevane i skulen ikkje skal verte like gode i hovudmål og sidemål, og at ho vil vurdere å fjerne karakterar og eksamen i skriftleg sidemål.

At ein SV-statsråd kjem med eit slikt framlegg, er overraskande, i og med at det er i strid med partiprogrammet og i strid med regjeringserklæringa. Kva som no skal vere poenget med å røyste SV, er ikkje godt å sjå.

Spørsmålet vert så kva som no vil skje. Då må vi ta utgangspunkt i saksdokumentasjonen.

Det Halvorsen refererer til, er at eit framlegg frå Utdanningsdirektoratet om å endre læreplanen i norsk. Framlegget er eit slags svar på eit oppdragsbrev frå departementet. Men det Udir gjer, er ganske så radikalt og nifst. Og det nifse gjeld både framlegga og argumentasjonen.

Udir føreslår at ein skal ha lågare kompetansekrav i sidemål enn kva som gjeld no, og at ein ikkje skal ha eigen karakter i sidemål, verken i grunnskulen eller i vidaregåande skule. Det vil i praksis seie dårlege krav til nynorsk, som dei fleste har som sidemål, og at ein ikkje får eit system for å måle kunnskapen i sidemål. Dersom det kjem gjennom, vil statusen til nynorsken verte alvorleg svekt. I tillegg målber Udir eit språksyn der språkleg mangfald vert gjort til eit problem, ikkje til ein ressurs.

Argumentasjonen til Udir er som henta frå Unge Høgres flygeblad. Ein har "ikkje bruk for å skrive nynorsk seinare i livet". Ein skriv: "Med unntak av visse yrke kan ein greie seg i det norske samfunnet med å skrive ei av målformene". Dette vert lagt fram som ei konstatering, utan at ein tek omsyn til at det faktisk ikkje gjeld berre visse yrke, men faktisk i visse kommunar. Ein tek heller ikkje omsyn til jamstellingsspørsmålet - det at allmenn kompetanse i dei to målformene er ein førestnad for å oppnå jamstelling mellom bokmål og nynorsk. I det heile er ein ikkje oppteken av å sjå på skulen som ein språkpolitisk aktør. I staden er ein sur fordi ein meiner at det i språkpolitiske dokument ikkje er "problematisert" føremålet med skriftleg sidemålsopplæring (s. 2), og at det ikkje går fram kor mykje ansvar skulen har for å oppfylle krava i mållova (s. 3).

I tillegg vert det vist til at medan nynorskelevane lærer seg sidemålet bokmål lett, er det verre for bokmålselevane fordi dei møter nynorsk sjeldnare, og får mindre opplæring i sidemålet sitt. Underforstått: Det er synd på bokmålselevane. Her er det fleirtalsperspektivet som er det rådande. Det vert elles vist til at bokmålselevane reagerer negativt på at dei må lære seg å meister dei to målformene. Dersom der er negative haldningar skal ein tilpasse seg haldningane.

Udir har i og for seg rett at dersom kompetansemåla i læreplanen skal takast på alvor, må nynorskopplæringa (som sidemålsopplæring) styrkjast. Men det ein vil gjere no, er å kople ambisjonsnivået til ei svekking av nynorskopplæringa (s. 7).

Udir har med pliktformuleringar om at hovudmålsopplæringa for nynorskopplæringa må styrkjast, men utan å konkretisere det, og utan å sjå statusen for hovudmålsopplæringa i samanheng med statusen for nynorsken meir allment, dvs. òg kva haldningar og kunnskap bokmålselevane har. Direkte frekt vert det når SV i dag køyrer ut Halvorsen si svekking av nynorsken som "Vil styrke nynorsk som hovedmål".

Det vert vidare vist til at evalueringa av sidemålsfritaket i Oslo viser litt betre karakterar for dei som hadde fritak for sidemål. Men ein gløymer då at fritakselevane samtidig hadde forsøk med prosessorientert skriving, mappevurdering, teaterbesøk og forfattarbesøk, og at det vert uråd å seie at forsøket måler noko som helst som gjeld effekt av sidemålsopplæring på karakterar. Som NIFU STEP skreiv i pressemeldinga: "De viktigste pedagogiske virkemidlene i forsøket har vært prosessorientert skriveopplæring med mappe som vurderingsform, kompetanseutvikling blant lærerne og arbeid for å bedre elevenes holdninger til nynorsk. Dette er virkemidler som med stor fordel kan tas i bruk uavhengig av et forsøk som dette. Det gjenstår å se om disse virkemidlene kunne ha gitt samme positive effekter for elever som har opplæring i skriftlig sidemål."

Når det gjeld tilvisingane til forsøk med ein karakter i norsk ved Fana gymnas og Kongsbakken, så må det seiast at desse forsøka ikkje er evaluerte, og i røynda heller ikkje kan evaluerast ut frå føresetnadene. Det er der tale om effekten av det å operere med éin norskkarakter i høve til læringseffekt og motivasjon. Forsøket er velmeinande, men der er metodiske problem. Særleg kompliserande er det at forsøket alt har vore i gang ei god stund. Det er heller ikkje lagt opp til kontrollgrupper som ein kan vurdere forsøket synkront med. Heller ikkje er det dokumentasjon på korleis situasjonen var tidlegare for dei aktuelle gruppene. Men her talar igjen Udir om dette som eit positivt forsøk, dvs. ein dreg konklusjonar som det ikkje er grunnlag for. Det må tilføyast at målet ved t.d. Fana gymnas slett ikkje er å svekkje krava til sidemålskompetansen, slik Udir vil.

Forsøka til Nynorsksenteret for å styrkje sidemålsopplæringa er ikkje nemnt med eit ord. (Ein har ein fotnote med tilvising til Nynorsksenteret knytt til denne setninga: "Det finst lite forsking på opplæringsvilkåra for nynorskelevar." Her er det eit poeng at Udir i sine tildelingsbrev, og i anna kontakt med senteret, har gitt direktiv om at Nynorsksenteret ikkje skal drive med forsking, berre med utviklingsarbeid. Verken Udir eller Halvorsens departement har løyvt pengar til forsking på opplæringsvilkåra.)

Dokumentet til Udir er spekulativt, ufagleg og språkpolitisk i strid med det som er offisiell norsk språkpolitikk, og det er ei skandale at eit offentleg organ kan kome med noko slikt. Det kan elles verke som om ein eigentleg vil gå endå lenger i å svekkje sidemålet, i alle fall vurderer ein meir radikale framlegg. Juristane i Udir kjem så fram til at Opplæringslova fastset at elevane skal lære sidemål dei to siste åra i grunnskulen, og at ei endring av læreplanen med å fjerne sidemålsopplæringa i grunnskulen vil måtte føre til ei lovendring, og at det vil ta tid, og at ny læreplan dermed ikkje vil vere klar i 2013.

Akk, ja. Det er elles mykje ein kan seie om Kristin Halvorsen og SV i denne saka. Det er vel allment kjent at statsråden er fagleg svak på mange saksfelt, bl.a. når det gjeld språkopplæring. Og eitt moment i den samanhengen vil då vere nynorsken.

Men problemet dreier seg òg om synet på språkleg mangfald som eit problem, ikkje som ein ressurs. Ideen om at elevane, spesielt bokmålselevane, må få konsentrere seg om hovudmålet, for dei vert så forvirra av sidemålet, tek ikkje inn over seg internasjonal forsking som peikar på det språklæringspotensialet som ligg i språkleg mangfald, både på individnivå og samfunnsnivå. Ja, ein nemner heller ikkje slik forsking. Kristin Clemet hadde skam nok til å nemne at det fanst slik forsking (i "Kultur for læring"), men då avfeidde ein med at det ikkje var norsk forsking som kunne stadfeste mangfaldsargumentet. No nemner ein ikkje dette i det heile. At Udir ser ut til å vere så fagleg svakt og så språkpolitisk tendensiøst som det som kjem til uttrykk i dette dokumentet, er noko ein berre kan konstatere.

20 januar 2012

Nedbygginga av nordiskfaget

I Morgenbladet i dag skriv lokale nordiskstudentar om svekkinga av nordiskfaget ved UiB; i tillegg skriv kollegaer i Oslo om krisa for nordisk språk ved UiO. I språkmiljøet der er det no 3,5 stillingar i nordisk språk, mot 9 stillingar i 2002.

Dekanen ved HF i Oslo, Trine Syvertsen, har eit interessant svar. Som dekanen skriv, vert UiO sine midlar til å "fornye norskfaget" brukt til å "hindre en ytterligere forverring av situasjonen". (Underforstått: Situasjonen for nordisfaget vert nok verre, men vi gjer det trass alt ikkje fullt så gale som det kunne ha vorte om vi hadde fylgt finansieringsmodellen til punkt og prikke.) Likevel har INL har for mange tilsette, skriv dekanen, og ein kan ikkje håpe på fleire tilsette på lang tid. Optimismen ligg i at fleire studentar kan gi betre økonomi. Dessutan har dei på nordisk så mange dei kan samarbeide med, t.d. på Ibsen-senteret.

Ansvarsfråskriving? Tja, ho konstaterer berre at slik er rammevilkåra, dvs. finansieringsmodellen, og at den nasjonale nedbygginga av nordiskfaget vil gå sin skeive gang.

18 januar 2012

Oljenamn: frå norrøn mytologi til politisk sjølvdyrking



Olje- og energiminister Ola Borten Moe vil styre norsk namnepolitikk på oljesokkelen. Han likar ikkje namnepolitikken for dei seinare åra, nemleg å ha namn frå sagatida eller etter norrøn tradisjon, t.d. "Sleipner", "Skrugard". I staden vil han ha namn som kan knytast til norsk politikk, t.d. "Johan Sverdrups-feltet" som fekk namn i dag. Og han har laga til ein eigen namnekomite med Kristin Clemet og Per Egil Hegge som medlemer. Det er òg laga eit mandat for nemnda.

Den nye praksisen til Ola Boretn Moe er uheldig - av fleire grunnar.

Eitt viktig moment er at ordninga med namn frå norrøn tradisjon er glimrande. Namna framstår som stolte og mytiske, utan å vere politisk ladde. Dei er òg med på å gjere den norrøne tradisjonen kjend, både i Noreg og i utlandet. Lat oss sjå litt meir på kva slags namn det her er tale om. Børge Nordbø har skilt mellom tre hovudkategoriar.

For det fyrste er det namn frå mytologien. Det er då tale om a) gudar, jotnar o.l. (Balder, Brage, Embla, Frigg, Heimdal ,Njord mfl.), b) dyr i mytologien (Gullfaks, Heidrun, Sleipner), c) gjenstandar (Gugne, dvs. spjotet åt Odin, Ringhorne, skipet åt Balder), d) mytologiske stader (Alvheim, Gimle, Åsgard, Valhall, Glitne), e) typenamn (Jotun, Norne, Troll, Volve).

For det andre er det tale om namn frå norrøne heltesegn (Volund, Grane)

Så er det historiske namn som personnamn (Gyda, Snorre, Edda, Tordis, Vigdis, Gudrun) og skipsnamn (Ormen lange, Visund).

I tillegg kjem så usikre namn (Tambar, Eldfisk) og namn som bryt med tradisjonen (jf. Goliat).

Den namnepolitikken Ola Borten Moe no legg seg på, med politikarnamn, vil sjølvsagt vere populær blant politikarane sjølve. Men politikken er uheldig av fleire andre grunnar enn at han bryt med den norrøne tradisjonen. For det fyrste kjem dette med politisk ladde namn inn. Carl I. Hagen-plattformen, t.d. For det andre vil det vere slik at personnamnet lett vil verte kopla til staden for namnegivinga og til hendingar med namnet. Såleis er Alexander Kielland-namnet kopla til ulukka på oljeplattformen som heitte Alexander Kielland. For det tredje må ein ofte ha lange namn når det er tale om personar. Ein har Johan Sverdrup-feltet for å spesifisere at det ikkje er Georg eller Otto Sverdrup det er tale om, men når namnet vert såpass langt vert det òg mindre funksjonelt. (Borten Moe ville ha "Sverdrup" som namn på "Skrugard-feltet", og det ligg jo nær det kanadiarane kallar Sverdrup-bassenget, men det bassenget er oppkalla etter Otto Sverdrup, så her har ville nok forviklingane ha vorte for store òg for Borten Moe.)

Ei siste sak er at Olje- og energidepartementet no sjølv har teke kontrollen over namnepolitikken. Fram til no hadde Oljedirektoratet ansvaret for namnegivinga, og Språkrådet var fagorgan ein vende seg til. No er det opp til den oljeministeren som sit å avgjere namna, og å bruke namnegivinga for eigenmarkering. På den måten ser ein på namnepolitikken på oljesektoren som noko anna enn namnepolitikk elles, og det er rart og dessutan i strid med offisiell språkpolitikk slik t.d. Språkmeldinga formulerer den. Kvifor skal ministeren her ha meir å seie for namnepolitikken?