19 juni 2007

Lure trapper, barnslege namn

Example
Nokre dagar i Estland gav grunnlag for visse generaliseringar. Til dømes at esterane kan det å lage lure trapper. Denne trappa opp til eit tårn i Hapsalu er ikkje så verst. Skulle gjerne hatt ei slik ned til kjellaren. Som kjent sklei eg ned trappa heime tidlegare i vår og braut handa.
Example
Meir barnslege er gatenamna. Dette fann vi i kvar einaste by.

9 kommentarer:

Anonym sa...

Kva er eigentleg så lurt med denne trappa? Ho ser ikkje særleg god ut på biletet.

Anonym sa...

Det er lettare å ikkje snubla i trinna, sidan foten mest ikkje kan treffa feil trinn. Det finst liknande trapper i Noreg òg, mellom anna såg eg det på ei turisthytte.

Purisme sa...

Trappetrinna er djupe akkurat der foten skal trå. Kvifor det er lurt? Det store problemet med t.d. kjellertrapper er jo at trappetrinna ikkje er djupe nok for oss som bruker sko i storleik 45-46. Det skaper risiko for å gli nedover trappa. Samtidig er konstruksjonen på trappa i Hapsalu slik at trappa ikkje treng så mykje plass. Genialt med våre kvadratmeterprisar.

tante fiolett sa...

Genialt og genialt, herr Blom. Eg ville ikkje ha gått der med stiletthælar, for å sei det slik.

Anonym sa...

eg veit ikkje om eg ville gått i den gata

Anonym sa...

Eg har høyrt at trapper kan vere ut-inn i andre land.

Anonym sa...

Ikki alle troppur gjeng upp og ned.

Klokka sa...

Apropos trapper og opp og ned: Fanst det pater nostrar i Estland?

Purisme sa...

Pater nostrar? Fleirtal for "Fadervår"?