10 mars 2013

Ivar og Marilyn

Ikkje Marilyn Monroe sitt hår, men Ivar Aasen sitt skjegg. Det er utgangspunktet for Språkåret 2013, slik kunststudenten Sammy ser det gjennom logoen for konferansen Rom for språk.

Ivar vart fødd 5. august, medan Marilyn Monroe døydde 5. august.   Kanskje tilfeldig, kanskje ikkje. Men sjølv om det var lite sex and drugs med Ivar, sjølv om ikkje vart funnen i eit badekar eller naken i senga med sovetablettar ved sida av seg, er det likevel slik at Ivar har lagt grunnlaget for mangt og mykje både av galskap og fornuft. Og Ivar kan brukast for å grunngi både det eine og andre av synspunkt. 

Fyrstkomande torsdag byrjar så Språkåret sitt høgdepunkt i Bergen, Rom for språk. Der kan ein òg få kjøpt eksklusive t-skjorter med Sammy sin logo. Dagen før er det fin oppstart med opning av Ivar Aasen-utstilling på Universitetsbiblioteket i Bergen.