24 august 2005

Berlin

Denne hausten skal eg vere i Berlin. Flybillettane er kjøpte, og vi reiser i byrjinga av september og kjem tilbake i midten av desember. Det vert sikkert ikkje så verst. Rett nok har vi, for vi er to, ikkje fått plass å bu, og det er ein del stress med å leite etter det. Ser etter på alle slags søkjemotorar (www.zitty.de, studenten-wg.de); vil gjerne ha ein treroms/toroms i t.d. Prenzlauer Berg, og slike vert fort tinga vekk. Men ting ordnar seg vonleg for dei som er greie.

Skal vere ein slags gjesteforskar ved Nordeuropa-Institut; det er det som er nordiskinstituttet i Berlin. Nordeuropa-Institut er del av Humboldt-universitetet. Så får ein sjå om det humboldtske universitetsideal er ein realitet, og om ein får inspirasjon til å tenkje fornuftige tankar dei siste månadene av postdoktorperioden.

Ein som nett hadde vore i Berlin sa at halvliterprisane var 16 kroner. Så det er då noko.

17 august 2005

Når ein ikkje er ungkar

Brått vart røyndomen så påtrengjande. I går var det heildagsseminar. Og i løpet av i dag, eller til naud i morgon, må ei hovuoppgåve og to store semesteroppgåver vere sensurerte. Studentar på Færøyane står og trippar. Kvifor kunne eg så ikkje ha gjort dette i løpet av heile den lange sumaren? Akk, ja. Slik går det når sumaren skal fyllast av sambuar og hundepass, av turar i skog og mark, og når ein høyrer til dei som får fnatt av alt som heiter "tidsplanlegging i fellesskap". Ein vert paralysert. Det er nok mest effektivt å leve eit singeltilvære. Då får ein jo opplevd ro, konsentrasjon, isolasjon. Kanskje det ikkje er råd å leve noko fruktbart akademisk liv når ein ikkje er singel? Kanskje må ein, som Eivind Tjønneland har sagt det, vere "gift med faget" dersom ein skal få fram noko interessant? Vel, vel, nok om det. Får gå laus på oppgåvene. Svart kaffi og oppgåver.

13 august 2005

Høgre har starta valkampen

Harald Victor Hove er ungdomskandidat for Høgre i Hordaland til stortingsvalet. No har Høgre laga ein film for Hove der kandidaten brenner nynorske ordlister på eit bål. Til Bergensavisen seier han: "Spynorsk mordliste som vi kalte den, he he. Jeg brenner den for å vise at vi vil ha bort tvungent sidemål." Ved sida av kamp mot nynorsk vil Hove satse på sprit til 18-åringar og billegare bilar som valkampsaker. Klassiske ungehøgresaker. Det er ikkje opplyst om Hove brenner sprit i protest mot spritprisane.

Kva skal ein så seie til dette? Her er det berre primitive metodar som er til hjelp. Eit tips i så måte: Hove har fått sportsbil frå pappa, og den står ofte parkert utanfor Gimle el. Høgres hus i Kong Oscarsgt. Er du hundeeigar, veit du kva hunden din bør gjere for å markere seg. Hjørnet på Høgres hus er òg ein fin plass for hundemarkeringar.

12 august 2005

Nye læreplanar

I dag kom Kristin Clemet og UFD med den endelege "læreplanen" for grunnskulen og vidaregåande opplæring. Eg har såvidt bladd i den delen av planen som gjeld norskfaget. Det er ikkje så mykje som er endra i høve til den versjonen Utdanningsdirektoratet laga. (Noregs Mållag laga ei grundig høyring til denne; den finst ikkje på Mållag sine heimesider, merkeleg nok, men er referert ein god del til i UFD og Utdanningsdirektoratet sine "vurderingar".)

For nynorsken er det viktig at den nye læreplanen presiserer at det skal vere sjølvstendig karakter for hovudmål og sidemål i ungdomsskulen og i vg2. Derimot er det ikkje presisert kor mykje sidemålsdelen skal telje for norskkarakteren i grunnkurs på allmennfag. Elles rydda jo direktoratet litt opp etter den førre høyringsrunden.

Det er elles interessant å merke seg at ordet "nasjonalt" no har kome inn to gonger. Det førre utkastet hadde ingen tankar om den nasjonale rolla til norskfaget; derimot var det svært mykje om globalisering. Samstundes er det ei merkeleg oppfatning norskfaget no skal gi av korleis "det norske" vart skapt. Det førre utkastet fekk pepar, av di det ville forklare korleis ”ulike forestillinger om det norske har blitt konstruert (...) på 1800- og 1900-tallet”. Det vert her implisert at “det norske” er noko som vart skapt på 1800-talet og skal koplast eintydig til nasjonalromantikken. No vert det sagt at ein skal "forklare hvordan ulike forestillinger om det norske ble skapt i sentrale tekster fra 1800 til 1870". Tja, kva skal ein seie til det? Garborgs tekst om den nynorske nasjonalitetsrørsla er frå 1872, og er såleis for seint ute...

Framleis er det mange målsetnader som er såpass ambisiøse at dei (med min kjennskap til nyutklekkja lærarar som veit mykje om litteratur og minimalt om språk) må vere urealistiske (t.d. jamføre norsk med samisk og jamføre norrønt med moderne norsk). At dei mange måla elles ikkje er rangerte, gjer at læraren sjølv må gjere eit utval, og då får smørbrødlista avgrensa verdi.

05 august 2005

Riise og halvkjendisane

John Arne Riise har no fått sleiping-stempel av det feministiske medievenstre. Årsaka er at han har sendt sms med same sjekke-meldinga til ein del unge damer med halvkjendis-status. OK, det er nok ikkje så lurt. Sjølv om ein kjent samfunnsdebattant på Grünerløkka meiner at dette er einaste måten å kommunisere med norske kvinner på, er der det aberet at kvinner jo snakkar saman, og at dei i motsetnad til menn snakkar om sjekking og dating. Og sidan halvkjendismiljøet i Oslo er ganske lite, spreier nyhende seg. Dermed har saka vorte "offentleg", og dei unge damene står fram i Dagbladet og fortel kor rysta dei er over slik framferd, og at dei sjølvsagt har avslått tilbodet.

På denne måten får damene fortalt kor populære og pene dei er, og at dei har hemmeleg mobilnummer. No må dei vel kunne verte heilkjendisar snart!

04 august 2005

Vekk med skogen!

Av ulike grunnar har eg denne sumaren halde meg på Vestlandet, vore frå Eigersund i sør til Molde i nord. Og når ein ferdast i ulike krokar og krikar av denne landsdelen, er det ein ting som vert meir og meir klart, og det er at skogen må vekk! Skogen må tynnast ut, elles øydelegg han meir og meir av kulturlandskapet. Fyrst og fremst gjeld dette grana. Som kjent er grana eit framandelement i vestnorsk natur. Det er ikkje i seg sjølv eit argument for at ho skal vekk, men det seier noko om kor dårleg ho passar inn, ho øydar jorda, spreier seg som ein farsott, stengjer for sol og utsikt, gjer at ein ikkje ser landskapet, skaper endå meir mørke og trangsyn i eit elles så regntungt landskap.
Eg er klar over at ein del no med ein gong vil kome med peikefingeren og seie "du din elendige plante-rasist", men dei som seier det, er caffelatte-drikkarar som held seg i byen og vil gå skogsturar for å kome seg vekk frå andre og inn i seg sjølv. Ta til dømes Romsdalsfjorden, den flotte utsikta som eg kunne sjå då eg som 7-åring sat i baksetet på ein Ford Cortina. No er det som å køyre frå tunell til tunell, i berg og i skog. (Ja, frå 1. juli kan ein skrive både "tunell" og "tunnel"). Eg var i Hardanger i helga, på bryllaup i Norheimsund, og dagen etter tenkte vi at det kunne vere fint med ein tur langsmed Hardangerfjorden. Men nei, skog, skog, skog. Hadde no bøndene vore om seg og hogd ned skogen. Men nei! Grantrea vert større og større, og gardsarvingane let andre slå markane for seg, og tenkjer ikkje på den ville skogen. Når ein går turar i Nordhordland ser ein jamvel at det vert planta nye tre på opne og solfylte lier! Med statsstøtte! Det er heilt absurd. Ein burde ha betalt straffetoll for å plante nye tre, og så er det faktisk omvendt! Eg er ikkje imot bønder, tvert imot, eg er for desentralisert norsk jordbruk, og eg stør alle som vil skaffe seg eit småbruk, men som ikkje får det (pga arvingar som bur i byen og som vil halde på garden og som får lov til det pga. slappe kommunar ikkje handhevar bu- og driveplikta). I det heile teke. Men skogen må vekk. I alle fall må han tynnast ut. Når eg går turar på Sunnmøre er det det same. Utsikta forsvinn, landskapet forsvinn.

Eg er sjølvsagt klar over at skogsfarsotten heng saman med at småe gardsbruk vert lagde ned, med intensiveringa av landbruket etc. Men ikkje berre det. I alle fall kunne ein ha tenkt litt nytt. Eg ser føre meg eit par tiltak:

- Langsmed vegane høgg vegvesenet ned skog som stengjer for utsikt mot fjorden.
- Bønder kan gjere gode pengar på å la folk drive sjølvhogst i skogen deira, det gjeld særleg bjørkeved, grantrea er no så store og farlege at det må maskinar til.
- Det må innførast forbod mot planting av grantre på Vestlandet. Dispensasjon kan gjevast for juletre.
- Ein må få i gang eit program for å fjerne mest mogleg grantre.
- Det bør lagast støtteordningar som kan drive juletreproduksjonen over til furu. Folk bør verte oppmoda om å bruke furu.
- Hordaland fylke har gitt støtte til brakerydding (rydding av einer). Den støtte må gjerast større og verte meir kjend.
- Ein skal støtte opp om sauehald og geitehald i fjellet.

Dersom desse tiltaka hadde vorte gjennomførde, er eg sikker på at det ville ha vorte mykje trivelegare å bu på Vestlandet. Det vil få store positive konsekvensar for velværet til folk, ikkje minst det psykiske, for turistnæringa, for jordbruket, for bilistar, syklistar, turgåarar og for den vanlege mannen i gata som veit at dersom han hadde teke seg ein tur ut av byen, ville han ha sett grøne lier spegle seg i sol og regn.