10 juni 2005

Turoperatør

Universitetet i Bergen har for tida vitjing av 20 svenske og finlandssvenske studentar som vil studere norsk språk og litteratur. Det er rett hyggelege personar. Dei er både sosiale og pliktoppfyllande – det er ein god kombinasjon.

Sjølv er eg kursansvarleg for studentane. Det inneber mykje: lage fagleg program, halde styr på budsjett, undervise, ordne med innkvartering, skaffe kjøkkenutstyr etc. Og dessutan: å vere turoperatør. For ein skal jo oppleve ein del. I forgårs var vi t.d. på tur opp Stoltzekleiva og til Sandviksfjellet, og i går var vi på Bergen kunstmuseum og såg utstilling av Astrup-bilete, før vi seinare for på surrealistisk konsert med Oddvar Torsheim på "Nynorsk bar" (Cafe Opera). I dag har vi vore i Bryggens Museum og Rosekrantztårnet. Og på sundag fer vi med tog til Myrdal og gåtur ned Flåmsdalen. I det heile teke er det mykje praktisk. Det verste er at eg likar det. Eg går fyrst flokken gjennom gatene i Bergen sentrum med ein paraply som flagg. Fortel om hus og gater, og veit i mitt stille sinn at det er jo dette eg har drøymt om: Å vere den allvitande turist-guide som ausar ut av kunnskap for dei ikkje-anande turistane.

2 kommentarer:

Ragnhild Bjorge sa...

Du trivst i rolla som allvitar! Ikkje veldig overraskande, det, om eg skal seia det sjølv. Hi, hi!
Du har eigentleg ordna deg greitt dersom det er du som står for alt her: kurs, innhald, mat, omvising? Får dei møta andre folk òg?

Purisme sa...

Dei får stundom sjå litt andre folk, ja... Når det kjem til stykket har eg nok berre ein liten del av undervisninga. Men du veit, ein må styre inntrykka.