18 januar 2012

Oljenamn: frå norrøn mytologi til politisk sjølvdyrking



Olje- og energiminister Ola Borten Moe vil styre norsk namnepolitikk på oljesokkelen. Han likar ikkje namnepolitikken for dei seinare åra, nemleg å ha namn frå sagatida eller etter norrøn tradisjon, t.d. "Sleipner", "Skrugard". I staden vil han ha namn som kan knytast til norsk politikk, t.d. "Johan Sverdrups-feltet" som fekk namn i dag. Og han har laga til ein eigen namnekomite med Kristin Clemet og Per Egil Hegge som medlemer. Det er òg laga eit mandat for nemnda.

Den nye praksisen til Ola Boretn Moe er uheldig - av fleire grunnar.

Eitt viktig moment er at ordninga med namn frå norrøn tradisjon er glimrande. Namna framstår som stolte og mytiske, utan å vere politisk ladde. Dei er òg med på å gjere den norrøne tradisjonen kjend, både i Noreg og i utlandet. Lat oss sjå litt meir på kva slags namn det her er tale om. Børge Nordbø har skilt mellom tre hovudkategoriar.

For det fyrste er det namn frå mytologien. Det er då tale om a) gudar, jotnar o.l. (Balder, Brage, Embla, Frigg, Heimdal ,Njord mfl.), b) dyr i mytologien (Gullfaks, Heidrun, Sleipner), c) gjenstandar (Gugne, dvs. spjotet åt Odin, Ringhorne, skipet åt Balder), d) mytologiske stader (Alvheim, Gimle, Åsgard, Valhall, Glitne), e) typenamn (Jotun, Norne, Troll, Volve).

For det andre er det tale om namn frå norrøne heltesegn (Volund, Grane)

Så er det historiske namn som personnamn (Gyda, Snorre, Edda, Tordis, Vigdis, Gudrun) og skipsnamn (Ormen lange, Visund).

I tillegg kjem så usikre namn (Tambar, Eldfisk) og namn som bryt med tradisjonen (jf. Goliat).

Den namnepolitikken Ola Borten Moe no legg seg på, med politikarnamn, vil sjølvsagt vere populær blant politikarane sjølve. Men politikken er uheldig av fleire andre grunnar enn at han bryt med den norrøne tradisjonen. For det fyrste kjem dette med politisk ladde namn inn. Carl I. Hagen-plattformen, t.d. For det andre vil det vere slik at personnamnet lett vil verte kopla til staden for namnegivinga og til hendingar med namnet. Såleis er Alexander Kielland-namnet kopla til ulukka på oljeplattformen som heitte Alexander Kielland. For det tredje må ein ofte ha lange namn når det er tale om personar. Ein har Johan Sverdrup-feltet for å spesifisere at det ikkje er Georg eller Otto Sverdrup det er tale om, men når namnet vert såpass langt vert det òg mindre funksjonelt. (Borten Moe ville ha "Sverdrup" som namn på "Skrugard-feltet", og det ligg jo nær det kanadiarane kallar Sverdrup-bassenget, men det bassenget er oppkalla etter Otto Sverdrup, så her har ville nok forviklingane ha vorte for store òg for Borten Moe.)

Ei siste sak er at Olje- og energidepartementet no sjølv har teke kontrollen over namnepolitikken. Fram til no hadde Oljedirektoratet ansvaret for namnegivinga, og Språkrådet var fagorgan ein vende seg til. No er det opp til den oljeministeren som sit å avgjere namna, og å bruke namnegivinga for eigenmarkering. På den måten ser ein på namnepolitikken på oljesektoren som noko anna enn namnepolitikk elles, og det er rart og dessutan i strid med offisiell språkpolitikk slik t.d. Språkmeldinga formulerer den. Kvifor skal ministeren her ha meir å seie for namnepolitikken?

Ingen kommentarer: