30 november 2010

Plakat-skriving på Danmarkplass


Når ein går inn på Coop Extra på Danmarksplass, får ein interessante leseopplevingar. Forfattaren av denne plakaten har truleg tenkt "Vær vennlig og bruk riktig inngang", dvs. kutta det fyrste verbet "vær" (som ofte vert slukt ved munnleg bruk av slike imperativkonstruksjonar, evt. uttala berre med -ør) og gjort feil på å/og. Men sjølv om rettskrivingsfeila er der, forstår vi det forfattaren vil ha fram. (Desillusjonerte norsklærarar har sett mykje verre, bl.a. på universitetet.)

Det som verkeleg gjer teksten forvirrande og dysfunksjonell, er pila som peikar til høgre. Poenget med plakaten er nemleg å opplyse om at kundane skal gå inn i lokalet og så til venstre. Men pila peikar mot høgre, og mot eit smilefjes med tunga som stikk ut og opp. Smilefjeset er sjølvsagt laga for å moderere den kjeftete tonen i imperativen. Med pila i retning apoteket og dette rare smilefjeset, tenkjer ein fyrst og fremst på ein influensapasient.

Med andre ord: Hovudutfordringa for plakatforfattaren handlar fyrst og fremst om multimodal tekstskaping.

29 oktober 2010

Frå Århus til Aarhus

Dumme folk finst det overalt, ikkje berre i Bergen eller Oslo, dei er òg representerte i byrådet i Århus. No har byrådet gjort vedtak om å endre skrivemåten av byen til Aarhus. Grunngivinga er at at det skal gjere byen meir synleg på Internett. Der bruker ein nemleg ikkje å, har politikarane funne ut. Med til historia høyrer det at Århus-politikarane gjorde eit liknande vedtak i 1991. Då ombestemte ein seg kort tid etter, då ein fann ut kva det ville koste å skifte ut skilt, brevpapir, logoar, uniformar etc. No seier ordføraren at ein skal skifte ut skilt over tid. Det var i 1948 at ein skifte ut dobbel-aa med bolle-å i dansk. Nokre byar, særleg på Jylland, har likevel halde på aa-en. Interessant, forresten, at Dansk Sprognævn ikkje har sagt eit pip i denne saka.

Her nord har Sunnmørsposten laga ein pseudo-diskusjon om Ålesund skal gå over til skrivemåten Aalesund. Som om sunnmøringar vil bruke pengar på å skifte ut skilt.

27 oktober 2010

Frisarar med protest


Tysdagen for ei veke sidan var det pressekonferanse på Fryske Akademy. Vi sat inne i eit flott seminarrom med tapet som på 1700-talet visstnok skulle illudere jungelen. Arrangørar var 17 ulike frisiske organisasjonar og institusjonar, og dei hadde støtte frå alle dei politiske partia i Frisland.

Saka galdt mangelen på språkpolitisk oppfylging frå den nederlandske regjeringa. No gjorde frisarane det klart at ein klaga den nederlandske regjeringa inn for Europarådet og Europaparlamentet. Det var alt sendt eit brev dit.

Utgangspunktet var at Nederland i september i år skulle ha levert den treårige ekspertrapporten om korleis ein fylgjer opp det europeiske sjarteret for regionalspråk og minoritetsspråk - eit sjarter Nederland har underskrive og dermed er pliktig til å fylgje opp. Nederland hadde likevel ikkje levert nokon rapport. Det viste seg at ein faktisk ikkje hadde byrja førebuingane. Det same skjedde førre gong – då var ein 15 månader for seint ute. Så kom det i 2007 ein rapport der ein etterlyste konkrete tiltak som galdt for skulen, media og rettsstellet. Det har så Nederland ikkje gjort noko med.

Det at så mange som 17 frisiske organisasjonar slo seg saman på denne måten, representerer eigentleg noko nytt i frisisk språkpolitikk. Om det er eit blaff eller starten på noko nytt, vil tida vise.

To moment som frisarane nemner i sitt brev, er eigentleg lekkasjar frå ein regjeringsoppnemnd komite (Hoekstra-komiteen), nemleg at provinsen Fryslân skal få rett til å føreskrive kompetansemål som gjeld frisisk i barneskulen. I tillegg er ein oppteken av at den nye regjeringa har sagt at det skal kome ei språklov, og at frisisk skal nemnast i den lova.

20 oktober 2010

Praat mar frysk


I formiddag gjekk spaserturen til Afûk, dvs. Nynorsksenteret for frisisk. Vart motteken av Mirjam Vellinga som har ansvaret for kampanjemateriellet, bl.a. for "Praat mar frysk"-kampanjen. Den kampanjen har toppmodelen Doutzen Kroes (ihuga frisiskkvinne) som ein av ambassadøran sine. Butikkar kan klistre på "Praat mar frysk"-merke (snakk gjerne frisisk) med det som visstnok er forma som leppene til Douzen Kroes. "Mei in tútsje fan Doutzen."

Afûk har mange tiltak, prosjekt, bokutgivingar kursverksemd etc. Eigentleg ganske imponerande kva ein får til ut frå avgrensa ressursar. Og så har ein ein bokhandel for frisiske bøker og for diverse tilhørsle, t.d. smokkar, smikke og klesklyper med frisiske frasar på. Ein kan òg lære frisisk på veven her. Ein slager er elles barnebøker med figuren Tomke. Kjøpte faktisk eit par bøker med han, som ein start på frisiskundervisninga i heimen.

18 oktober 2010

Fryslân


Så kom ein seg omsider tilbake til Frisland, etter atten år sist gong. Eg er på forskingsopphald ved Fryske Akademy, og hat fått ein fin kontorplass mot bakhagen. Er òg godt motteken, var med på ei samling som alle medarbeidarane har kvar måndag, og vart vist rundt i bygningane.

Eg kom i går kveld, og innlosjerte meg som planlagt på gjestehuset Kia Ora, i gamlebyen i Ljouwert. Det er kort spasertur til akademiet, og hyggeleg å gå rundt i, med brustein og 1600-/1700-talshus.

I morgon skal eg halde eit innlegg på akademiet - om nynorsk/frisisk og om dialektar og hipphopp. Innlegget har jamvel fått medieomtale i frisisk radio (Omrop Fryslân), så forventingane er tydelegvis høge.

19 august 2010

Målpris

Universitetet i Bergen har fått Målprisen frå Noregs Mållag. Vi gratulerer! Sjølv om ein del av tiltaka som NM rosar UiB for, enno ikkje har vorte realiserte, bør ein slik pris gi inspirasjon for UiB. Viser her til innlegg i På Høyden.

11 august 2010

Monsterliner og småkraftverk


Etter at regjeringa gjekk inn for å utgreie spørsmålet om sjøkablar i Hardanger – kan ein då unngå monsterliner gjennom sunnmørsalpane og fjordane på Sunnmøre? Problemet her er ikkje berre Arbeidarpartiet, men i endå større grad bøndene i Senterpartiet. For Senterpartiet er interessepartiet for grunneigarar som vil utbyggje såkalla småkraftverk, og grunneigarane treng eit nett for å bringe krafta ut. Det vil dei få med luftliner, visstnok ikkje med sjøkablar. Difor er t.d. Sp-politikarar i Sogn og Fjordane dei mest ihuga talsmenn for luftliner i strekninga Ørskog-Fardal, for det vil gi inntekter til Sp sine interesseveljarar.

Småkraftverk handlar om å ta vekk vatn frå bekkar og småelvar, og det høyrest uskuldig ut, men er på ingen måte det. Vår oppleving av naturen heng saman med vatn, og det er bekkane, småelvane og myrområda som er med på å gi den særmerkte naturtypa vi har på fjellet, og som òg er grunnlaget for det biologiske mangfaldet på fjellet. Til no har utbygginga av småkraftverk stått litt i stampe pga. mangel på tilkoplingsliner, men når linene kjem, kjem òg kraftverka. Eit problem i denne samanhengen er at handsaminga av småkraftverk vert gjort av teknikarar i NVE, utanom Samla plan for vassdrag og utanom demokratisk kontroll, jf. nye kraftverk i Bjørkedalen.

Men treng ikkje Møre og Romsdal meir kraft? Den såkalla kraftkrisa i vinter skuldast i stor grad gassfeltet Ormen Lange (i Aukra). På grunn av klimarekneskapet skal drivast av straum frå vasskraft, og ikkje frå eigenprodusert gass. Det er sjølvsagt absurd i ein global samanheng. I alle fall er det Ormen Lange som er straumslukaren, og det er då òg statsoljeselskapet som bør ta kostnadene med utbygging av kraftforsyninga i Møre og Romsdal.

31 mai 2010

Mystisk sekk

For nokre dagar sidan stod det ein svart bossekk inntil hagegjerdet vårt. Noko så frekt. Eg flytte sekken utpå kanten av fortauet, slik at den som hadde lagt sekken frå seg, lett kunne hente han. Dagen etter stod sekken inntil gjerdet igjen. Som om det var vår bossekk. Sekken var full av klede; sikkert nokon som ikkje hadde fått plass i bossdunken sin, og valt den lette løysing. Men korleis skulle vi verte kvitt den sekken? Der var ikkje plass i vår dunk, i alle fall ikkje no i desse streiketider. Eg flytte sekken nok ein gong utpå fortauskanten. Gav meg ikkje så lett, nei. Så reiste vi vekk ein tur. Då vi kom tilbake dagen etter, såg eg fyrst ingen sekk. Men så, der var han; inne i hagen vår, på vår side av gjerdet. Eg let sekken liggje til utpå kvelden, til etter Poirot. Då gjekk eg ut, for å leggje sekken til sides i hagen vår. Medan eg gjorde det, tok eg ein liten kikk nedi sekken. Eit par damestøvletter, ei tynn kåpe, ein bluse – og ein parykk. Brått kom der ei uro og eit kaldt ubehag over meg. Her må det ha skjedd noko kriminelt. Eit ran? Eit mord? Eit partert lik i skogen opp mot Løvstakken? Og her var sekken med bevismaterialet! Eg la sekken med bevis frå meg under eit tre. Der vil han liggje til neste gong eg fer til ein gjenvinningsstasjon. Bevis vil då forsvinne, mysteriet vert ikkje oppklart. Men eg vert kvitt problemet.

14 mai 2010

Nynorsk = diskriminering?

Det såkalla Likestillingsombodet melder om at dyslektikarar får "fritak fra sidemålsundervisning" i allmennlærarutdanninga, og at ein har fått OK-signal om det frå Kunnskapsdepartementet.

Her er det mange prinsipielle spørsmål som reiser seg. Det viktigaste gjeld dei som skulen er til for å tene: elevane og kunnskap i skulen. Med ei fritaksordning i målformene vil ein altså få lærarar som ikkje kan lese og skrive nynorsk, og dei skal lære elevar å lese og skrive nynorsk – både som hovudmål (der nynorsken skal brukast i alle fag) og som sidemål. Dette vil i så fall gjere at skulen ikkje vert i stand til å oppfylle sine overordna målsetnader der kompetanse og kulturkunnskap knytt til nynorsken spelar ei rolle. Det vil òg vere i strid med dei overordna intensjonane om jamstelling mellom nynorsk og bokmål. Vi får altså ei ny diskrimering som gjeld fleire.

Elles merkar ein seg språkbruken. For det fyrste har ein aldri hatt "sidemål" i lærarutdanninga; ein har hatt krav om vurdering i skriftleg nynorsk og bokmål. Alt her er språkbruken tendensiøs. Dersom ein skal få fritak frå "sidemålsundervisning" går ein meir radikalt til verks enn det som gjeld vidaregåande skule, der visse grupper har fritak frå vurdering i skriftleg sidemål

Sjølv om Kunnskapsdepartmentet har sagt ja til velsigninga frå Likestillingsombodet, er det slik at departementet må lage ei forskrift, og den forskrifta må på høyring, så her er ingenting vedteke. Men haldningane er tydelegvis at nynorsk per definisjon er diskrimerande. Liknande haldningar finn vi i fleire andre samanhengar, t.d. i PPT-kontor i nynorskkommunar der den lokale logopeden avgjer at elevar med lese- og skrivevanskar i kommunen skal lære bokmål.

Ei lita oppdatering: Underteikna har eit innlegg om denne saka i Utdanningsnytt.

13 mai 2010

Ivar Aasen i russe-limousin


I alle fall driv russ i Ulsteinvik aktivistarbeid for nynorsken med å køyre rundt i ein limousin. På bilen har ein Aasen-sitat, og ein stoppar opp ved kjøpesenteret og ropar "Ut med dansknorsk, inn med norsk, Henrik Wergeland var ein torsk". Tydelegvis har ungdomen i Ulsteinvik lært noko i norsktimane. Eg synest dette lovar godt. NRK Møre og Romsdal har eit innslag om saka i samband med 125-årsjubileet for jamstellingsvedtaket i går.

04 mai 2010

Skal nordiskfaget avviklast?

- Problemet er at nordiskfaget har vorte avhistorisert og avnasjonalisert i tråd med den allmenne avideologiseringa av faget. Resultatet er at nordiskfaget er vorte mindre viktig.

Ja, det skriv eg sjølv i eit innlegg i På Høyden.

08 februar 2010

Skulemaset

Kristin Halvorsen vil ha ein kulare skule. Twitter, Facebook, hipphopp, film og magedans inn i norsktimane i ungdomsskulen for å hindre fråfall i vidaregåande skule. Og dessutan leksefri skule. Reaksjonane kjem: Halvorsen vil ha inn det elevane bruker all fritida si på.

Hipphopp eller magedans er ikkje i seg sjølv fy-fy; det er interessante ting å ta føre seg og å bruke i skulen for å få meir innsikt i språk, kultur, litteratur, whatever. Nettopp difor er det ein bør utvide tekstgrunnlaget og kunnskapsgrunnlaget for språkopplæringa, og setje slike fenomen inn i ein fagleg samanheng.

Eg orkar likevel ikkje maset om at skulen skal ha meir av det kule, berre fordi det er kult. Det er her Kristin Halvorsen hoppar i fella, den fella Thomas Ziehe har skrive om i 35 år, og som heiter elevsentrert pedagogikk. Den gjer at elevar forventar at alt som skjer i skulen skal ha direkte relevans for dei. Samsvarbsbøying? Ikkje relevant for meg. Vesaas? Ikkje høyrt om, ikkje interessant. Lærarar fylgjer opp med å forenkle og aktualisere. Får elevane til å diskutere Ibsens problem i ljos av aktuelle problem - utan at elevane faktisk les Ibsen. Ei masteroppgåve av Julie Laurantsen (2006) illustrerer dette siste. Ei anna sak er at Halvorsen ikkje ser ut til å reflektere over spørsmålet om demokratisk tilgang til kunnskap, også for dei som ikkje kjem frå heimar med bokhyller. Kritikken av den linedelte ungdomsskulen i si tid handla bl.a. om det.

Avstand mellom skuleretalert kunnskap og dagleglivskunnskap er ikkje i seg sjølv noko vonde. Avstand i kunnskapsdomene er med på å skape refleksjon og dermed læring; Vygotsky har skrive fornuftig om det. Men avstanden skal ikkje vere for stor heller. Balanse er ei utfordring. Problemet i skuledebatten er at ein lett vert pressa inn i ein meiningsposisjon som er fordummande, og difor orkar ein ikkje.

06 februar 2010

Det vandrande mennesket

"Mennesket er eit oppreist, vandrande vesen. Dette er den konkrete årsaka til vår suksess som art. Likevel er det sjeldan me tenkjer over kor viktig det er å kunne gå eller vandra. Særleg dei formålslause, pretensiøse vandringane har ein tendens til å bli oversette."

Slik heiter det i vaskesetelen til årets nye kultbok, nemleg Finn Tveito si essaysamling, Det vandrande mennesket. Her er det tale om korleis det å har vorte framstilt i litteraturen, frå dei engelske romantikarane, som William Wordsworth og Henry David Thoreau, gjennom flanøren, Virginia Woolf, Knut Hamsun, Thomas Bernhard, Peter Handke, Arthur Rimbaud og Franz Kafka, og fram til Tomas Espedal. Det er ikkje berre tale om lange vandringar, men òg dei korte vandringane i nabolaget.

Sjølvsagt er forfattaren òg innom hovudpersonen i Dag Solstad sin roman 16.07.41, ein roman som tidlegare har vore kommentert i denne bloggen.

Forfattaren ymtar om at det er tale om ein kamuflert roman der lesaren er hovudpersonen. Det kan vel så mykje vere skrivaren som er hovudpersonen, for han er tydeleg til stades i teksten.

Denne boka er det berre å skaffe seg.

18 januar 2010

Namnet

Ettersom det er rundt ei veke til ein ny borgar skal kome til verda, melder spørsmålet om namn seg. - Kva skal guten heite?

Sjølv har eg ikkje sagt så mykje om saka. Tenkt at namnet må ein kunne vente litt med; at ein må sjå kva ungen heiter, og at namnet då vil kome meir eller mindre av seg sjølv. Ho som ber barnet i magen har vore langt meir oppteken av namnespørsmålet. - Kva meiner du om namnet? Du må vel meine noko, seie noko om det?

Det enklaste er sjølvsagt oppattkalling. I min generasjon var opplegget klart og greitt: Den fyrstefødde fekk namn med førebokstav frå farssida, den andrefødde fekk førebokstav frå morssida, den tredje fekk frå foreldra sjølve. Deretter var det meir fritt fram kva namn ein kunne velje for ungane, om ein då fekk fleire. Oppattkalling er tradisjon, men gir eit enkelt og gjennomsiktig system som sparer ein for ein del bryderi. Avgrensinga til førebokstavar (og ikkje repitisjonsmønsteret Olav-Tarjei-Olav etc.) gir samtidig val.

Den andre framgangsmåten, å velje namn fritt og uforankra, utan bindingar og tilvisingar, høyrest ideell ut, men er samtidig naiv, som om mennesket er fritt og språket er bindingslaust. Uforankringsposisjon forsterkar vidare kjensla av at eit namneval skal vere noko eksistensielt.

I min generasjon fekk folk òg mellomnamn av typen "Per Magne" og "Endre Otto". Dette har gått av moten dei siste åra i og med at båe foreldra vil ha med sine etternamn med, dvs. at den eine sitt etternamn vert mellomnamn og det andre vert etternamn, og då vert det for mykje med eit ekstra mellomnamn. Det resonnementet vil òg gjelde med denne ungen, jamvel om ein då vil måtte unngå den sunnmørske spesialiteten med tostavings førenamn og eittstavingsmellomnam. Det vil seie at namnestruktren vert: x + mors etternamn + fars etternamn.

Eit anna kriterium for namnevalet er det nordiske. Det utelet t.d. eit keltisk namn som "Njål". Og det vil utelate bibelske namn som "Johannes".

Vidare må tydinga av namnet vere gjennomtenkt. Folk lever godt med namn som "Trym" og "Loke", men dei litterære figurane Trym og Loke var såpass spesielle at ein bør ein tenkje seg om før ein set slike namn på ein unge. Ein bør òg tenkje seg om når det gjeld namn som peikar i spesielle interesser som går i ei anna lei enn vanlege fritidsaktivitetar, t.d. viser "Njord" til havguden som ikkje likte fjellet. Og ein skal vere varsam med å verte for esoterisk. Eit namn som "Ask" kan gå i ei slik retning. Og kanskje ikkje vere for pretensiøs med namn som "Brage".

Fonetikarar meiner at eit førenamn ikkje bør ende på same lyden som namneforma etterpå byrjar på. Det vil seie at "Olav" er uheldig når forma "Vevle" kjem etterpå. Men det er eigentleg ikkje så farleg når ein tenkjer seg om.

Men om vi no går tilbake til dette med oppattkalling. Dersom ein tek utgangspunkt i farssida vil namn som "Trygve", "Tryggve" eller "Trygg" vere gode. Dersom ein tek utgangspunkt i morssida har ein moglegheiter som "Oddmund" og "Ingemund".

Eller ein kan velje noko som ein tykkjer t.d. er "fint", som "Sjur" eller "Sjurd", eller gå inn for å vilje rehabilitere visse namn, t.d. "Vidkunn", "Loke" eller "Adolf", men det er ikkje heilt bra å skulle gi ei slik oppgåve til andre. Ei moglegheit er å kalle opp etter katten, "Sofus".

Og dersom ein ikkje har funne på noko innan eit halvt års tid eller så, vil staten berre gi ungen eit namn. Eg har lurt litt på kven det er som gir ungar namn på den måten, og om det er mange det gjeld.