23 juni 2005

Ordbøker i regnet

Det kan berre regne så mykje det vil. Eg sit her nemleg med ein haug med nye ordbøker. Vel, nye og nye. Eigentleg er det tale om to posar med "utdaterte" ordbøker; ordbøkene kjem frå ein kollega som nett gjekk av for aldersgrensa.

Omsider har eg m.a. fått Øverlands blå riksmålsordliste, både fyrste og andre utgåva. Og her er ulike utgåver av ordbøker som fylgjer ulike variantar av 1938- og 1959-rettskrivinga. Snadder.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Den som kosar seg med ordbøker i regnet, som finn stor glede i å fordjupe seg i ulike rettskrivingsnormer, som kanskje sit og smiler for seg sjølv over ord må vere filolog på sin hals. Men så er det vel nett det bloggaren er.

Crew Koos sa...

Do you know this is a french word ??

If you want more, check out:

http://www.crewkoos.blogspot.com

Anonym sa...

google.com

Anonym sa...

Du er ganske flink til å skriva, veit du det?

Elles, takk for hjelp til prøveførelesing. Det gjekk bra, eg fekk a. Hadde eg ikkje fått klarert at eg kunne lata det stå uoppklart kva alf hellot eigentleg gjorde på flyturen sin, hadde eg aldri kome i gang med skrivinga. So takk.

Purisme sa...

Gratulerer med A!