19 oktober 2005

Om ord som ikkje er spesielt sexy og litt til

For eit par år sidan var statssekretær for Clemet h.v., Bergesen, i Bergen og snakka om læring. Ein skal ikkje lenger drive med "undervisning", sa Bergesen, no er det "læring" som gjeld. Så vart det som kjent regjeringsskifte, og med det: nye ord. Mantraet no er "kunnskap". På same måten som "modernisering" vert til "fornyelse", vert "læring" til "kunnskap". Fornyingsministeren seier forresten til "utdanning" at "den nye regjeringen ønsker å bruke egne ord". Samtidig seier ho: "Det er ellers ikke stor forskjell på arbeidsoppgavene." Altså: Postmoderne politikk der ord og symbol er viktige. (For nokre år sidan ville ein ha sagt at det viktige var å finne på ord som var meir "sexy", men no les eg i Tageszeitung at seier ein det, er ein definitivt ute, i alle fall i Tyskland. Så denne spalta er heilt ute. Heldigvis.)

Eit par endringar skjer likevel hos regjeringa, i alle fall på kunnskapsfronten. Regjeringa går for det fyrste inn for å ikkje ha eit andre framandspråk, dvs. at nordmenn skal klare seg med engelsk og innvandrarar skal ikkje få lov til å take t.d. urdu som framandspråk og få karakterar for det. Dinest går regjeringa inn for at all vidaregåande utdanning skal gi studiekompetanse. Det siste er verdt å notere seg. Konsekvensen for t.d. lærarutdanninga må vere at ein må senke krava, som ikkje er imponerande i dag, eller at ein må innføre meir presise opptakskrav. Også for sidemålet og dermed nynorsken vil der vere ein del konsekvensar. I dag er det berre dei studieførebuande delane av vidaregåande som har sidemålsopplæring. Dersom ein skal få studiekompetanse utan sidemål, vil eigentleg heile jamstellingsprinsippet falle i hop. Ein kan tenkje seg hundeslagsmålet det vil vere å få innført obligatorisk sidemål i alle liner på vidaregåande. På den andre sida: Kvifor ikkje?

Det var visst mange som i siste liten unngjekk å røyste SV pga. skulepolitikken. Når ein såg Inga Marte Thorkildsen agere som ein ungdomsskulelev på debattmøte om skulen, forstår ein litt kvifor, likeins når ein såg Kristin Halvorsen berre snakke om skulemat i samtale med Kristin Clemet. Diverre vil eg seie, for Clemets liberalisme og Jon Hustads gamalmannstankar er ingen gode alternativ.

4 kommentarer:

Anonym sa...

Når det gjeld forslaga til den nye regjeringa om vidaregåande utdanning: Eg trur (rettare: håper) faktisk ikkje så gale om folk at det kjem til å gå slik. Rett nok ser det gale ut, men løysinga blir vel eit system likt det vi har no, der fylkeskommunane oppretter tilbod om påbyggingskurs.

Eg unngjekk diverre ikkje å røyste på den nye regjeringa av di alternativa var så få, i alle høve pragmatisk sett. Sett bort frå nokre punkt, synest eg likevel ikkje Clemets innsats var så galen; her er mellom anna mykje bra i læreplanane. Me thinketh. Sjølvsagt likar heller ikkje eg at nynorsken er på veg ut (men det er ein svær diskusjon igjen).

Purisme sa...

Vel, i Soria Moria-fråsegna står dette:

"13-årig grunnopplæring
Regjeringen ser grunnskole og videregående opplæring som en helhetlig
grunnopplæring som skal sikre alle barn og unge de beste muligheter for
veien videre i yrke og utdanning. Alle skal ha rett til å gjennomføre en
13-årig grunnopplæring som gir dem en bred basiskompetanse, slik at de er
godt rustet til å videre studier eller arbeid. Fullført videregående
opplæring skal gjøre at elevene oppnår generell studiekompetanse, uavhengig
av studieprogram."

Altså: All vidaregåande utdanning skal gi studiekompetanse, dersom regjeringa fylgjer programmet sitt. Det må anten tilseie a) ei teoretisering av all fagutdanning, b) ei nivåsenking på høgare utdanning, c) opptakskrav til høgare utdanning. (Fylkeskommunane har nok ikkje pengar til å tilby noko påbyggingskurs, og kvifor skulle dei det i eit slikt system?)

Anonym sa...

Vel, det er jo vel det dei gjer no; elevar som vil ha studiekompetanse søkjer seg inn på eit påbyggingskurs, eittårig, etter endt yrkesutdanning, eller etter endte to år på ein yrkesfagleg studieretning.

Eg ser jo at det ikkje er slik det er ifølgje S-M fråsegna. (Hei, det var jo ein liten pun i den vendinga!) Likevel, hugs før R94, då sa vi noe av det same: Fleire allmennfag på dei yrkesfaglege studieretningane tyder nivåsenking i faga, som igjen vil forplante seg oppover i systemet når dei med yrkesfagleg utdanning nyttar høvet til å byggje på og studere. Ikkje heilt den same situasjonen, men ikkje heilt ulik heller.

No veit eg ikkje om det har gått så gale, då. Er det ei dokumentert nivåsenking i den vidaregåande utdanninga eller på universiteta?

Purisme sa...

I dag må ein ta eit påbyggingsår for å få studiekompetanse. Då må ein t.d. take fleire timar norsk (med hovudmål og sidemål). Fleire som tek yrkesfag tek då òg eit påbyggingsår. Det regjeringa seier, er at ein ikkje treng det påbyggingsåret og dei teoretiske faga for å studere. Og det er noko nytt. Det vil t.d. seie at det ikkje vert obligatorisk med sidemålskunnskap for å få studiekompetanse. Og det er alvorleg. Det vil seie at ein ikkje lenger kan sjå det som sjølsagt at alle kan både bokmål og nynorsk. Svært problematisk for prinsippet om jamstelling. I tillegg så er det dette med nivået. Det er sjølvsagt ingenting gale med folk som tek yrkesfag, men no kan ein føresetje at folk har den og den teoretiske kunnskapen før ein byrjar å studere, og det kan ein ikkje med den nye regjeringspolitikken.

Mitt syn er jo elles at nivelleringa av kunnskapskrava er ein svært usosial politikk. Vekk med kunnskapskrav og vekk med karakterkrav fører til at trynefaktoren og nettverksfaktoren vert endå viktigare t.d. for å skaffe seg jobb. Og då er det slik at dei med foreldre m/høg utdanning og dei som bur i sentrale strok vil få det endå lettare. Kunnskapskrav og karakterkrav spelar ikkje noka stor rolle i dag, men er med på å dempe trynefaktor og nettverksfaktor. Difor er det trist at det er venstresida som skal føre ein politikk som fører til meir sosial ulikskap.