28 juli 2007

Ungkarar

Etter slike draumar var det på tide å reise vekk. Fyrst til Stavanger. Leseforskaren vi budde hos, tok oss med til Preikestolen og nærområdet på Ullandhaug. Ein kveld på Cementen vart det òg. Eg noterte at ei ung lyshåra dame frå HF-miljøet sat der inne på Cementen, ho var tydelegvis frå Stavanger, det høyrde eg frå bardisken ("om eg kan få ei øl"). Rart det med folk ein ser, men ikkje kjenner, skal ein ta kontakt når ein er på ein framand stad? Kva om vi no sat på Hard Rock Cafe i Kuala Lumpur, skulle eller ville eg då ha gått bort og sagt "hei" til vedkomande? Kanskje, kanskje ikkje. Uansett var dette ikkje Kuala Lumpur, dette var Stavanger, berre kort veg frå Bergen. Eg var ikkje full, eg var ikkje på sjekkaren, naturleg nok, og eg hadde eit framifrå sosialt selskap. Men for andre individ, t.d. heterofile ungkarar, ville problemstillinga ta kontakt vs. ikkje ta kontakt vere relevant. Men sannsynlegvis ville dei ikkje ta kontakt i alle tilfelle, heller ikkje i Kuala Lumpur. Kanskje like greitt, nokon må no vere ungkarar òg.

Deretter med bil til Jæren. Opnare himmel, kornåkrar, kyr, hestar, lange strender.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Denne bloggen blir berre meir og meir pikant.

Anonym sa...

Og kva er det som er så pikant, om eg får lov å spørja?

Purisme sa...

Å, den har nok vore meir pikant før.