21 juni 2013

Læreplanen i norsk

Så er den nye læreplanen i norsk på plass. Den vart ikkje så verst. Det vert framleis vurdering i både nynorsk og bokmål, som hovudmål og sidemål, og det er likeverdige ambisjonar når det gjeld kunnskap og kompetanse i hovudmål og sidemål . Den einaste skilnaden er at ein gjennomgåande snakkar om "hovudmål" og "sidemål" i sjølve læreplanteksten, medan gamleplanen tala om "nynorsk" og "bokmål" (med unntak av i vurderingsdelen). Det språkpolitiske skiftet som Utdanningsdirektoratet ville innføre i sitt høyringsframlegg, er med andre ord parkert. I alle fall for ei stund. Så får ein sjå kva ei evt ny regjering vil gjere.

Direktoratet og KD har tidlegare framstilt det som om denne saka dreier seg om "fagmiljø" (som vil ha endring) og "språkpolitiske grupperingar" (som kjempar for sine særinteresser). Her bør det poengterast at dei fagmiljøa som vil svekkje sidemålsopplæringa, fyrst og fremst har vore Lesesenteret, Skrivesenteret og Landslaget for norskundervisning (i tillegg til Utdanningsforbundet). Fagmiljøa ved høgskular og universitet har i hovudsak vilja halde på måljamstillinga i læreplanen. Den norskfaglege ekspertisen er ikkje underrepresentert der. Det viser seg elles at skular og institusjonar i nynorskområda i større grad vil ha måljamstilling enn skular og institusjonar i bokmålsområde. Det er ikkje tilfeldig, men illustrerer dei saklege argumenta for å ha ei forsvarleg sidemålsopplæring. Saka viser elles at ingenting er over før det er over, og at politisk arbeid og gode argument kan spele ei rolle. Og SV har styrkt seg.

Landslaget for norskundervisning har spela ei underleg rolle i denne saka ved å framstå som Utdanningsdirektoratet sin heia-gjeng. No har LNU laga ei pressemelding der ein er sur for at det ikkje berre vart ein karakter i norsk. Kanskje på tide med nytenking der i garden?

Elles har Gunnar Skirbekk fått gjennomslag for at å "drøfte det det moderne prosjektet" skal ut av læreplanen. I gamlelæreplanen hadde ein desse to læreplanmåla:
    drøfte det moderne prosjektet slik det uttrykkes i tekster av sentrale forfattere fra opplysningstiden via realismen til i dag    gjøre rede for den modernistiske tradisjonen i norsk og internasjonal litteratur fra siste halvdel av 1800-tallet til i dag

Kritikken har vore at desse planmåla har vore for "ambisiøse". Udir freista å tilfredsstille kritikken ved å bruke "sentrale realistiske tekstar" og "den realistiske tradisjon". Denne løysinga var utilfredsstillande dersom ein har som utgangspunkt at norskfaget skal ha eit breitt, men tydeleg kulturperspektiv, og at moderniteten i så måte speglar sider ved vestleg kulturforståing. Den endelege løysinga har derimot vorte meir enn slapp: 
• analysere, tolke og sammenligne et utvalg sentrale norske og noen internasjonale tekster fra ulike litterære tradisjoner fra romantikken til i dag, og sette dem inn i en kulturhistorisk sammenheng.
Det er elles problematisk at "kommunikasjon" har vorte eit nøkkelord for norskfaget, og avløyser "tekstar" som hovudområde. Tildrivet er her ei harmonisering med terminologien i andre fagplanar, men bytet er problematisk, fordi det kan verke innsnevrande. Medan tekstomgrepet òg omfattar kommunikasjon, fangar ikkje kommunikasjonsomgrepet opp andre viktige føremål med norskfaget: danning, kulturforståing og identitetsutvikling. Norskfaget har generelt eit tekstfokus og spesielle oppgåver gjennom å forvalte tekstkulturen, og det burde ha vore markert. Det kan òg vere med på å tydeleggjere norskfaget. I tillegg har norsklærarane ein spesiell tekstkompetanse i høve til andre lærarar.

10 mars 2013

Ivar og Marilyn

Ikkje Marilyn Monroe sitt hår, men Ivar Aasen sitt skjegg. Det er utgangspunktet for Språkåret 2013, slik kunststudenten Sammy ser det gjennom logoen for konferansen Rom for språk.

Ivar vart fødd 5. august, medan Marilyn Monroe døydde 5. august.   Kanskje tilfeldig, kanskje ikkje. Men sjølv om det var lite sex and drugs med Ivar, sjølv om ikkje vart funnen i eit badekar eller naken i senga med sovetablettar ved sida av seg, er det likevel slik at Ivar har lagt grunnlaget for mangt og mykje både av galskap og fornuft. Og Ivar kan brukast for å grunngi både det eine og andre av synspunkt. 

Fyrstkomande torsdag byrjar så Språkåret sitt høgdepunkt i Bergen, Rom for språk. Der kan ein òg få kjøpt eksklusive t-skjorter med Sammy sin logo. Dagen før er det fin oppstart med opning av Ivar Aasen-utstilling på Universitetsbiblioteket i Bergen. 



11 februar 2013

Rom for språk

Konferansen Rom for språk vert arrangert i Bergen 14.–16. mars, og er årets språkpolitiske høgdepunkt.  No er programmet klart, og det heile ser ganske så bra ut. Det er berre å melde seg på via heimesida til konferansen.