04 august 2005

Vekk med skogen!

Av ulike grunnar har eg denne sumaren halde meg på Vestlandet, vore frå Eigersund i sør til Molde i nord. Og når ein ferdast i ulike krokar og krikar av denne landsdelen, er det ein ting som vert meir og meir klart, og det er at skogen må vekk! Skogen må tynnast ut, elles øydelegg han meir og meir av kulturlandskapet. Fyrst og fremst gjeld dette grana. Som kjent er grana eit framandelement i vestnorsk natur. Det er ikkje i seg sjølv eit argument for at ho skal vekk, men det seier noko om kor dårleg ho passar inn, ho øydar jorda, spreier seg som ein farsott, stengjer for sol og utsikt, gjer at ein ikkje ser landskapet, skaper endå meir mørke og trangsyn i eit elles så regntungt landskap.
Eg er klar over at ein del no med ein gong vil kome med peikefingeren og seie "du din elendige plante-rasist", men dei som seier det, er caffelatte-drikkarar som held seg i byen og vil gå skogsturar for å kome seg vekk frå andre og inn i seg sjølv. Ta til dømes Romsdalsfjorden, den flotte utsikta som eg kunne sjå då eg som 7-åring sat i baksetet på ein Ford Cortina. No er det som å køyre frå tunell til tunell, i berg og i skog. (Ja, frå 1. juli kan ein skrive både "tunell" og "tunnel"). Eg var i Hardanger i helga, på bryllaup i Norheimsund, og dagen etter tenkte vi at det kunne vere fint med ein tur langsmed Hardangerfjorden. Men nei, skog, skog, skog. Hadde no bøndene vore om seg og hogd ned skogen. Men nei! Grantrea vert større og større, og gardsarvingane let andre slå markane for seg, og tenkjer ikkje på den ville skogen. Når ein går turar i Nordhordland ser ein jamvel at det vert planta nye tre på opne og solfylte lier! Med statsstøtte! Det er heilt absurd. Ein burde ha betalt straffetoll for å plante nye tre, og så er det faktisk omvendt! Eg er ikkje imot bønder, tvert imot, eg er for desentralisert norsk jordbruk, og eg stør alle som vil skaffe seg eit småbruk, men som ikkje får det (pga arvingar som bur i byen og som vil halde på garden og som får lov til det pga. slappe kommunar ikkje handhevar bu- og driveplikta). I det heile teke. Men skogen må vekk. I alle fall må han tynnast ut. Når eg går turar på Sunnmøre er det det same. Utsikta forsvinn, landskapet forsvinn.

Eg er sjølvsagt klar over at skogsfarsotten heng saman med at småe gardsbruk vert lagde ned, med intensiveringa av landbruket etc. Men ikkje berre det. I alle fall kunne ein ha tenkt litt nytt. Eg ser føre meg eit par tiltak:

- Langsmed vegane høgg vegvesenet ned skog som stengjer for utsikt mot fjorden.
- Bønder kan gjere gode pengar på å la folk drive sjølvhogst i skogen deira, det gjeld særleg bjørkeved, grantrea er no så store og farlege at det må maskinar til.
- Det må innførast forbod mot planting av grantre på Vestlandet. Dispensasjon kan gjevast for juletre.
- Ein må få i gang eit program for å fjerne mest mogleg grantre.
- Det bør lagast støtteordningar som kan drive juletreproduksjonen over til furu. Folk bør verte oppmoda om å bruke furu.
- Hordaland fylke har gitt støtte til brakerydding (rydding av einer). Den støtte må gjerast større og verte meir kjend.
- Ein skal støtte opp om sauehald og geitehald i fjellet.

Dersom desse tiltaka hadde vorte gjennomførde, er eg sikker på at det ville ha vorte mykje trivelegare å bu på Vestlandet. Det vil få store positive konsekvensar for velværet til folk, ikkje minst det psykiske, for turistnæringa, for jordbruket, for bilistar, syklistar, turgåarar og for den vanlege mannen i gata som veit at dersom han hadde teke seg ein tur ut av byen, ville han ha sett grøne lier spegle seg i sol og regn.

Ingen kommentarer: