14 juni 2005

Toget venta

Klokka 07.58 skal toget gå. No er klokka 07.35. Og snart kjem dei svenske studentane, dei skal hentast med stordrosje på Hatleberg. Vi skal nemleg på tur – Noreg i eit nateskal. Med bergensbanen til Myrdal, så til fots ned Flåmsdalen til Berekevam, deretter tog til Flåm, middag på Furukroa, båt til Gudvangen, buss til Voss og tog derifrå til Bergen. Ein klassikar. Alle likar den turen. Og no er det snart tid for at vi fer frå togstasjonen. Eit par studentar har alt kome. Det er sundag, og roleg ute.

Så ringjer mobiltelefonen. – Æ, det har enno ikkje kome nokon taxi til Hatleberg... Kva? Eg ringjer til Bergen Taxi: - Nei, der kom ein taxi i går. - Men det var jo I DAG, I DAG, drosja skulle kome!!! - Vel, vi sendte ein i går. Og vi har ingen stordrosje her no. Men vi kan sende vanlege drosjer. - Ja, gjer det!

Klokka går og går. Så, 07.50 kjem nokre svenskar springane. Dette ser lovande ut. Men ikkje heilt: - Der var så fåe drosjer! Det er tvilsamt om dei aller siste rekk dette! Kva sa konduktøren? Fekk du ikkje noko svar?!

Klokka vert 07.55. Ei ny gruppe studentar kjem. Men framleis manglar den siste gruppa. Eg får melding om at dei neppe kan rekke toget. Klokka vert 07.56. Ingen andre enn meg og konduktøren ute på perrongen, 200 meter lenger borte, han svarar ikkje. Kva er lurast no? Å ta heile gruppa ut av toget og vente på neste tog, eller å la ei gruppe reise til Myrdal? Så talentlaus å ikkje ha tenkt på det før! Men ingen har mobiltelefon med seg, heller, og assistenten vil ikkje ta på seg å reise til Myrdal. Klokka er 07.57. Ingen kjem. Men ingenting er over før det er over. Klokka vert 07.58. Vel, no er det eigentleg over. Klokka 07.59. Toget er klart til å gå. Konduktøren på veg til å gi signal, men eg irriterer han, står med eitt bein inne i toget og eitt bein på perrongen (har lange bein). Konduktøren kjem bort. Klokka er 08.00. Men då er dei der! Rundt hjørnet kjem ein flokk springande! No er alle her! Konduktøren seier han sjølvsagt kan vente til dei har kome fram til vogna og ombord. Og så, fem minutt over tida er vi på veg. Ut på tur!

Etterpå er sjølvsagt kursleiaren helten. På folkemunne i Sverige vart han heretter kjend som "mannen som fekk toget til å vente".

3 kommentarer:

Anonym sa...

"Nateskal", heiter det.

Purisme sa...

Du har sjølvsagt rett. No ville eg rett nok helst ha hatt genitivsforma "nataskal" (som òg ville ha vore meir likt talemålet mitt, jf. "netaskal"). Ei slik form får ein derimot ikkje bruke i nynorsk i dag. Det fører meg over til eit anna ord, nemleg "allmannamøte", der ein òg har genitivsforma. Men det ordet er det av kjønnspolitiske årsaker uråd å bruke i dag. (Ein del bruker nok ordet. Ære vere dei for det. Men vi som vil halde oss inne med kvinnene veit kvar grensa går.)

Anonym sa...

"natehams" heiter det òg