23 februar 2009

Interessant rektorval

Så har det kome nye rektorkandidatar, dvs. ein gjeng frå Mat-Nat og jus som er oppteken av business-finansiering og tilsette leiarar, i nytale formulert som "samfunnsdialog". Støttespelarar er folk som har støtta tidlegare universitetsdirektør Kåre Rommetveit. Bergens Tidende vil nok like ein slik rektorkandidat. På den andre sida har ein så dagens rektor og hans kompanjongar som etter programmet sitt bl.a. vil fremje fagleg styring, grunnforsking og at lektorutdanninga skal styrkjast. Det ser faktisk ut til at dette kan verte ein interessant valkamp.

15 februar 2009

Blogging om norskfaget

Kva med bloggarar som har fokus på norskfaget? Ein av veteranane på feltet er Leif Harboe, lektor på Bryne vgs, med mange tiltak. Han har òg ein blogg for norskklassen sin der han legg ut mykje fagleg stoff. Ein annan aktiv bloggar er norsklektor i Stavanger, Marita Aksnes. Ho har, til liks med òg ein norskblogg for klassen sin, 1a, og i staden for lærebok i språk og kommunikasjon bruker ho ei eiga vevside for det programfaget. Så ser eg at den gamle medstudenten min frå UiB, Margreta Tveisme, har ein blogg, skulebloggen, som fokuserer på faglege ting ved det å vere norsklærar. Det same gjeld ein annan tidlegare UiB-student, Inger Hilde Ingebrigtsen. I tillegg skriv Bokstavheksa om norskundervisning i vgs. Alle desse tre damene skriv forresten om fagleg-pedagogisk dag, der eg sjølv glimra med mitt fråvær i år.

Ei anna som har ein blogg om norskfaget, men som ikkje var på fagleg-pedagogisk dag, er kollega Kristin Kibsgaard Sjøhelle. Ho har ein nystarta blogg, Nysgjerrig på norskfaget, og det som står der, lovar godt. Ho skriv helst om digitale tekstar og om nynorsk.

Somme bloggarar legg mykje vekt på det digitale ved norskfaget og skulen. Det gjeld bl.a. Arne Olav Nygard, stipendiat ved UiS og Ingunn ved Sandvika vgs. Noterer meg at fleire i Hordaland elles refererer til June Brevik frå Hordaland fylkeskommune som skriv om digital skule.

Interessant, forresten, å merkje seg at jamvel kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell har ein blogg. Der kan ein kome med kommentarar, og eg ser at Solhjell kommenterer ein del av lærarbloggarane som har vendt seg til honom.

I tillegg finst det sjølve ein god del andre norsklærarar som bloggar, men dei skriv ikkje alltid så eksplisitt om norskfaget.

07 februar 2009

Dagens kommentar



Ikkje alle er like oppglødde over den nye stortingsmeldinga om lærarutdanning. Kanskje på tide å kome seg ut i det fine snøveret?

04 februar 2009

Lærarutdanninga

Norsk skule har fått mykje kritikk. Avisene fortel om PISA, PIRLS og bråk i skulen, om at elevar er offer og at lærarar er offer. Flasketuten peikar mot lærarutdanninga. Lærarane er for dårlege, av di lærarutdanninga er for dårleg, vert det sagt. Samtidig er det verd å merkje seg at det er allmennlærarutdanninga som får kjeft, t.d. av NOKUT. Universiteta si lærarutdanning vert knapt nemnd.

No på fredag kjem statsråd Bård Vegar Solhjell med stortingsmeldinga om allmennlærarutdanninga. Ikkje så spennande, kanskje. Det vi kan forvente, er eit skilje mellom barneskule- og ungdomsskulelærarutdanning, mykje meir pedagogikk og at norskfaget ikkje lenger vert obligatorisk fag. Det med norsk er merkeleg. Tanken er visstnok at norsk skal vere obligatorisk på småskule/barneskulesteget, men ikkje på ungdomsskulesteget. Det heng vel saman med ideen om meir fagfokus. På den andre sida er det noko merkeleg i og med at lesing, skriving, lytte/tale ( + å rekne + digitale dugleikar) er såkalla grunnleggjande dugleikar som skal gå igjen i alle fag, og norskfaget har eit overordna ansvar for desse grunnleggjande dugleikane. Rykta fortel at rle-folket vart sure då dei oppdaga at rle ikkje skulle vere obligatorisk, og at departementet då òg gjorde norsk ikkje-obligatorisk, for å blidgjere teologane.

Dette med at pedagogikk skal få 60 studiepoeng, skuldast hardt lobbyarbeid frå pedagogane si side, ikkje minst frå Geir Karlsen, pedagogikkprofessor ved NTNU, som var hovudredaktør for ei UHR-evaluering av pedagogikkfaget (som kom 31.12.08). Dessutan var kunnskapsministeren i vår i Finland, og han fekk då vite av professor Sven-Erik Hansén (som er ein framifrå fagmann) at ein hadde mykje meir pedagogikk i finsk skule enn i norsk skule. Før geværskota på finske skular var mantraet "look to Finland"...

Ei anna sak er at ein ikkje treng å reise til Finland for å finne ei lærarutdanning som er knytt til universiteta, som er på masternivå, som er forskingsbasert, som har ei grundig fagutdanning og integrerer fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis. Ei slik lærarutdanning har vi ved norske universitet.

Det vil no òg kunne vere mykje snakk om å gi allmennlærarar ein master light for at dei skal kunne fylle den skrikande mangelen på lektorar som vi vil få i vidaregåande. Her er det grunn til å vere skeptisk, og ikkje rope halleluja til det Solhjell og Aasland vil forfekte i den "gladkristne" kampanjen for f GNIST og anna rart om lærarutdanninga. Eitt av tiltaka (frå statsbudsjettet) dreier seg rett nok om pengar. Dei som tek PPU eller lektorutdanning med master i realfag eller framandspråk, får ettergitt 50 000 kr. i studielån. Merkeleg nok ikkje dei som tek nordisk. Det er faktisk ikkje slik at det er spesielt større trong for engelsklærarar enn for norsklærarar, tvert imot, så logikken er like syltynn som mykje av det som elles kjem fram i skuledebatten i avisene for tida.