15 desember 2009

Favorittretten

Dette med å blande ulike typar mat er ikkje noko nytt. Og kvifor då ikkje blande pinnekjøt og julegraut? I spalta «Over kaffikoppen» i Sykkylvsbladet 11.12. er nemleg Otto-Magne Strømmegjerde intervjua, og på spørsmålet om favorittretten les vi: «Det er mor sin julemiddag, som har gått gjennom generasjonar. Det er ein variant der du kokar pinnekjøtet saman med poteter og grønsaker. Ut i prosessen tilset du risengryn og mjølk. Då får du ein julemiddag som består av ei supe, kokt på basis av kraft frå pinnekjøtet. Den skal serverast rykande varm, med oppkutta gulrot.» Det høyrer her til at det er tale om ein forrett.

1 kommentar:

venlegsinna hovudristande sa...

i slike tilfelle kan det inntreffe at perifere innbyggjarar og deira vaner vert utsett for ei form for eksotisering