18 januar 2010

Namnet

Ettersom det er rundt ei veke til ein ny borgar skal kome til verda, melder spørsmålet om namn seg. - Kva skal guten heite?

Sjølv har eg ikkje sagt så mykje om saka. Tenkt at namnet må ein kunne vente litt med; at ein må sjå kva ungen heiter, og at namnet då vil kome meir eller mindre av seg sjølv. Ho som ber barnet i magen har vore langt meir oppteken av namnespørsmålet. - Kva meiner du om namnet? Du må vel meine noko, seie noko om det?

Det enklaste er sjølvsagt oppattkalling. I min generasjon var opplegget klart og greitt: Den fyrstefødde fekk namn med førebokstav frå farssida, den andrefødde fekk førebokstav frå morssida, den tredje fekk frå foreldra sjølve. Deretter var det meir fritt fram kva namn ein kunne velje for ungane, om ein då fekk fleire. Oppattkalling er tradisjon, men gir eit enkelt og gjennomsiktig system som sparer ein for ein del bryderi. Avgrensinga til førebokstavar (og ikkje repitisjonsmønsteret Olav-Tarjei-Olav etc.) gir samtidig val.

Den andre framgangsmåten, å velje namn fritt og uforankra, utan bindingar og tilvisingar, høyrest ideell ut, men er samtidig naiv, som om mennesket er fritt og språket er bindingslaust. Uforankringsposisjon forsterkar vidare kjensla av at eit namneval skal vere noko eksistensielt.

I min generasjon fekk folk òg mellomnamn av typen "Per Magne" og "Endre Otto". Dette har gått av moten dei siste åra i og med at båe foreldra vil ha med sine etternamn med, dvs. at den eine sitt etternamn vert mellomnamn og det andre vert etternamn, og då vert det for mykje med eit ekstra mellomnamn. Det resonnementet vil òg gjelde med denne ungen, jamvel om ein då vil måtte unngå den sunnmørske spesialiteten med tostavings førenamn og eittstavingsmellomnam. Det vil seie at namnestruktren vert: x + mors etternamn + fars etternamn.

Eit anna kriterium for namnevalet er det nordiske. Det utelet t.d. eit keltisk namn som "Njål". Og det vil utelate bibelske namn som "Johannes".

Vidare må tydinga av namnet vere gjennomtenkt. Folk lever godt med namn som "Trym" og "Loke", men dei litterære figurane Trym og Loke var såpass spesielle at ein bør ein tenkje seg om før ein set slike namn på ein unge. Ein bør òg tenkje seg om når det gjeld namn som peikar i spesielle interesser som går i ei anna lei enn vanlege fritidsaktivitetar, t.d. viser "Njord" til havguden som ikkje likte fjellet. Og ein skal vere varsam med å verte for esoterisk. Eit namn som "Ask" kan gå i ei slik retning. Og kanskje ikkje vere for pretensiøs med namn som "Brage".

Fonetikarar meiner at eit førenamn ikkje bør ende på same lyden som namneforma etterpå byrjar på. Det vil seie at "Olav" er uheldig når forma "Vevle" kjem etterpå. Men det er eigentleg ikkje så farleg når ein tenkjer seg om.

Men om vi no går tilbake til dette med oppattkalling. Dersom ein tek utgangspunkt i farssida vil namn som "Trygve", "Tryggve" eller "Trygg" vere gode. Dersom ein tek utgangspunkt i morssida har ein moglegheiter som "Oddmund" og "Ingemund".

Eller ein kan velje noko som ein tykkjer t.d. er "fint", som "Sjur" eller "Sjurd", eller gå inn for å vilje rehabilitere visse namn, t.d. "Vidkunn", "Loke" eller "Adolf", men det er ikkje heilt bra å skulle gi ei slik oppgåve til andre. Ei moglegheit er å kalle opp etter katten, "Sofus".

Og dersom ein ikkje har funne på noko innan eit halvt års tid eller så, vil staten berre gi ungen eit namn. Eg har lurt litt på kven det er som gir ungar namn på den måten, og om det er mange det gjeld.





13 kommentarer:

Unknown sa...

Glen-Ken pleier jo å være et sikkert navnevalg. Selv synes jeg også at Kim-Elvis egner seg godt og burde vært brukt oftere.

Katten sa...

Det er med ph - Sophus - etter han der Bugge. Alt ein må finna seg i her i verda.

trufast Norsk allkunnebok-lesar sa...

Olav Vevle var fødd i Haus, Hordaland, i 1862. Han hadde eksamen frå Stord offentlege lærarskule. Vevle var lærar ymse stader i åra 1893 – 1896, og i Bergen 1896 – 1910. Han var skuledirektør i Bjørgvin bispedøme frå 1910 til 1933, og gav ut ”Minne frå livsferdi”, og fleire skrifter om
fråhalds- og målsak (kjelde: Norsk allkunnebok).

Lærdom: Nokre greier seg godt i livet, trass i namnefonetiske hinder.

Klokka sa...

Fritt fram for å vere Staten.

Purisme sa...

Kim-Elvis er bra, men diverre kan det føre til mistydingar i haugesundsområdet. Glen-Ken vil føre til same mistydingar på Nordvestlandet. Kan minnest ein frå Nord-Noreg som heitte Ken Terje, og det var mange vittigheiter om "ken".

Olav Vevle klarte seg nok godt, men var det på grunn eller trass i lydsamanfallet?

Det med den namnegivarkonsulenten i staten må eg finne meir ut av med.

Purisme sa...

Har snakka med ein personnamnekspert, og han seier at det aldri har skjedd at staten har gitt førenamn til ein person. Det har rett nok vore nokre tilfelle der foreldra ikkje har fått godkjent namn, og saker har gått over fleire år (t.d. Troy-saka). Der er visstnok visse tilfelle då at ein internt i Folkeregisteret har hatt eit tomt felt på førenamnet (evt. med "gut"), men ein har aldri gått ut offisielt med noko slikt. Men dersom ein ikkje har gitt eit namn etter seks månader, kan ein få ei bot på 2000 kroner, og ein kan òg kome i fengsel. Det er ei dame i Fredrikstad visstnok som kom i fengsel fordi ho ville bruke eit namn som var brukt som etternamn, og nekta å betale bot for ikkje å ha gitt eit anna namn.

Anonym sa...

Kva er gale med Loke eller Lucifer?

Alt er betre enn dobbelnamn, berre sjå her: Loke-Lucifer!

Men alvorleg tala: Me har valt Ask, mellom anna fordi det er stutt, men opplever å bli sett i bås med alt frå antroposofar og urban-bobo (borgarleg-bohem-kulturelite) til norrøn-entusiastar. Ein ser skuggen i blikket med det same ein nemner namnet. Men me skal ha oss fråbede alt i same mon!

Så du er kanskje inne på noko.

Men kva med å vera litt solidarisk med stakkaren, då?

Purisme sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Anonym sa...

Men det spørst om det går utan noko so vederstyggeleg som eit tilleggsnamn (med vokalutlyd -- à la Otto)? For konsonantsambandet "-skbr-" er heller trått!

Purisme sa...

Ask er med i vurderingane, men der må nok eit tilleggsnamn med vokalending, ja.

Anonym sa...

Kvar kom "fasiten" om at når ungen får to etternamn så er det fyrst mor sitt namn og så far sitt namn frå?

rypa sa...

Hjarteleg til lukke med Njål!

Purisme sa...

takk for det!