21 desember 2008

Dansketida tek hemn

Den utan tvil mest nedslåande språkpolitiske hendinga i år kom 18. desember. Då gjekk ein samla kulturkomite på Stortinget inn for å gi grunneigarar særleg makt i normering av namesaker. Innstillinga frå komiteen kan lesast her. Noko av det mest kreative i innstillinga er at ein viser til skriveformer som er innførde på eit historiske seinare tidspunkt enn det som er opphavet til namnet; det vil i praksis seie dansketida. Slike former vil ein no opne opp for (t.d. Wiig for Vik og Hoel for Hol). Kulturkomiteen meiner nemleg det har "en historisk verdi i å kunne videreføre skriveformen fra den tid da en begynte å fastsette stedsnavn i skriftlig form". Dette synet inneber eit paradigmeskifte i høve til det som har vore gjeldande namnepolitikk. Men no er tydelegvis fornorskingsperioden over. Dansketida tek hemn. Vi ser ei refordansking av språkpolitikken.

Sidan grunneigarar kan få gjennomslag for "sine" former vil vi no få valfridom i skrivemåten av namn, dvs. former som "Vikaskjæret", "Vigskjæret" og "Wichskjæret" om einannan, jf. denne illustrasjonen.

Det er ganske spesielt at ein samla kulturkomite har gått inn for det ein har gjort. Senterpartiet er rett nok eit interesseparti for grunneigarar, så der er det gjerne ikkje anna å vente, men at AP, SV, KrF og Venstre gjennom ei dok 8-sak no har lagt grunnlaget for ei total kursendring i norsk namnepolitikk, i retning grunneigarstyre av namnepolitikken, det er faktisk litt overraskande.

Truleg kan vi i tida framover få inn nye Dok 8-framlegg t.d. om nynorsk frå FrP/Høgre i kulturkomiteen. Då kan det med såpass veike kulturpolitikarar som tydelegvis finst i kulturkomiteen, fort vise seg at språkpolitiske innstillingar (som Språkmeldinga) har liten verdi.

12 desember 2008

"Skolen"


Det er fleire som har etterlyst NRK sin dramaserie "Skolen" på dvd. Etterlysinga er på sin plass, og vil nytte høvet her til å oppmode rette vedkomande om å gjere noko i saka.

Når vi er inne på tv-seriar om skulen. Wikipedia har ei liste over ein del engelskspråklege slike. Men der er fåe seriar med lærarane i fokus. Lektor Tørrdal i "Stompa" er rett nok tøff, men vi får diverre ikkje vite så mykje om han.

05 desember 2008

Bokmål må kvoterast inn ved UiB

No melder Bergens Tidende at Universitetet i Bergen bryt Mållova ved å ha for mykje nynorsk. Der er over 80 prosent nynorsk i det eksterne tekstmateriellet, og det er for mykje, seier Språkrådet. Formidlingsavdelinga ved UiB seier på si side seg ikkje lei for at der er for mykje nynorsk, medan rektor meiner at ein no må kvotere inn meir bokmålsbruk, slik at det vert minst 25 prosent bokmål.

Greitt nok, i og for seg, Mållova skal fylgjast, men då må Politiet og andre lovbrytarar gjere liknande når det gjeld nynorsken. Eigentleg burde visse institusjonar som UiB, Høgskulen i Volda og Høgskulen i Sogn og Fjordane kunne få høve til å bruke meir nynorsk enn 75 prosent, av di det er tale om å synleggjere nynorsken og å vege opp i høve til den generelle neglisjeringa av Mållova.

Når det gjeld UiB, har ein her har ein medviten politikk om å styrkje nynorsken, og ein har lukkast når det gjeld eksternt materiell. Men når vi ser på intern målbruk innanfor administrasjonen, er det mykje som står att å gjere. Så det er aldri slik at ein kan liggje på latsida som målmann.

02 desember 2008

Gamle og nye blødmer


Det er vorte desember, og nok ein gong slår den økologiske isprodusenten Øystein Skjæveland til med gamle og nye blødmer i høve adventstida. Det heile finn stad på Logen Bar i Bergen tysdagskvelden kl. 19.30. Tilskiparen lokkar med gratis inngang. Om det så vert gratis is, er meir usikkert. Ein må møte fram for å få svar på det.

26 november 2008

Álvaratos, who cares?

Uttrykket "álvaratos" er færøysk og tyder ‘alvorleg tala’. Det er òg nytta i tittelen på doktoravhandlinga til Jógvan í Lon Jacobsen. Han skal disputere no på fredag kl. 9. 30 i Bergen. Prøveførelesingar torsdag kl. 15.30. Kom og høyr!

20 november 2008

Nøkkelfeil

Ein del lesarar lurer på om det finst nøkkelfeil, dvs. feil som er så grove og så symptomatiske for generell uforstand at dei automatisk kvalifiserer til stryk. Svaret er ja. I faget nordisk/norsk på universitet og høgskular vil t.d. det å blande "målform" med "målføre" automatisk innebere stryk. Å skrive om "norsk og sidemål" er sjølvsagt òg stryk. Å blande "vers" med "strofe" kvalifiserer òg til stryk. I tillegg er det nok på grensa til stryk å skrive at fordi ein har små barn, ikkje har hatt tid til å arbeide så mykje med spørsmålet som vert stilt. Somme vil elles slå ned på former som "hovedsaklig" på bokmål (istf. "hovedsakelig") og "autensitet" (istf. "autentisitet"), men det er nok for strengt å gjere desse formene til nøkkelfeil.

Skal sjå om eg kjem på meir etter kvart.

31 oktober 2008

Biten i ryggen


Nok ein gong har jotun vore på ferde. Det er slike skapningar islendingane refererer til når dei talar om þursabit, ‘tussabit’, for det vi kallar hekseskot eller lumbago. Men eigentleg er det altså tussane som står bak.

23 oktober 2008

Den doble bobla




Når både "På høgdi" og NRK skriv om Double Bubble-kampanjen, bør nok denne bloggen òg nemne honom. Det er tale om ein haldningskampanje for å fremje språklæring. Dei som har vore på Bergen kino, har nok fått med seg kampanjen. Det heile er forresten betalt av EU.


Kva er så poenget med den doble bobla? Fenomenet er velkjent for alle barn som har blåse såpebobler. Det hendar då stundom at to bobler vert kopla saman med kvarandre, og dannar ei samansett boble. Denne samansette bobla vert då samla sett større, samtidig som det framleis er tale om to boble-einingar, for dei to einingane vert delte av ein membran som vert danna gjennom samansetjinga. Denne membranen er den som både skil og held boblene saman til ei dobbel boble. Fenomenet dobbel boble har fascinert fysikarar og matematikarar i 2000 år, men det som er interessant for vårt føremål, er å sjå på den doble bobla som metafor for språklæringspotensialet. På same måte som bobler koplar seg saman, tileignar ein seg nye språk på grunnlag av den språkkompetansen ein har frå før av, og det nye språket (den nye bobla) gjer jo at ein til saman vert større og sterkare. Metaforen er nyttig i høve til dei etablerte misoppfatningane om at hjernen har avgrensa kapasitet for å lære seg språk, og at framandspråkslæring og sidemålsopplæring kan vere skadeleg. Di fleire språk ein kan, di lettare har ein då òg for å lære seg nye språk.

Det er mogleg at der er visse problem med dobleboble-metaforen. Er ikkje det tale om to ulike volumeiningar då? Men slike problem tek vi ikkje på denne bloggen.

18 september 2008

Ut på tur, men kvar?


Ikkje så lett å velje når ein står på flyplassen i Kangerlussuaq. Elles kan dei som er interesserte i å sjå på fine grønlandsbilete, gå inn her.

03 september 2008

Masterkandidaten


Å skrive masteroppgåve er ikkje akkurat gjort i ein fei, men no er ho levert. Ja, ikkje av meg, då, men av personen på biletet.

26 august 2008

Mat for Mons

Ordføraren i London, Boris Johnson, fortel at OL i 2012 tyder at "ping-pong is coming home". Det var jo engelskmennene som fann opp ping-pong på 1880-talet; då som "whiff-whaff". Og oppfinninga viser ein nasjonal karakter, ifylgje Johnson. Franskmenn som såg eit stort bord på 1800-talet, såg høvet til ein betre middag. Engelskmennene, derimot, såg moglegheita for å spele ping-pong. Tydelegvis er det mange gode oppfinningar ein kan gjere så lenge ein ikkje kastar vekk tida på å tenkje på mat, slik ein gjer i vårt hus. Kanskje vi heller skal ta ein tur og sjå kva nærbutikken har i frysen.

27 juni 2008

Fiskestang


Etter inspirasjon frå det lystige sigøynarliv på Sotra har ein investert i ny fiskestang. Det er på tide å gå ut i naturen.

Språkmelding


Så har den fyrste språkmeldinga etter Vogt-innstillinga på 1960-talet kome, og du kan lese den her. Noregs Mållag meldte fyrst at språkmeldinga var "super", seinare at ho var "ofsa bra", medan Aftenposten meldte at no skulle nynorsken verte strammare og strengare. Det som slår oss, er at språkmeldinga er nyansert i spørsmålet om nynorsk normering, og oppslaget i Aftenposten er ikkje heilt dekkjande for det som faktisk står i meldinga. Det vert i språkmeldinga presisert at "nynorsken framleis skal vera slik utforma at han kan ha appell til språkbrukarar over heile landet, og at ein ikkje stengjer ute former som er i allmenn bruk blant breie grupper av nynorskbrukarar". Elles er det ein del som ikkje er klårlagt i meldinga, t.d. spørsmålet om kva Språkrådet skal få avgjere sjølv, uavhengig av departementet. Også bruksområdet for Mållova vil ein kome tilbake til. Og vi noterer oss at ein ikkje kjem med språkkrav knytt til momsfritaket for VG og Dagbladet, men i staden oppmodar avisene til å bruke nynorsk. Diverre er det slik at av oppmodingar veks det som oftast ingenting. Elles ser vi at riksmålsordboka til Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur skal få mykje pengar i tida framover. Deira ordbok er den som staten satsar på. Såleis er det riksmålet, ikkje bokmålet, som er alternativet til nynorsken. I det heile teke er det mykje interessant i meldinga, så vi får lure den med som strandlektyre.

24 juni 2008

Språket


Til språkmeldinga kjem på fredag kan fryde seg over korleis Stephen Fry her legg ut om språk generelt. Lingvistisk sett ikkje så verst. Her finn ein både Chomsky og Wittgenstein.

30 mai 2008

Jordskjelv

Ein er på tur til Island, og best som ein sit i ein kafi i Laugarvegur i Reykjavík, kjem det eit jordskjelv. Det knakar i bygninga, klirrer frå hyllene, verkar som om taket vil dette ned og vindauga vil breste. Kva gjer ein då? Svaret er enkelt. Ein sit roleg og kommenterer overfor dei andre at jammen så kjem det ein jordskjelv. Og ein av dei andre rundt bordet seier at jordskjelv her er av ei anna type enn dei i Asia; her legg ikkje jord seg i lag over anna jord; det vert heller laga kløfter i jorda. Kva som er verst eller best, er ikkje godt å seie. No heitest det at eit jordskjelv kjem sjeldan åleine, og at det er forventa å kome eitt til på Island. Men kva skal ein gjere med det? Ein kan ikkje gjere anna enn å halde på med sitt, til jordskjelvet brått kjem.

20 mai 2008

Konsert med Kor e tonen


Du fekk kanskje ikkje med deg Kor e tonen frå vikingskipet på Festplassen 17. mai? No har du sjansen til å oppleve det eminente koret i Gimle sundag kl. 19.00. Du får òg høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kaker etter konserten.

Eit dementi

Flittige lesarar har merka seg at det har vore lite skrive her den siste tida. - Du har vel så mykje å gjere, legg dei til. Det høyrest tilforlateleg ut, det. Men når rett skal vere rett, har eg vel ikkje hatt mykje å gjere. For ordens skuld gjer eg lesarane merksame på det.

23 april 2008

Ny salmebok

Det er ikkje så ofte denne personen er i kyrkja, men er ein der, så syng ein. Difor er salmeutvalet interessant. Her kan du lese framlegg til ny salmebok. Mindre Blix og meir Carola og Mette-Marit-svisker, heitest det. Korslageren "Ubi caritas" er elles med - fin, men vert han ikkje fæl som allsong? Blar ein opp i dei ulike underkapitla, ser ein elles at nynorskdelen er altfor låg. Der er ingen gravferdssalmer på nynorsk. Synd då for den som kjem til å døy i perioden til komande salmeboka. Men det kjem ein høyringsrunde, så ingenting er avgjort.

14 april 2008

Hipphopp i språkteigen





Språkteigen i dag snakka språkvitaren om hipphopp og språk. Han fortalde frå eit innlegg han hadde halde i Amsterdam, på Sociolinguistic Symposium (i lag med ein språkforskar frå Oslo). Dei som er interesserte, kan lytte til opptaket frå 14. april på heimesida til Språkteigen. Språkvitaren har ikkje lytta på det sjølv, men var jo til stades under direkteopptaket, og veit difor at ein òg (i tillegg til t.d. tysk rap) kan høyre opptak frå den samiske gruppa Duolva Duottar. I denne samanhengen bør det nemnast at ein av dei som har gjort suksess i Finland siste tida , Amoc, rappar på enari-samisk. Det er fåe som forstår enari-samisk, men det gjer ingenting så lenge det er tøft.

13 april 2008

MacLuft


Det har vore lite aktivitet på denne bloggen ei stund no. Ikkje at forfattaren har mangla stoff å skrive om, eller at han har vore på latsida. Tvert om, burde eg tilføye. Men kanskje kan sjølve blogginga vert meir frekvent med ny maskin? PowerBooken i titan frå 2001 har vore litt vanskeleg å reise med ei stund, så no kjøpte eg like godt det kulaste og lettaste ein kan få, nemleg MacBook Air . Ikkje berre er maskina stilig, ho er òg miljøvenleg.

06 mars 2008

Snart 8. mars

Eg går gjennom dei vassfulle gatene i Bergen, og kjenner ei uro kome over meg.

25 februar 2008

Blix

No har Blix-biografien kome. Den gjeld ikkje Palme-etterforskarskaren Hans Blix, men sjølvsagt presten og salmediktaren Elias Blix

"Sex og singelliv"

22 februar 2008

Samantha møter ei nederlandsk setning


Verbet er det viktigaste leddet i ei setning. Det er den utløysande faktoren, klimaks, utløysinga. I ei norsk setning kjem verbet ganske tidleg. I ei tysk setning er det annleis. Setninga får gleda av å krike og kroke seg gjennom alle moglege slags ledd, med alle moglege slags sidesetningar og bisetningar, den eine meir innfløkt enn den andre, før ho til slutt, gjerne etter endå meir pirring, om og men, fram til klimaks kjem. Kva så med setningar som har ein serie verb etter seg? Altså språklege serieklimaks? Rykta går om at Samantha i filmatiseringa av "Sex og singelliv" møter ein nederlending som kjem med denne setninga, som er heilt normal på nederlandsk: "Ik zou jou daar hebben willen zien durven blijven staan kijken." Sju verb etter kvarandre må vel vere tilfredsstillande, jamvel for henne. Om då ikkje tysk kan kome med noko betre.

18 februar 2008

Gardermoen i Bergen

No har Bergen omsider fått eit bygg som innvendig minner litt om flyterminalen på Gardermoen. Det gjeld sjølvsagt det nye Studentsenteret i Bergen. Den som ser på fargebruken, dørene, kombinasjonen av stål og treverk etc., ser raskt likskapane. Visse skilnader er der likevel. På Studentsenteret kan du t.d. ikkje ta ein lyddusj. Og på Gardermoen kan du ikkje hoppe i bassenget.

06 februar 2008

Saman er ein mindre åleine


I dag er det den samiske nasjonaldagen. Tradisjonen tru sender vi gratulasjonar!

30 januar 2008

Stressless


Den som ikkje fekk med seg innslaget om "Stressless" i Språkteigen på måndag, kan høyre reprisen på sundag, eller lytte her. Det er ingen tvil om at Stressless er den beste stolen å sitje i, sjølv om miljøet rundt kona til Stoltenberg synest den er harry. Diverre er den betre halvdelen på heimefronten òg fisefin i høve Stressless, så det er grunnen til at min Stressless Royal er i kjellaren, og at eg må sitje dårleg i sofaen. Interessant då å lese kva Jan Kjærstad seier om nettopp Stressless Royal.

24 januar 2008

Til kamp mot sjølvironien

Det er sjølvsagt morosamt med nazi-parodien på Noregs Mållag som vi kan sjå i NRK-programmet Ut i vår hage. Og sjølvsagt kan ikkje Noregs Mållag seie noko anna til "Dagbladet" i dag enn at "alle på kontoret skoggerlo" og at ein tek det på ein sporty måte. På same tid slår det ein at det mest radikale ein kan vere i dag, er å vere sint og fornærma. Er ein sint og fornærma, er ein ille ute. Sjølvsagt er denne undertrykkinga av sinnet og denne sjølvironitvangen delar av den symbolske valden åt bokmålsveldet.

No er i og for seg dømet med "Ut i vår hage" ikkje det beste dømet, det var faktisk litt artig. Men ein stad må ein byrje, skal ein kjempe imot sjølvironien. Det er gale nok med gladkristne, om vi ikkje skal ha gladmålfolk overalt òg.

15 januar 2008

Nynorskforfattarar med sidemålsbakgrunn

"Det er likevel utenkelig, tror jeg, at ny fremragende litteratur på nynorsk kan skapes av andre enn dem som har nynorsk som sitt hovedmål." Dette skriv den gamle nynorskmotstandaren Kristin Clemet i Riksmålsforbundet si avis, Ordet. Eg har ikkje noka oversikt over korleis mange nynorskforfattarar som ikkje hadde nynorsk som hovudmål på skulen, men det gjeld i alle fall t.d. Frode Grytten og Sigmund Løvåsen. Ei flittig sjel burde nok ta på seg å lage ei oversikt over nynorskforfattarar med sidemålsbakgrunn.