30 juni 2005

Ingen brunsniglar

Nett no er eg på ei øy litt nord for Bergen. Skal vere hundepassar. Det er ei rolle som kler meg. Hiv kjeppen ut over plenen, hunden spring etter og tek kjeppen.

Men korleis er eigentleg hagelivet? Eg har nemleg høyrt det verste. Har site i sofakroken på arbeidsplassen og høyrt fortvila hageeigarar fortelje om kampen mot den iberiske mordarsniglen. Ein hageeigar tok i fjor kverken på 531 brunsniglar i løpet av ein kveld. Han har seg ein runde i hagen kvar kveld. Det har konsekvensar. Sniglane fylgjer etter han i draume. Dei slører seg rundt i soverommet, kravlar og kryp overalt. Og hageliver er ruinert. Ingen vil gå berrføtt på plenen, då får ein berre sniglar på føtene. Alle hjelpemiddel er prøvde, men dukkar det opp noko nytt, prøver ein det òg.

Brunsniglen kom visstnok til Vestlandet frå den iberiske halvøya på midten av 1990-talet, truleg gjennom plantemold til eit gartneri. Så spreidde sniglen seg i eit område som var perfekt: fuktig, utan naturlege fiendar. Ein kan verte globaliseringsmotstandar av mindre.

Når eg så går berrføtt på plenen i morgontimane, tenkjer eg i mitt stille sinn at no treffer eg vel på ein av desse iberiske mordarsniglane. For det er litt fuktig i morgontimane. Men nei, faktisk ikkje ein einaste har eg treft. Eg har sett etter i buskene, men ingen å sjå. Og bra er no det. Så eg set meg ut i sola med føtene på graset. No vert problemet om eg skal lese ei færøysk hovudoppgåve eller ein roman. Må berre hive ein kjepp til hunden fyrst.

27 juni 2005

Solbrent

I fjor ein gong var eg i Hamar. Då var det ein som sa at "dette er prototypen på ein typisk norsk by". Han sa det til og med på engelsk. I helga var eg i Hamar igjen, for å sjå om det stemte. Vel, egentleg var eg i eit bryllaup. Det var ein slektning av sambu som gifta seg, og sambu spela då òg paret inn og ut av Hamardomen, dvs. steinrøysa under glastaket oppe på Domkyrkjeodden.

Sundagen gjekk vi så tur og sat ved stranda og såg på Mjøsa. Skiblader, ungar som bada, idyll. Det var altså sol ute. Det var ei sjokkoppleving. Resultatet var som overskrifta indikerer.

Er no i Oslo der eg kjøpte ein solkrem til 178 kroner. Noko fortel meg at det var ganske dyrt og litt seint.

Men no er det ut att igjen i sola. Sambu og Matilde ute og et is, sikkert.

24 juni 2005

Kursslutt

Så er det slutt. Etter to og ei halv veke har svenskane på sommarkurset reist heim. Eksamen i går, deretter avslutning på Bryggeloftet der kurset spanderte middag. Kursleiaren fekk kvikk-lunsj og ei t-skjorte med "Endre - din turoperatør" pålimt. Etterpå prøvde nokre av dei blide studinene å lokke kursleiaren med på tur opp Stoltzekleiven, men då var klokka mykje, så kursleiaren for heim, fornuftig nok. Litt trist når alle er reist.

Her er forresten eksamensoppgåvene (tre timars eksamen):

"Kandidaten skal svare på alle oppgåvene.

I Språk
a) Gje eksempel på nokre dialektskilnader (”målføremerke”) i norsk.
b) Ivar Aasen og Knud Knudsen representerer to hovudstrategiar i norsk språknormering: målreising og fornorsking. Gjer kort greie for hovudskilnaden mellom desse to strategiane.
c) Korleis har forholdet mellom nynorsk og bokmål utvikla seg i det norske samfunnet?

II Litteratur
Ta utgangspunkt i to eller fleire litterære verk som er gjennomgått på kurset. Peik på og vurder måtar identitetsproblematikken kjem til uttrykk på.
(Litterære verk kan vere romanar, noveller eller dikt.)"

23 juni 2005

Ordbøker i regnet

Det kan berre regne så mykje det vil. Eg sit her nemleg med ein haug med nye ordbøker. Vel, nye og nye. Eigentleg er det tale om to posar med "utdaterte" ordbøker; ordbøkene kjem frå ein kollega som nett gjekk av for aldersgrensa.

Omsider har eg m.a. fått Øverlands blå riksmålsordliste, både fyrste og andre utgåva. Og her er ulike utgåver av ordbøker som fylgjer ulike variantar av 1938- og 1959-rettskrivinga. Snadder.

21 juni 2005

Fast stilling

Det er ikkje kvar dag ein får fast stilling. Men i dag fekk eg altså det, for fyrste gong, med tittel "fyrsteamanuensis".

Utlysinga av stillinga stod forresten "her". Eg byrjar fyrst i januar 2006; skal vere i postdok-stipendet ut desember. Og når eg byrjar vil eg sjølvsagt vere påpasseleg med at det står "fyrsteamanuensis" og ikkje "førsteamanuensis" på døra.

15 juni 2005

Intern strid

Det skulle i løpet av juni verte halde årsmøte i Rørsla for sterke verb. Men den seinare tida har det vore ein del strid i rørsla, så årsmøtet ligg litt i det blå.

Striden i sterkverb-rørsla har likevel ikkje gått så langt som striden i visse fraksjonar av "høgnorskrørsla". Ikkje nok med at fraksjonen som tapte slaget om bladet "Vestmannen" laga eit nytt blad dei kalla for "Målmannen". No har òg "Målmannen" vorte offer for fraksjonering. Kanskje får vi endå eit blad? "Myrmannen"?

Kannibalisme er ingen sunn aktivitet, og han er heller ikkje så underhaldande som årsmøtet i Borkne for nokre år sidan. Då var der mykje sunn og god galskap. Ja, det var tider det.

Lurer forresten på kven som har skrive om bladet "Målmannen" og "Vestmannen" i Wikipedia.

14 juni 2005

Toget venta

Klokka 07.58 skal toget gå. No er klokka 07.35. Og snart kjem dei svenske studentane, dei skal hentast med stordrosje på Hatleberg. Vi skal nemleg på tur – Noreg i eit nateskal. Med bergensbanen til Myrdal, så til fots ned Flåmsdalen til Berekevam, deretter tog til Flåm, middag på Furukroa, båt til Gudvangen, buss til Voss og tog derifrå til Bergen. Ein klassikar. Alle likar den turen. Og no er det snart tid for at vi fer frå togstasjonen. Eit par studentar har alt kome. Det er sundag, og roleg ute.

Så ringjer mobiltelefonen. – Æ, det har enno ikkje kome nokon taxi til Hatleberg... Kva? Eg ringjer til Bergen Taxi: - Nei, der kom ein taxi i går. - Men det var jo I DAG, I DAG, drosja skulle kome!!! - Vel, vi sendte ein i går. Og vi har ingen stordrosje her no. Men vi kan sende vanlege drosjer. - Ja, gjer det!

Klokka går og går. Så, 07.50 kjem nokre svenskar springane. Dette ser lovande ut. Men ikkje heilt: - Der var så fåe drosjer! Det er tvilsamt om dei aller siste rekk dette! Kva sa konduktøren? Fekk du ikkje noko svar?!

Klokka vert 07.55. Ei ny gruppe studentar kjem. Men framleis manglar den siste gruppa. Eg får melding om at dei neppe kan rekke toget. Klokka vert 07.56. Ingen andre enn meg og konduktøren ute på perrongen, 200 meter lenger borte, han svarar ikkje. Kva er lurast no? Å ta heile gruppa ut av toget og vente på neste tog, eller å la ei gruppe reise til Myrdal? Så talentlaus å ikkje ha tenkt på det før! Men ingen har mobiltelefon med seg, heller, og assistenten vil ikkje ta på seg å reise til Myrdal. Klokka er 07.57. Ingen kjem. Men ingenting er over før det er over. Klokka vert 07.58. Vel, no er det eigentleg over. Klokka 07.59. Toget er klart til å gå. Konduktøren på veg til å gi signal, men eg irriterer han, står med eitt bein inne i toget og eitt bein på perrongen (har lange bein). Konduktøren kjem bort. Klokka er 08.00. Men då er dei der! Rundt hjørnet kjem ein flokk springande! No er alle her! Konduktøren seier han sjølvsagt kan vente til dei har kome fram til vogna og ombord. Og så, fem minutt over tida er vi på veg. Ut på tur!

Etterpå er sjølvsagt kursleiaren helten. På folkemunne i Sverige vart han heretter kjend som "mannen som fekk toget til å vente".

10 juni 2005

Turoperatør

Universitetet i Bergen har for tida vitjing av 20 svenske og finlandssvenske studentar som vil studere norsk språk og litteratur. Det er rett hyggelege personar. Dei er både sosiale og pliktoppfyllande – det er ein god kombinasjon.

Sjølv er eg kursansvarleg for studentane. Det inneber mykje: lage fagleg program, halde styr på budsjett, undervise, ordne med innkvartering, skaffe kjøkkenutstyr etc. Og dessutan: å vere turoperatør. For ein skal jo oppleve ein del. I forgårs var vi t.d. på tur opp Stoltzekleiva og til Sandviksfjellet, og i går var vi på Bergen kunstmuseum og såg utstilling av Astrup-bilete, før vi seinare for på surrealistisk konsert med Oddvar Torsheim på "Nynorsk bar" (Cafe Opera). I dag har vi vore i Bryggens Museum og Rosekrantztårnet. Og på sundag fer vi med tog til Myrdal og gåtur ned Flåmsdalen. I det heile teke er det mykje praktisk. Det verste er at eg likar det. Eg går fyrst flokken gjennom gatene i Bergen sentrum med ein paraply som flagg. Fortel om hus og gater, og veit i mitt stille sinn at det er jo dette eg har drøymt om: Å vere den allvitande turist-guide som ausar ut av kunnskap for dei ikkje-anande turistane.

05 juni 2005

Rapp er snakk

(Her kjem ein liten artikkel eg skreiv for spalta "Ord om ord" i siste Dag og Tid. Artikkelen skulle handle om eit ord. Og det gjer han.)

Den viktigaste dialektrørsla i dag kjem frå musikkforma rapp. Kva er så bakgrunnen for ordet rapp?

Vi må då tilbake til slutten av 1960-talet og til det kulturelle blandingsmiljøet i New York. Eit nytt fenomen hadde oppstått, diskoteket, der midtpunktet var plateryttaren (DJ-en). Somme plateryttarar merka seg at tilhøyrarar tok til å gjere frie danseopptrinn under instrumentaldelen av songar, det ein kalla ”the break”, dvs. ‘pausen’. Desse danseopptrinna vart populære, og plateryttarane byrja då å manipulere med platene slik at pausene og pause-dansen kunne vare lenger. Dermed var grunnlaget lagt for breaking som sjølvstendig danseform. Då breakdansen kom til Noreg i 1984, med filmen ”Beat Streeet”, kunne ein eigentleg ha kalla han for ‘pause-dans’.

Sjølve rapp-musikken oppstod kring 1970, i nær samanheng med nettopp diskoteka og breakdansen. Plateryttarar ville ha fleire til å kome ut på dansegolvet, og engasjerte ein microphone controller (MC). MC-en framførte rim og vers som stod i stil med musikken og rytma, og som kunne verke engasjerande på publikum. Framføringa vart kalla rap og rappin, av det amerikansk-engelske nemninga rap som tyder ‘snakk’. I byrjinga hadde MC-en ein underordna posisjon, og han skulle skryte av plateryttaren. Etter kvart vart MC-en kalla ein rapper, og fekk all merksemda. Dermed var grunnlaget lagt for det som skulle kome – for Eminem og Side Brok.

Rapp er eit lydhermande ord som har oppstått i fleire språk. I etymologiske ordbøker for germanske språk finn vi mange av dei same tilvisingane: Rapp viser mellom anna til noko som går snøgt føre seg, til å skunde seg, til lokkerop etter ender, og til å herme etter andre sine lydar. I afro-amerikanske miljø karakteriserte rap ein spesiell stil og eit repertoar prega av det raske, av herming og av ordspel. Rapp-stilen vart utnytta musikalsk alt på 1930- og 1940-talet. Typisk er Cab Calloway med refrenget “Hi-de-hi-de-hi-de-ho” i "Minnie the Moocher", kjent frå filmen Blues Brothers.

Rapp-musikken har gått gjennom fleire fasar, teknisk og sjangermessig utvikling, og spreidd seg til resten av verda. Fyrst gjekk alt føre seg på engelsk, men på 1990-talet gjekk ein i store delar av verda over til å rappe på morsmålet. Språkskiftet vart kombinert med eit innhaldsskifte der utøvarane tok opp meir lokale og aktuelle spørsmål. Frankrike var tidlegast ut, men for norske utøvarar var det utviklinga i Sverige som var føredøme, særleg med artisten Petter.

Sjølv om det har skjedd store lokale tilpassingar av rapp-musikk, slik at nyskapinga no skjer utanfor USA, er der framleis organisatoriske og tekstkulturelle rammer som er ganske felles. Rappteksten skal framleis knytast til plateryttar-verksemd, det skal vere mogleg å danse til rapp, og rapptekstane viser påfallande likskapar når det gjeld val av emne og språkhandlingar. Kanskje nettopp strenge rammer gir friske resultat? I alle fall har rapp vore med på å forfriske lyrikken, og jamvel gitt rimbruk ein renessanse. Ein god del norsk rapp er dårleg, men det kjem faktisk noko bra snakk òg.

For framleis er det snakke ein gjer. Gode rapparar kan nemleg ikkje syngje.

01 juni 2005

Eldrebølgja

Ein gong i året vert ein eldre. Gratulasjonar på morgonkvisten tydar på at ein har klart det i år òg. Jau, då. Gratulasjonsobjektet tek elles imot fleire kommentarar t.d. på Nattjazz i kveld.

Apropos alder: Sidan folk på nokonogtredve stort sett ikkje er i bloggosfæren, er det interessant å merke seg korleis den generasjonen reagerer på bloggeri. Nokre e-brev kan illustrere det. Døme 1 (den syrlege moralist): "Hei bloggis! Det er fint at framståande forskarar dyrkar det uvesentlege utan å skjemmast." Døme 2 (den overraska): "Hepp, jaggu er du ungdommeleg! Fin blogg, delikat og smakfull i det ytre." Døme 3 (pedagogen nett komen heim frå festival): "Mykje ladd om debut og porno i starten der, men veldig morsomt og bra." Ein kan altså konstatere at generasjon X har ei liberal haldning til dette.