28 juli 2007

Ungkarar

Etter slike draumar var det på tide å reise vekk. Fyrst til Stavanger. Leseforskaren vi budde hos, tok oss med til Preikestolen og nærområdet på Ullandhaug. Ein kveld på Cementen vart det òg. Eg noterte at ei ung lyshåra dame frå HF-miljøet sat der inne på Cementen, ho var tydelegvis frå Stavanger, det høyrde eg frå bardisken ("om eg kan få ei øl"). Rart det med folk ein ser, men ikkje kjenner, skal ein ta kontakt når ein er på ein framand stad? Kva om vi no sat på Hard Rock Cafe i Kuala Lumpur, skulle eller ville eg då ha gått bort og sagt "hei" til vedkomande? Kanskje, kanskje ikkje. Uansett var dette ikkje Kuala Lumpur, dette var Stavanger, berre kort veg frå Bergen. Eg var ikkje full, eg var ikkje på sjekkaren, naturleg nok, og eg hadde eit framifrå sosialt selskap. Men for andre individ, t.d. heterofile ungkarar, ville problemstillinga ta kontakt vs. ikkje ta kontakt vere relevant. Men sannsynlegvis ville dei ikkje ta kontakt i alle tilfelle, heller ikkje i Kuala Lumpur. Kanskje like greitt, nokon må no vere ungkarar òg.

Deretter med bil til Jæren. Opnare himmel, kornåkrar, kyr, hestar, lange strender.

19 juli 2007

Sambuaren drøymer om Kyrkjenemndi

Frukostbordet er i ferd med å verte lunsjbord når sambuaren omsider glir inn i lokalet, og set seg ned.
- Eg har hatt ein draum, seier ho,
- Javel? svarar eg, utan å sjå opp.
- Ja, om Kyrkjenemndi.
Eg ser opp frå avisa. Har sambuaren min hatt ein draum om Kyrkjenemndi åt Bygdelagi i Bjørgvin? Det må seiast å vere noko spesielt.
- Vel, held sambuaren fram, eigentleg handla draumen om at eg var ute med dronning Sonja. Eg og dronning Sonja var ute og gjekk tur i gatene i Bergen. Hadde funne tonen, vi, nesten som eit veninnepar. Men så sa ho at ho hadde ein kafeavtale. - Du kan no berre vere med, sa Sonja. Men det ville eg ikkje. Så Sonja gjekk inn på Vågen Fetevarer. Men då oppdaga eg at det var kjentfolk som sat ved kafebordet der inne. Det var faktisk Kyrkjenemndi! Så eg gjekk inn i kafeen, og bort til bordet. Eg har alltid sett på Kyrkjenemndi som noko av det mest mystiske, hadde aldri forstått kva dei styrte med, og no hadde eg heile nemndi der ved eit bord inne på Vågen Fetevarer. Dei såg litt brydde på kvarandre då dei såg meg. Så fortalde dei at dei ein gong i året hadde eit hemmeleg møte med dronninga, og at det var det som var løyndomen åt Kyrkjenemndi. - Men kvar er puristen? spurde eg. - Han er vel med dykk, er han ikkje? Dei såg igjen litt på kvarandre, før det var ei som svara: - Han kjem seinare, han, men det veit ikkje du, for det er hemmeleg. Og så var draumen over.

13 juli 2007

Lumbago

Lenge sidan det har skjedd noko på denne sida. Ikkje noko gale i det. Det er så mykje mas og kav i verda. Kan vere greitt å roe litt ned. Eit moment er vel òg at ein har vore ute på reise, fyrst og fremst til Sunnmøre. Fjellturar, øyturar, familie, bading, Førde-festival og bilkøyring. Tilbake til Bergen måndagen. På tysdagen skjedde det så. Ein vaskar bilen, bøyer seg fram, og pang, så er han der: lumbagoen. Og det var ikkje tidlegare medlemer av nyveivbandet Lumbago (som nokre av lesarane kanskje hugsar frå 1980-talet) eg no referer til. Det var hekskotslumbagoen.

Lumbago er ei påminning om at når ein har blitt 40, handlar det stort sett om å halde det kroppslege forfallet i sjakk.

Elles har røynsla av å vere funksjonshemma vore interessant. Det er diverre slutt på den tida då ein meinte at beste kuren mot ryggplager var å liggje heilt i ro. Men imellom all fornuftig gåing og utstrekking og husarbeid, har det vore råd å lese litt i ein biografi om Mao.