14 juni 2007

Akademisk kriminalitet

Mykje tyder på at det er hedonistar som har stole biletet av Gustav Indrebø frå korridorveggen på Nordisk institutt. Meir om det kan ein lese her.

Tarveleg kriminalitet er òg noko som har råka gamle statsminister Mowinckel. Frå brevsamlinga hans på 20 000 brev, som er godt nedpakka i arkivet ved Universitetsbiblioteket i Bergen, er frimerka stolne, visstnok av ein filatelist som tidlegare var tilsett ved UB, men som no er både pensjonert og daud. Tydelegvis har dette ikkje vore oppdaga, av di ingen andre enn filatelisten har brydd seg om desse breva, men dårleg gjort er det i alle fall. Filatelisten har visstnok seld frimerka, for å reise på sydenturar eller liknande.

Dette med tjuveri frå spesialsamlingar ved bibliotek er merkeleg, for det viser seg at det ofte er tilsette i høge stillingar, folk ein skulle tru hadde hugnad for bøkene, som står for tjuveriet. Liknande hendingar har vi frå Det Kongelige Bibliotek i København og Kungliga Biblioteket i Stockholm, likeins frå Bibliothèque Nationale i Paris. Og det er ikkje berre tale om at ein kjenner eit særleg eigedomstilhøve til bøkene, slik sjefsbibliotekaren i Umberto Ecos "Il nome della rosa" gjer det. Det er òg tale om å selje vidare, for å tene pengar på bøkene. I København har 1565 eineståande verk kome til rette frå ein som kjende eit personleg eigedomstilhøve til bøkene. I Stockholm enda det meir dramatisk for boktjuven. Han gjorde harakiri ved å sprengje seg sjølv inne i leilegheita si, etter at han hadde vorte oppdaga, og hadde tilstått overfor politiet å ha kjøpt og seld sjeldne bøker frå spesialsamlingane som han var sjef for.

Vi får tru at dei som står bak Indrebø-tjuveriet no tek til vitet, og heng biletet opp att der det var. Viss det ikkje skjer, så har vi sjølvsagt våre framgangsmåtar.

13 kommentarer:

Anonym sa...

Tak ein kikk på veggen din du, mister purist.

Anonym sa...

Tydelegvis ikkje eit stort savn, din jævla purist.

Purisme sa...

Det var no svært. Om ein no ser vekk frå aggressiviteten i det sistnemnde innlegget, er det grunn til å glede seg. Ein kan konstatere at dødsangst og skamkjensle er viktige
mekanismar i menneske sine liv, og at Indrebø no faktisk er komen på plass! Ja, han heng på veggen, der han skal hengje, med ei snakkeboble der det står "Takk for sist!".

Anonym sa...

Ja, her har tydelegvis Clouseau gjort ein grundig og god jobb. Jamvel om det sit langt inne å innrømma dette: eg kunne knapt greidd det betre sjølv. Det er ikkje berre berre å verta gamal og utgått på dato.

Anonym sa...

Eg er det ypparste av dei ypparste. Inkje slepper unna mitt falkeblikk innom brilleglasa.

Anonym sa...

Sjå det, ja. Då fell truleg erstatningskravet.

Anonym sa...

Sei ikkje det, Harry. Du har no alltid vore kjend for å gi deg for lett.

Anonym sa...

Veit ikkje akkurat om det er det eg er mest kjend for.

Anonym sa...

No no, karar, ikkje meir splid i slekta. Og eg visste ikkje at du la slik vekt på å vere anonym, Harry? Men kan vi ikkje ta oss ein felles tur opp på universitetet og kike litt på biletet? Dersom de tek med saltstenger, skal eg ta med heimebrent.

Anonym sa...

Håper dei klarer å restaurere biletet skikkeleg. Og du burde vel snart slutte med den heimebrenten din, Lothar?

Anonym sa...

Dette vert jo reine slektstreffet etter kvart. Ja ja, kjenner eg dykk rett, så vert det vel ikkje noka vitjing i Angedalen i år heller. Og no er elles vinteren komen attende, og knuppane har trekt seg inn att i seg sjølve.Eg visste vel eigentleg at det laut gå den vegen.

Anonym sa...

Heimebrent trengst ikkje. Det er meir enn nok sjampanje att frå dagens sjampanjefest. Eg sit her og kosar meg med han no, i smug, vel å merka.

Anonym sa...

Å, du din vesle kosegris!