17 august 2005

Når ein ikkje er ungkar

Brått vart røyndomen så påtrengjande. I går var det heildagsseminar. Og i løpet av i dag, eller til naud i morgon, må ei hovuoppgåve og to store semesteroppgåver vere sensurerte. Studentar på Færøyane står og trippar. Kvifor kunne eg så ikkje ha gjort dette i løpet av heile den lange sumaren? Akk, ja. Slik går det når sumaren skal fyllast av sambuar og hundepass, av turar i skog og mark, og når ein høyrer til dei som får fnatt av alt som heiter "tidsplanlegging i fellesskap". Ein vert paralysert. Det er nok mest effektivt å leve eit singeltilvære. Då får ein jo opplevd ro, konsentrasjon, isolasjon. Kanskje det ikkje er råd å leve noko fruktbart akademisk liv når ein ikkje er singel? Kanskje må ein, som Eivind Tjønneland har sagt det, vere "gift med faget" dersom ein skal få fram noko interessant? Vel, vel, nok om det. Får gå laus på oppgåvene. Svart kaffi og oppgåver.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Nei, veit du kva! Kva med oss som kanskje har fleire kjæraster, då? - Og ørten ungar, og åtteogførti "fritidsinteresser" og maseungdomsskuleelevar på jobb, og alt det andre løynlege vi driv med? Vi får vel ikkje gjort noko som helst, vi? I alle høve ikkje av intellektuell tenking?

Du må nok strukturere og prioritere... Ein kan då ikkje klage når ein har alt ein vil ha?
Hm
Helsing moralisten

Anonym sa...

"Gift med faget" er den vaksne nerd-unnskuldinga for "har ikkje draget." Og sjå, det rimte!