29 november 2005

Italiensk pønk

Kvart år har den legendariske rockeklubben SO 36 i Kreuzberg ein italiensk pønkfestival. I år hadde Italia Punk 05 vitjing av meg, i alle fall torsdag 24.11., saman med nokre hundre andre galne italienarar. Det bandet som gjorde eit framifrå inntrykk, var derimot ikkje italiensk, men baskisk, og heiter Betagarri. Særleg bra var blåsarrekkja (trompet, trombone, saksofon). Vokalisten likna ei blanding av italiensk mafia og spansk lerhomse. Bandet har forresten ei heimeside der du kan velje mellom baskisk, katalansk, kastiljansk, galisisk, engelsk eller fransk. (Så viss nokon masar om at det "kostar å ha heimesider både på nynorsk og bokmål", så vis til kva Betagarri gjer.)

Noko som er interessant, er at pønken til liks med hipphoppen viser stor regional og lokal variasjon. Kvifor det i dag er Italia pønken står sterkast, veit eg ikkje.

Diverre er det i italiensk ungdomskultur ikkje uvanleg å seie at ein er "fascist" eller "anarkist". Kanskje er det dette umogne som gjer at italiensk politikk er slik han er? Det er så mangt ein får å tenkje på etter å ha vore på italiensk pønkfestival i Berlin.

21 november 2005

Reven på Alexanderplatz

Eg såg to revar på Alexanderplatz, midt i Berlin, rett ved Fjernsynstårnet. Det var onsdag, tidleg kveld, og eg var på veg heim. Gjekk mot Fjernsynstårnet ved ei fontene. Som så ofte før i eigne tankar. Veret var surt. Skodde flerra Fjernsynstårnet. Den prøyssiske steppevinden bles tvers gjennom skjelettet. Og så kom der to revar springande langsmed fontenevatnet, og drakk litt. Den eine sprang tilbake. Den andre for litt mot meg, blunka lurt, før han sprang vidare.

Kvar kjem så desse revane frå? Frå Tiergarten? Frå ein av dei andre store parkane? Ikkje godt å seie. Men rev var det.

15 november 2005

Kraft durch Freude

Fredag ettermiddag gjekk togturen til saltlukt og måseskrik. Målet Rügen, Tysklands største øy. Rügen ligg nordaust mot Austersjøen, 4,5 timar med tog frå Berlin (togskifte i Stralsund), i delstaten Mecklenburg-Vorpommern. Den politiske historia til denne regionen (Pommern) er komplisert, men Rügen var i alle fall svensk fram til 1815.

Etter ein time på toget kunne ein kjenne at tempoet var rolegare. Der var ikkje den aggressiviteten som pregar Berlin.

På strandpromenaden i Binz stod hotellrommet klart. Sundagen var det sol og fint å gå den lange, lange sandstranda. Sjå på måser som svel flyndrene heile. Og såvidt unngå bårene som rullar mot land.

Også nasjonalsosialistane tykte at dette området var fint, og ca. 4 km nord for Binz, i Pora, bygde ein eit Kraft durch Freude-Seebad. Planen var å hyse 20 000 gjester samtidig."Kraft durch Freude" var Hitlers ferieklubb, og organiserte t.d. båttur til Noreg. I Pora skulle så tyske arbeidarar samle krefter til ny innsats for nasjonalsosialismen. I 1941 vart byggearbeidet stoppe, invasjonen i Polen gjorde at ein måtte bruke bygningsarbeidarane til andre føremål. Men då hadde ein åtte blokker, kvar på seks etasjer, 10 000 rom, og 4,5 kilometer med bygningsmasse.

DDR gjorde ferdig ein del av blokkene, og brukte anlegget fyrst til ein ungdomsorganisasjon og dinest til militære føremål.

I dag står fem av blokkene att. Ein enorm bygningsmasse. Noko er gjort om til eit interessant museum, men det er uklart kva bygningane skal brukast til. Dei som står bak museet vil ha ein internasjonal ungdomsleir der (30 000 ungdomar skal kome der kvart år), men det spørst om slike blokker er det som lokkar dagens ungdom.

Apropos "Kraft durch Freude". Dette kan minne om ein slags velferdspolitikk, og ein tysk historikar, Götz Aly, har skapt mykje ordskifte i år ved å hevde at når nasjonalsosialismen fekk såpass gjennomslagskraft i det tyske folk, var det av di ein klarte å oppretthalde velferdsstaten. Utgangspunktet for det var i sin tur all rikdomane ein henta frå plyndringa av andre land og av jødane, meiner Aly. No i dag kl. 18 skal det vere eit ordskifte mellom Aly og forfattaren av den nye biografien om Alfred Rosenberg, Ernst Piper, og dit skal eg; det er på Dossmann, bokhandelen i Friedrichstrasse.

10 november 2005

Stasi-museet

Førre laurdag gjekk turen til bydelen Lichtenberg og til Stasi-museet. Museet ligg i det som var sentralen for Ministerium für Staatssicherheit, dvs. Stasi. (Nokre bilete her.) Mykje dokumentasjon om avlyttingsmetodar, om løynde kamera i jakker og mikrofonar i trestubbar. Særleg fascinerande er ministeretasjen med brune skinnstilar og 1960-talsinteriør som henta frå James Bond-film. I denne etasjen kan ein gå inn på kontoret til t.d. Stasi-sjefen sjølv, Erich Mielke", boss for 80 000 fulltidstilsette og 170 000 friviljuge. Mielke sat i sjefsstolen frå 1957 til 1989. Han hadde noko på alle, inkludert Honecker, og kunne difor sitje "trygt".

Stasi-museet er del av "Forschungs und Gedenkstätte Normannstrasse", og vert drive av ei sjølvstendig stifting, Astak (Antistalinistische Aktion).

Bydelen Lichtenberg ser elles like realsosialistisk ut som Stasi-hovudkvarteret.