13 august 2005

Høgre har starta valkampen

Harald Victor Hove er ungdomskandidat for Høgre i Hordaland til stortingsvalet. No har Høgre laga ein film for Hove der kandidaten brenner nynorske ordlister på eit bål. Til Bergensavisen seier han: "Spynorsk mordliste som vi kalte den, he he. Jeg brenner den for å vise at vi vil ha bort tvungent sidemål." Ved sida av kamp mot nynorsk vil Hove satse på sprit til 18-åringar og billegare bilar som valkampsaker. Klassiske ungehøgresaker. Det er ikkje opplyst om Hove brenner sprit i protest mot spritprisane.

Kva skal ein så seie til dette? Her er det berre primitive metodar som er til hjelp. Eit tips i så måte: Hove har fått sportsbil frå pappa, og den står ofte parkert utanfor Gimle el. Høgres hus i Kong Oscarsgt. Er du hundeeigar, veit du kva hunden din bør gjere for å markere seg. Hjørnet på Høgres hus er òg ein fin plass for hundemarkeringar.

3 kommentarer:

Anonym sa...

I stedet for å bruke hunden kan man jo spørre om han kjenner til andre som pleier å brenne bøker. Noen som likte å kle seg i brune skjorter for en 60-70 år siden f.eks.

Anders sa...

Og Kjartan Fløgstad har skrive ei kjekk lita bok om bokbrenning, med så få sider at sjølv ein svært ung høgrepolitikar skulle greie å nå gjennom dei ...

Anonym sa...

Slike som Hove er gøye! Ein kan vel steike dei litt verbalt? Eg meiner, dei ber jo om det?
Hove kjem på nynorskbaren torsdag 1.september kl.18.00, på Cafe Opera. Eg berre nemner det...

Dit kan ein gå om ein vil grille og steike litt. Når dei spør så pent om å bli kverka verbalt, då er det det synd og skam om dei skulle gå vonbrotne heim.