05 august 2005

Riise og halvkjendisane

John Arne Riise har no fått sleiping-stempel av det feministiske medievenstre. Årsaka er at han har sendt sms med same sjekke-meldinga til ein del unge damer med halvkjendis-status. OK, det er nok ikkje så lurt. Sjølv om ein kjent samfunnsdebattant på Grünerløkka meiner at dette er einaste måten å kommunisere med norske kvinner på, er der det aberet at kvinner jo snakkar saman, og at dei i motsetnad til menn snakkar om sjekking og dating. Og sidan halvkjendismiljøet i Oslo er ganske lite, spreier nyhende seg. Dermed har saka vorte "offentleg", og dei unge damene står fram i Dagbladet og fortel kor rysta dei er over slik framferd, og at dei sjølvsagt har avslått tilbodet.

På denne måten får damene fortalt kor populære og pene dei er, og at dei har hemmeleg mobilnummer. No må dei vel kunne verte heilkjendisar snart!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hm, er du skuffa over at ikkje du har fått melding, sidan du skriv om dette?

Purisme sa...

Det er ikkje alltid så lett å vite kvifor ein skriv om så uvesentlege ting, men eg vart ikkje så lite fascinert av at ein del kvinner gjer det til ei offentleg sak at ein type har prøvd seg på dei.