15 juni 2005

Intern strid

Det skulle i løpet av juni verte halde årsmøte i Rørsla for sterke verb. Men den seinare tida har det vore ein del strid i rørsla, så årsmøtet ligg litt i det blå.

Striden i sterkverb-rørsla har likevel ikkje gått så langt som striden i visse fraksjonar av "høgnorskrørsla". Ikkje nok med at fraksjonen som tapte slaget om bladet "Vestmannen" laga eit nytt blad dei kalla for "Målmannen". No har òg "Målmannen" vorte offer for fraksjonering. Kanskje får vi endå eit blad? "Myrmannen"?

Kannibalisme er ingen sunn aktivitet, og han er heller ikkje så underhaldande som årsmøtet i Borkne for nokre år sidan. Då var der mykje sunn og god galskap. Ja, det var tider det.

Lurer forresten på kven som har skrive om bladet "Målmannen" og "Vestmannen" i Wikipedia.

2 kommentarer:

Magnus sa...

Målmannen er eit fritt organ

Anonym sa...

Det er noko som heiter brotsjøfisk, det er fisk som liver av all driten som vert kverla upp...