15 juni 2007

Gustav Indrebø er attende

Example
Etter intens etterforsking, bruk av milde trugsmål og appellering til allmenn dødsangst er det grunn til å feire. Biletet av Gustav Indrebø er kome på plass att! Det heng no på veggen i korridoren der det har hange i fleire tiår.

Der har vore mange spekulasjonar på kven som kan ha ført bort Indrebø-biletet, og kva som kan ha vore motivet for bortføringa. Kunne det ha vore målpolitisk motivert? Namneteoretisk motivert? Språkhistorisk motivert? Faghistorisk motivert? Ein protest mot at Nordisk institutt skal nedleggjast og verte ein del av instituttet ILLE (Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar)? Kunne det vere tale om postmoderne hedonistar? Her kjem nok det erotiske elementet inn; Indrebø var jo ein pen mann. Eller har det heile vore eit kunstprosjekt, eit kunst-stønt?

Som ein ser på fotografiet, har tjuvlånarane festa til ei snakkeboble: "Takk for sist!" Det er neppe 1942 ein refererer til her, jamvel om det har vore nemnt.

Interesserte kan studere biletet der det no heng. No skal det sjekkast om det er tale om ei forfalsking.

14 kommentarer:

Anders sa...

Godt å høyre at Indrebø er på plass att, da kan verda gå vidare. Eg reknar med at det er sett i gang eit større arbeid med skriftanalyse av kollegaer, studentar og andre potensielle syndarar. Den doble k'en kan gje spor å gå etter. På den andre sida, ein kan ikkje sjå bort frå at tjuvar i akademiske miljø er så utspekulerte at dei får kjærasten eller barnebarnet til å skrive for seg. Vanskeleg sak.

Anonym sa...

Møt meg på Bergen gjestehus i kveld kl 23.30. Har informasjon du vil ha nytte av. Ta med konvolutt, 5000 euro. Du vil neppe angre.

Anonym sa...

Då ser vi i Indrebø-slekta på dette noko triste kapitlet som både avslutta og opp- og avgjort. Og noko erstatningskrav vil ikkje bli reist. No skal vi trekke oss attende og forsøkje å forvalte Indrebø-arven på forsvarleg vis. Vi byrjar med å gå på pub.

Anders sa...

Ha ein gild kveld. Men du, kor lik han er broren.

Anonym sa...

Skuffa. Korfor kom du ikkje?

Purisme sa...

Hm. Fekk nok ikkje med meg tur til Bergen Gjestehus. Går tidleg til sengs, veit du. Men kva slags informasjon var det snakk om? Elles har eg fått vite at Indrebø hadde ein annan bror, ein som var ingeniør i Høyanger. Denne gjekk under namnet "ingeniør Indrebø", fortel Rune Kyrkjebø, sjølv frå Høyanger.

Dr. H sa...

Det er vel typisk for vår tid at det måtte eit tjuveri til for å få opp interessa for Indrebø-familien. Og ganske rett, yngstebror Ludvig var ingeniør i Høyanger, noko også sonen blei etter han. Men det er vel også tidstypisk at ingen bryr seg om dei tre søstrene, Anna, Astrid og Gudrun. Sistnemnde, som døydde for få år sidan, var elles bestemor til den ganske kjende Jono El Grande. Er det meir det akademiske miljøet i Bergen treng å vite, så er det berre å spørje.

Purisme sa...

Så tjuveriet er fyrst og fremst ein pr-gimmik frå Indrebø-familien?

Anonym sa...

Det er vel litt for enkelt å seie det slik.

Anonym sa...

At ein purist får seg til å seie 'pr-gimmick'! Det må då vere mogeleg å finne eit meir heimleg ord? Til dømes 'åtgaumsfiske'?

Anonym sa...

Skal seie denne bloggen har fått ein oppsving den siste tida.

Purisme sa...

No det ikkje "pr-gimmick" eg skreiv, men "pr-gimmik"! Og det er ein vesentleg skilnad. For "gimmik" er eit godt døme på ortografisk purisme. Ikkje all purisme er leksikalsk, nemleg.

Når eg fyrst har ordet, så bør det nemnast at purisme er så mangt, og purismen er sjeldan ålmenn. Gamle Gustav Indrebø, som ikkje vart så gamal, var ikkje puristisk imot alle språk. Det var dansken og nedertysken som var problemet. I 1930 skriv han i artikkelen "Austlandsmål og Vestlandsmål. Framandord" (prenta i "Kva er målreising?" frå 76) om nettopp det:

"Frå norsk synsstad fell framandordi i tvo flokkar. Det er germanismane, anten dei no kjem beinveges, eller yver dansk og norskdansk. Og so er det dei røynlege internasjonale ordi, som for det meste er frå klassiske mål eller av germansk rot. Det fyrste slaget, dei tyske lånordi, og ikkje mindre dei tyske ordlagingselementi, er nynorsken sterkt imot. [...] Dei tyske ordi og ordlagi, når dei slepp til, trengjer til side nasjonale ord og vendingar og set stengje for den rike uppkoma med målande og hendige ordlag or folkemålet. [...]
Men med omsyn til dette slag framandord [dvs. internasjonale ord] kann me ikkje segja at målstrævarane i det store og heile er serskilt puristiske. Det ser ein snøgt dersom ein tek og les nokre avisor eller nokre faglege og vitskaplege utgreidingar på nynorsk. Den ålmennaste synsmåten, skulde eg tru, er at ein fær stå heller fritt til dei internasjonale ordi, og bruket fær retta seg etter stilen og emnet, og etter det publikum ein talar til. (Indrebø 1930:26–27.)

Slik Indrebø såg det, kunne dei internasjonale orda verke positivt på nynorsken:

"Men dei internasjonale ordi gjev eit slag vidare samband, og hev stempel og innhald frå ein større kulturkrins. Difor kann dei vera gode å ha, og difor brukar nynorsken deim med same rett som andre mål, – og han hev ikkje nokon serskild skyldnad til å greida seg deim forutan." (S. 27.)

Så dermed skulle vi ha kome med ein del nyansar i det aktuelle ordskiftet.

Klokka sa...

Men han Gustav Indrebø liknar då litt på sjølvaste puristen?

Purisme sa...

Eg vil no ikkje seie det, akkurat.