16 november 2009

Nynorsk frå Statens vegvesen? Ei e-brevveksling.

Brev 1 til Vegvesenet:
Hei. Eg skal ha tak i skjema for omregistrering av bil på nynorsk, men finn det ikkje på Vegvesenet sine heimesider. På NAF sine sider er det vist til skjemaet NA 0232N, men eg finn ikkje det på Vegvesenet sine sider. Kvar er det skjemaet?

Svar 1 frå Vegvesenet:
Hei! Du finner salgsmelding på www.vegvesen.no. Finnes dessverre ikke på nynorsk.
mvh Bergen Trafikkstasjon

Brev 2 til Vegvesenet:
Hei. Etter Mållova skal denne salsmelding ligge føre både på nynorsk og bokmål. Når vil så meldinga liggje føre på nynorsk på Vegvesenet sine heimesider?

Svar 2 frå Vegvesenet:
Du kan kontakte [Jostein X]@vegvesen.no.
mvh Bergen Trafikkstasjon

Brev 3 til Vegvesenet:
Gode [Jostein X]. Eg vart beden om å kontakte deg. Viser til korrespondansen nedanfor.

Brev 4 til Vegvesenet:
Eg har forsøkt å få kontakt med [Jostein X], men ikkje fått svar. Er det ingen andre i Vegvesenet som kan svare på mitt enkle spørsmål?

Svar 3 frå Vegvesenet:
Mail er sendt Vegdirektoratet 26-10-09. har ikkje fått svar. Du får dei kontakte direkte

Brev 5 til Vegvesenet:
Hei. Når eg prøver Vegdirektoratet, kjem eg til Vegvesenet sine sider. Og epostadressa til Vegdirektoratet er tydelegvis den eg sendte epost til først. Så dette blir ein rundgang. Har ikkje Statens Vegvesen ansvar for omregistrering av bilar?

Svar 4 frå Vegvesenet:
Du må du gjerne prøve gamlemåten ein tlf. Mvh [Jostein X]

Brev 6 til Vegvesenet:
Nei, ærleg talt, det får vere måte til mangel på sørvis.

Svar 5 frå Vegvesenet:
Hei igjen. Me beklagar at du ikkje har fått dette skjemaet. Statens vegvesen har ansvaret for omregistrering av bilar, og du har heilt rett i at nynorskversjonen av skjemaet burde ha lege på vegvesen.no.Eg har prøvd å få tak i sakshandsamarar i Vegdirektoratet i dag, men dei har seksjonssamling. På måndag skal eg gjere eit nytt forsøk, og tek kontakt med deg så fort eg har ein kontaktperson eller eit svar på ditt spørsmål. Eg håpar du har fått utført omregistreringa sjølv om ikkje du har det riktige skjemaet.

Svar 6 frå Vegvesenet:
Hei Endre, Eg har snakka med fagansvarleg for omregistrering av kjørety, Ivar Fjeldberg, og han opplyser om følgande: Skjemaet skal oppdaterast med nye opplysningar og forbetra innhald i løpet av første halvår i 2010 for å betre servicen mot brukarane våre. Det er ønskeleg å vente på denne oppdateringa før vi legg ut den nynorske versjonen. Beklager dette, men håper du får fylt ut salsmelding og omregistrert kjøretyet likevel. Håper dette hjelper.

----
Gjennom slik handsaming sikrar ein seg at a) ingen andre enn kverulantar orkar å be om skjema på nynorsk, b) kveralantane får leve i trua på at til neste år vert alt så mykje betre, og då har dei vonleg gløymt dette.

5 kommentarer:

Franz sa...

Hertligst gratulasjon med ny bil.

Purisme sa...

Takk for det!

Vebjørn sa...

Herre jesus. Kor lang tid hadde dei hatt bruk for til å omsetja skjemaet, trur du? Fem minutt? Ti? Lat oss seia ein halvtime, so rekk dei litt tekniske problem og ein røykjepause i tillegg.

I forlenginga av dette: Kunne det vore ein ide for t.d. Kulturdepartementet å tilsetja ein nynorsk skjemaomsetjar som får i oppgåve å omsetja alle offentlege skjema som enno ikkje finst på nynorsk? Stillinga kunne jo for moro skuld vore finansiert ved at KKD fakturerte den ansvarlege instansen for kvart skjema (t.d. Vegvesenet for salsmeldingsskjemaet) ...

Anonym sa...

Oppløftande! (At det enno finst folk som orkar krangle om slikt. Som er viktig nok).

Bjorleif sa...

Har no funne denne sida av di eg i dag - 16nov2016 - ikkje klarte å laste ned nynorskversjonen av salsmeldinga, sjølv om dei har laga ei nynorsk nettside der ein laster skjemaet ned. Sjølv om det er ei lita sak er det SVÆRT irriterande, av di dette er eit mønster.