01 desember 2009

Julekonsert med Kor e tonen


Så er det vorte desember, og snart er det jul. Dermed kjem òg julekonsertane på rekkje og rad. Då skal vi ikkje gløyme Kor e tonen sin konsert torsdag 10. desember. Den konserten bør du heilt klart gå på.

På konserten vert det overraskingar, dvs. teatralske innslag. Og det vert sal av kaffi og kaker.

Av songane kan det nemnast: "Vøtranottæ", "Kling no klokka", "Jul, jul, strålande jul", "Mitt hjerte alltid vanker", "Have yourself a merry christmas", "Winter Wonderland", "Rudolf", "Christmas Lullaby", "Carol of the Bells", "Es ist ein Ros entsprungen" og "Kväll".

3 kommentarer:

Anonym sa...

Her skulle eg forsøka å finna ut kva Vøtranottæ dreier seg om (kvifor ringjer kyrkjeklokkene heile natta?) - og dette var einaste treffet eg fekk på google. Men det var jo kjekt å snubla over bloggen din. :o)

Ingunn

Sofus sa...

Eg gler meg.

Klokka sa...

Kling klokka?