26 oktober 2009

Gustav Indrebø forsvunnen igjen


Så har det skjedd igjen. Biletet av Gustav Indrebø er forsvunne. Det heng ikkje lenger på den vanlege staden, dvs. på veggen tvers over kontordøra mi. Eg er mildt sagt sjokkert, og har varsla kontorsjefen om det som har skjedd. Går ut ifrå at ein set i verk dei tiltaka som er naudsynte og effektive. Her er det ingen grunn til å ha silkehanskar på.

Som den vakne lesaren veit, har Indrebø-biletet tidlegare vorte stole, i 2007. Då kom biletet til rette.

Kjem attende med oppdatert informasjon i saka så snart det skjer noko.

6 kommentarer:

Sjokkert sa...

Sjokkerande.

Klokka sa...

Har vi med vaneforbrytarar å gjere, eller er det kopikattar som er ute og går?

Medlem av Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur sa...

Skjer der noget?

Purisme sa...

Etter ein del etterforsking viser det seg at biletet har blitt flytta på. Frå den faste plassen sin hadde det hamna på ein annan ledig spikar på ein annan vegg. - Frekt, spør du meg. Biletet er no flytta tilbake, og heng på den faste plassen sin.

At Indrebøen skulle vere så populær.

Talsperson for Anonyme Indrebø-fan sa...

Og det lurte du på?

Purisme sa...

Nei, eigentleg ikkje.