26 oktober 2005

Bergen

Bra ting skjer i Bergen. For det fyrste sa bystyret nei til reklamemonstera frå Clear Channel. Heilt klart at ordskiftet her har verka inn på at Venstre og KrF til slutt snudde. Dinest har bystyret i Bergen oppheva nynorskforbodet i sakshandsaming internt i Bergen kommune. Det skjedde gjennom ein interpellasjon frå Oddny Miljeteig og Kristian Helland. Berre Pensjonistpartiet var imot, Monica Mæland frå Høgre las opp vedtaket på nynorsk. Ein viktig siger! Kvar er målblomen frå Mållaget?

Neste mål i Bergen må vere Bergensavisen (BA). Altså: "Slepp nynorsken til! Opphev nynorskforbodet i BA!"Kan Dagsavisen, kan BA. No når den landsfemnande kampanjen mot VG/Dagbladet er slutt, har Hordaland Mållag eit klårt arbeidsmål: Nynorsken inn i BA.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei, du

eg las saka om nynorsk i BErgen i avisa, men skjøna ikkje heilt kva som hadde skjedd. Men det har altso vore nynorskforbod i saksførehavinga i kommunen. Men kommunen som heilskap har vel vore språknøytral? Eller avslører eg at eg ikkje veit nokon ting om heimkommunen min no?

Purisme sa...

Det er rett. Kommunen har vore spraaknöytral. Men internt har der vore eit reglement om at ein skal bruke bokmaal i forvaltinga. Det vedtaket er no oppheva.

Daa det var eit par möte om dette tidlegare i vaar, fekk eg vite at nynorskfolk i kommunen har vore redde for aa gjere noko med det interne vedtaket, fordi dei daa trudde at det ville provosere bergensarane til aa gaa vekk fra nöytralitet og over til bokmaal. Kanskje ville det ha vore slik for nokre aar sidan, men haldningane til nynorsk er no saa gode at til og med FrP synest dette er greitt.