13 juli 2007

Lumbago

Lenge sidan det har skjedd noko på denne sida. Ikkje noko gale i det. Det er så mykje mas og kav i verda. Kan vere greitt å roe litt ned. Eit moment er vel òg at ein har vore ute på reise, fyrst og fremst til Sunnmøre. Fjellturar, øyturar, familie, bading, Førde-festival og bilkøyring. Tilbake til Bergen måndagen. På tysdagen skjedde det så. Ein vaskar bilen, bøyer seg fram, og pang, så er han der: lumbagoen. Og det var ikkje tidlegare medlemer av nyveivbandet Lumbago (som nokre av lesarane kanskje hugsar frå 1980-talet) eg no referer til. Det var hekskotslumbagoen.

Lumbago er ei påminning om at når ein har blitt 40, handlar det stort sett om å halde det kroppslege forfallet i sjakk.

Elles har røynsla av å vere funksjonshemma vore interessant. Det er diverre slutt på den tida då ein meinte at beste kuren mot ryggplager var å liggje heilt i ro. Men imellom all fornuftig gåing og utstrekking og husarbeid, har det vore råd å lese litt i ein biografi om Mao.

7 kommentarer:

Anonym sa...

"Mooot normalt: gikt og lumbago"

Klokka sa...

Mykje var betre før. Men så er eg svært gammal, då.

Anonym sa...

Kor gammal då?

Anonym sa...

Alder er ingen hindring.

Purisme sa...

Er nok ikkje alderen som ligg til grunn. Bilkøyring har skulda (ved sida av ålmenne bekymringar), pga. forvridd stilling under køyringa.

Bilkøyring fører altså ikkje berre til miljøproblem; ryggproblem er òg ein alvorleg bieffekt.

Men det må samtidig kommenterast at den ryggskadde gjekk ein fjelltur i helga, dreiv med dugnadsarbeid på hytte i eit forferdeleg regnver, og søv trangt på hyttelemmen. Slikt er bra for ryggen.

Jens Kihl sa...

Eg har òg fått lumbago, jamvel om eg berre er 21 (men gamal for alderen). Dette syner vel éin gong for alle at dei kulaste i målrørsla har lumbago og BUL-medlemskap.

Purisme sa...

Du er inne på noko der. Men lumbago som 21-åringar lovar ikkje godt,er eg redd.