28 mars 2006

Trå

Eg les i Klassekampen at Sarah Kane er "aktuell". Eg kjenner berre til "Crave" av henne, men det er i alle fall eit stykke eg likar, og det kan med fordel lesast på ulike språk og sjåast på ulike teaterscener. "Crave" er omsett til nynorsk av Finn Iunker, og den omsetjinga er framifrå (skal ikkje seie noko om Iunkers private nynorskkonsulent). Tittelen kunne derimot ha vore annleis. Den vart "Må". Finn Iunker smatta på "Trå", men forlaget likte ikkje den tittelen. På tysk er tittelen forresten "Gier", og ein kunne òg ha valt "Gir" på norsk (sjå forresten Fløgstads utgreiing om "GIR" i kp. 4 del 1 i "Det 7. klima"). Men "trå" er betre. Det er meir futt over det å trå etter eigedomen og ektemaken åt nesten sin enn det å gire/vere gira på eigedomen og ektemaken åt nesten sin.

Elleve lausrivne sitat frå den norske omsetjinga:
- Eg har feika orgasme før, men dette er første gong eg har feika ikkje å få orgasme.
- Når han er raus, vennleg, omsorgsfull og glad, veit eg at han er utru.
- Det som bind meg til deg er skuld.
- Du er ikkje eit dårleg menneske, du berre tenkjer for mykje.
- Eg såra henne, er ikkje det nok?
- Høyrer du nokon gong stemmer? Berre når dei snakkar til meg.
- Sigarettane drep meg ikkje fort nok.
- Det er som å vente på å håret skal gro.
- Eg drikk ikkje. Eg hatar røyking. Eg er vegetarianar. Eg driv ikkje og køddar. Eg har aldri kjøpt meg hore, og eg har aldri hatt smittsame sjukdomar bortsett frå litt sopp. Dette har nok gjort meg til ein sjeldan fugl, for ikkje å seie eit unikum.
- Eg vil ikkje døy einsam og ikkje bli funnen før skjelettet er reint og leiga gått ut.
- Vi elska, så kasta ho opp.

24 mars 2006

Kryptisk song og spel for galleriet

Folkemusikk-konsert i kveld, fredag 24. mars, kl. 19.30 i Galleri Gathe, Strandgt. 86 (Gågata). Utøvarane: Eirin Røykenes (song), Anne Murstad (song) og Ingvild Kleiveland Vevle (hardingfele). Inngang kr. 80, og dørene opnar kl. 19. Ein får kjøpe både øl og vin, og kan elles sjå på utstillinga av Janine Magelsen og Lise Bjørne. Så her er det berre å kome seg på konsert.

22 mars 2006

Livet i revy

Kvar gong eg slår av og så slår på att PowerBooken min, vert datoane "nulla", dvs. eg endar alltid opp med 1. januar 1970. Spør meg ikkje kvifor. Sender eg då epost får ebrevet sendardato 1. januar 1970. Lite lurt. Når eg så klikkar på tasten for å nå 2006 ser eg alle årstala, 1971, 1972, 1973, 1974, 1975, 1976, 1977, 1978, 1979, 1980, 1981, 1982 osv. rulle forbi. Og det er nett som livet rullar forbi. Kva skjeddde desse åra? Kva har eg fått gjort på denne tida? Er eg verkeleg så gamal? Slik vert eg sitjande og fundere kvar gong eg slår på Power-Booken.

18 mars 2006

Retorikk utan engasjement

Arbeidarpartiet har laga eit grundig notat for korleis ein skal møte FrP. Notatet kan lesast i Aftenposten, for ein klarte å feilsende notatet til ein FrP-politikar. Eigentleg mykje interessant i notatet. (Minner forresten litt om fraksjonsnotata frå mållagslandsmøtet 1999 [dei vi reine fekk sjå i forfjor].) Problemet er meir at forfattaren, 1. amanuensis Jens E. Kjeldsen, jo gir seg ut for å vere "nøytral retorikkekspert". Kjeldsen driv på den eine sida, ved sida av universitetsstillinga, eit selskap som bl.a. får pengar frå Arbeidarpartiet for å gjere retorikken deira betre. Dinest får han pengar frå aviser for å vurdere t.d. Arbeidarpartiet sin retorikk. I notatet skriv Kjeldsen om korleis Stoltenberg skal få Siv Jensen til å verke sur. Deretter gir han dommar i Aftenposten og BT om ordskifte mellom Stoltenberg og Siv Jensen, og seier der at Jensen verka sur.

Vel så interessant er det Kjeldsen seier til Bergens Tidende i dag: "Eg har ikkje noko politisk engasjement". Vidare: "Eg har berre utført eit oppdrag. Eg har uttala meg om faget mitt." Herrejeremias. Det er fantastisk at ein oppegåande person som uttalar seg om samfunsspørsmål kan fråskrive seg sitt eige ansvar som samfunnsaktør. At han så seier at han jamvel vil ha kurs for Unge Høgre, får meg til å lure. Kjeldsen driv her, til liks med sofistane i si tid, anvendt retorikk (til dei som kan betale). Det er ikkje noko gale med det (jamvel om universitetsfolk ikkje skal drive business). Problemet vert meir mangelen på medvit og sjølvrefleksjon. "Berre eit oppdrag". Som om det ein gjer har ingen politiske implikasjonar. Og kvifor berre fokusere på den forma for retorikk som er instrumentell? På den retorikken som gjer den strategiske handlinga til mønster for talen? Det var nettopp den same fella sofistane gjekk i (og som Platon skriv om i "Gorgias"). Det var retorikk utan engasjement, utan medvit og utan kritisk potensiale.

17 mars 2006

E-søknad

I dag skulle eg sende inn ein prosjektsøknad til eit program i Forskingsrådet, praksisretta FOU i grunnopplæring og lærarutdanning/. Vi er ein gjeng på HF som har kokt i hop noko vi søkjer litt "prosjektutviklingsmidlar" til, det heiter "Strategiar for språkkompetanse", og eg skal stå som leiar. Problemet er at Forskingsrådet berre vil ha elektroniske søknader, e-søknader, og sjølvsagt klussa alt seg rett før 12 då fristen gjekk ut. Vi var ikkje ferdige før, men då byrja alt å gli på plass, klokka var fem på tolv, alt verka greitt, men så kom ikkje søknaden seg av garde. Feilmelding, men inga spesifisering. Og då klokka vart 12, låste alt seg. - Ein tidsfrist er ein tidsfrist, seier systemet. - Etter den slettar eg alt, held systemet fram. Så alt det med budsjett, milepålar, den ti siders prosjektskildringar, dei mange møta gjennom fleire veker – er alt dette forgjeves? Kanskje like godt. Får sjå kva dei seier på måndag. Lagnaden avgjer.

13 mars 2006

Typisk oslosk

Ei lang kor-helg. Omsider sundagskveld, og eg set meg ned og kveikjer fjernsynsapparatet. Jammen santen så er det ikkje "Typisk norsk". Men det er ikkje mykje eg får sjå. Arne Torp på Island får eg med meg. Men når denne Petter-kvikkasen skal kjekke seg med målstriden, vert sambuaren så arg at eg ikkje ser anna råd enn å sløkkje fjernsynet før ho kastar det ut av vindauget.

10 mars 2006

Nynorsk i BA

Torsdagsmorgonen hadde Bergen Målungdom aksjon utanfor redaksjonen til Bergensavisen – for nynorsk i BA. Eit framifrå tiltak! Skriv under her. Ordskifte med heilt uhyrlege utsegner finn du her. Nokre smakebitar:

• "Nynorsk er et facsistisk lavkastesystem for striler og ferdig med den saken."
• "snart skal vel BA trykkes på muslimsk også...eller hva med svensk , ??Mål laget kan vel trykke sin egen avis siden det visstnok skal være så stor intersse.."
• "Det siste vi trenger er en Bergensavis på grautmål. Nynorskfanatikere som søker å nynorskifisere Bergen befinner seg i feil by. Reis til Telemark!!!"
• "Ka i svarte e det folk tenker me???En eller annen tulling som har klart å finne på at vi BERGENSERE skal ha mer nynork må jo vere helt tett i pappen. Vi e jo BERGENSERE... Vi har vår egen dialekt og egen måte å skrive på."
• "Til HELVETE MED IVAR AASEN. Nynorsk skaper forvirring og forurenser språket.La bøndende fortsette å skrive nynorsk, men la det være valgfritt."

For ordens skuld: Eg ser der er fleire gode innlegg for nynorsk òg.

08 mars 2006

Matriarkatet

- Skal vi ikkje gå ein tur? spør den betre halvdelen. - Gå du, svarar eg. For i dag er det tryggast å halde seg innandørs. Som nemnt i 10000000 avisartiklar og 100000 bøker er dagens feministar kåte, og er det noko eg vil unngå, så er det å verte krafsa på når eg går ut. Eg er nok ikkje åleine om det. Det er vorte heilt normalt at kjekke nestenunge menn held seg vekke frå offentlege stader, av di ein vil unngå sexpress.

Noregs Mållag på tysk

I visse miljø diskuterer ein kva Noregs Mållag kan heite på tysk. Aktuelle alternativ så langt:
• Norwegische Sprachgesellschaft
• Gesellschaft für die norwegische Sprache
• Norwegischer Sprachverband
• Norwegischer Sprachverbund
• Norwegische Organsation für Neunorwegisch
• Sprachgesellschaft Norwegens

Eg held ein knapp på "Norwegische Sprachgesellschaft". På engelsk er forresten nemninga Norwegian Language Society.

07 mars 2006

Pengar å tene på blogging

Jill Walker har fått 100 000 kroner frå UiB for blogg-sida si, jill/txt. Ho har nemleg vunne ein formidlingspris frå Meltzerfondet, skriv På Høyden, UiB si vevavis. Ikkje verst! Der er altså pengar å tene på blogging. Det viktigaste er likevel at blogging får status som forskingsformidling. For å gjentake meg sjølv: Ikkje verst! Så er då òg bloggane vår tids "Eige forlag". Eg les elles at Jill Walker er tilsett ved Seksjon for humanistisk informatikk. Det faget som i dag heiter "humanistisk informatikk" heitte forresten tidlegare "EDB for humanistar". Eg hugsar ein gong på 1990-talet, det var nokre realfagsfolk som lo så fælt av det namnet; dei lurte på om det ikkje òg fanst "EDB for kristne". Men slike dårlege vitsar får dei ikkje høve til å kome med i dag.

Stemmegrupper i kor

I eit blandakor er der visse spenningar mellom dei fire hovudstemmegruppene: bass, tenor, alt og sopran. For når ein går inn i ei stemmegruppe, går ein òg inn i visse roller, og desse rollene kan ein lese om her. Det ser kanskje litt teitt ut det som står der, men det er nok korrekt. Det gjeld vel òg det poenget om at sopranane er dåneferdige når dei høyrer tenoren, men likevel endar opp med å fylgje bassen heim. Dei råda ein finn her, kan derimot ikkje tilrådast.

02 mars 2006

Ane Dahl Torp

Example

Filmen "Gymnaslærer Pedersen" burde vel ha heitt "Nina Skåtøy". I alle fall er det ikkje mogleg å lese noko om filmen utan å lese om Ane Dahl Torp. Klassekampen merkar seg ut med å ha bilete av Ane Dahl Torp på framsida stort sett kvar dag. Dei dagane ho ikkje er på framsida, er ho inne i avisa. Ingenting gale i det. Pedersen er ein Serenus Zeitblom-figur som bør få sleppe mediemerksemd (jamvel om han i filmen fyrst og fremst er gjort til ein grabukk). Medan Skåtøy er den eldfulle (fantastsida er mindre kommunisert i filmen), og eldfulle kvinner gjer seg nok betre i media. Det kan diskuterast om den eldfulle sida er overkommunisert i filmen, t.d. i elskovscena (ein vossahistorikar meiner t.d. det i Dag og Tid), men den diskusjonen tek vi ikkje her.

Også denne vevsida tek med eit bilete av Ane Dahl Torp. Det er frå rolla som Nancy Drew i Radioteatret. Kvifor ho skal ha den frisyren og det kostymet for å spele i Radioteatret, er uklårt.

01 mars 2006

Seng og bøker

Det er ikkje for å skryte, men senga brotna.

Det var dei småe pilarane i midtstanga på sengebotnen som brotna. Eg hoppa opp i senga, som eg av og til gjer, og så kom der eit brak og alt rausa ned. Dramatisk var det, og naboane tenkte vel sitt. Men ingen kom til skade, og det viste seg at sengebotnen ikkje vart øydelagd, berre litt benda. Seljaren på Bohus sa i telefonen at slik går det når ein ikkje kjøper seng til 10 000 kr; han føreslo at ein legg bøker under, så held senga. Så etter ei natt på golvet, vart det i går lagt ein del bøker under midtstanga, og så la huslyden seg til for å sove. Det var vel ikkje fritt føre at ein gjorde seg sine tankar om kor vidt bøkene ville gli unna. Og medan ein låg og tenkte på slikt, var natta brått over, ein ny dag hadde kome, og det var på tide å stå opp.