18 oktober 2005

Fornyingsministeren

Heidi Grande Røys ser svært så sympatisk ut. No har ho vorte statsråd, og tek over for den usympatiske moderniseringsministeren. Heidi Grande Røys er dessutan nynorskbrukar.

Men kvifor kallar ho seg då "fornyelsesminister"? Til vevstaden utdanning seier Heidi Grande Røys: "Et poeng var også å velge et navn som fungerer på nynorsk".

Her kjem eg ikkje så lite i stuss. For ordet "modernisering" er felles for nynorsk og bokmål, medan "fornyelse" er eit ord som har eit av dei mest bokmålske kjenneteikna, endinga "-else"! Ord med "-else" er nei-ord. Difor må det vere "Fornyingsdepartementet" og ikkje "Fornyelsesdepartementet" på nynorsk.

Eg har vore så fri å skrive eit e-brev til Heidi Grande Røys der eg på ein høfleg måte gjer henne merksam på at journalisten i "utdanning.ws" nok må ha formulert seg litt dårleg. Får håpe og tru at ho ordnar opp.

1 kommentar:

Purisme sa...

Forresten: På Mållagslista har det kome eit ordskifte om kva Heidi Grande Røys sa og ikkje sa. Innstillinga til denne bloggsida er klar nok: Heidi Grande Røys har vist seg som ein god ven av nynorsken, og eg trur at ho vil gjere ein god innsats som minister. Då skal målfolk sjølvsagt ikkje nytte fyrste høvet til å kome med moraliserande utsegner om at ingen kan nynorsk lenger, slik ein ser spesielt ein innsendar på Mållagslista gjer. På den andre sida les statsråden neppe epostar på Mållagslista, og ein må av og til få lov til å unngå å vere heilt snusfornuftig. So da so.