24 august 2005

Berlin

Denne hausten skal eg vere i Berlin. Flybillettane er kjøpte, og vi reiser i byrjinga av september og kjem tilbake i midten av desember. Det vert sikkert ikkje så verst. Rett nok har vi, for vi er to, ikkje fått plass å bu, og det er ein del stress med å leite etter det. Ser etter på alle slags søkjemotorar (www.zitty.de, studenten-wg.de); vil gjerne ha ein treroms/toroms i t.d. Prenzlauer Berg, og slike vert fort tinga vekk. Men ting ordnar seg vonleg for dei som er greie.

Skal vere ein slags gjesteforskar ved Nordeuropa-Institut; det er det som er nordiskinstituttet i Berlin. Nordeuropa-Institut er del av Humboldt-universitetet. Så får ein sjå om det humboldtske universitetsideal er ein realitet, og om ein får inspirasjon til å tenkje fornuftige tankar dei siste månadene av postdoktorperioden.

Ein som nett hadde vore i Berlin sa at halvliterprisane var 16 kroner. Så det er då noko.

2 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Er de reiste? God tur til tyskertane!

Purisme sa...

Er no komne ned! Faar ikkje husvaeret foer enn laurdag, men faar bu hjaa vener av sambu. Eit surrealistisk opplegg det aa faa plass aa bu, merkeleg fyr vi leiger hjaa, men det vi faar, er altsaa 95 kvm med altan i ei ganske ok gate i kreuzberg, rett over ein kafé. Og i Berlin er det no sol og tredve grader.