19 juli 2007

Sambuaren drøymer om Kyrkjenemndi

Frukostbordet er i ferd med å verte lunsjbord når sambuaren omsider glir inn i lokalet, og set seg ned.
- Eg har hatt ein draum, seier ho,
- Javel? svarar eg, utan å sjå opp.
- Ja, om Kyrkjenemndi.
Eg ser opp frå avisa. Har sambuaren min hatt ein draum om Kyrkjenemndi åt Bygdelagi i Bjørgvin? Det må seiast å vere noko spesielt.
- Vel, held sambuaren fram, eigentleg handla draumen om at eg var ute med dronning Sonja. Eg og dronning Sonja var ute og gjekk tur i gatene i Bergen. Hadde funne tonen, vi, nesten som eit veninnepar. Men så sa ho at ho hadde ein kafeavtale. - Du kan no berre vere med, sa Sonja. Men det ville eg ikkje. Så Sonja gjekk inn på Vågen Fetevarer. Men då oppdaga eg at det var kjentfolk som sat ved kafebordet der inne. Det var faktisk Kyrkjenemndi! Så eg gjekk inn i kafeen, og bort til bordet. Eg har alltid sett på Kyrkjenemndi som noko av det mest mystiske, hadde aldri forstått kva dei styrte med, og no hadde eg heile nemndi der ved eit bord inne på Vågen Fetevarer. Dei såg litt brydde på kvarandre då dei såg meg. Så fortalde dei at dei ein gong i året hadde eit hemmeleg møte med dronninga, og at det var det som var løyndomen åt Kyrkjenemndi. - Men kvar er puristen? spurde eg. - Han er vel med dykk, er han ikkje? Dei såg igjen litt på kvarandre, før det var ei som svara: - Han kjem seinare, han, men det veit ikkje du, for det er hemmeleg. Og så var draumen over.

2 kommentarer:

Klokka sa...

Imponerande. Eg drøymde noko heilt anna neste natta.

Marøy sa...

Men korleis gjeng det med pengane til kyrkjenemndi. Hev Vestmannalaget, Bokreidingslaget eller Utvandrarsenteret fenge løyvingar. Korleis gjeng det med den nynorske kyrkja som fondet til kyrkjenemndi skulde tryggja. Når Finn Jarle Sæle og kristenfolket kann reisa eit kristelegt mediesenter, burde det vera råd å få reist ei nynorsk kyrkja i Bjørgvin. Å låna storstova i Domkyrkja er vel og bra, men det må då vel snart stå ei tom kyrkja til disposisjon som kyrkjenemndi kunde få. Kva med Sankt Jakob. Hev den vore bruka noko i det siste? Hev nokon spurt Mjøs um dette? Her er det duka for mange interessante samtalor i HF-kantina, på Studentsenteret, og eg veit ikkje kvar. Draum ikkje for lenge. Vakn upp.

Lars Bjarne Marøy