23 mai 2011

Den tilrådde nynorsknorma

Det ser ut til at styret i Språkrådet har godkjent framlegget til ny rettskriving for nynorsken. Det er i alle fall inntrykket når ein les pressemelding og i styrevedtaket. Men det finst ulike former for godkjenningar, og dersom ein les pkt. 6 i styrevedtaket, vert ein meir i stuss. Etter å ha slege fast i pkt. 5 at vedtaket inneber stor valfridom, presiserer ein i pkt. 6 at ein vil ha ei "tilrådd norm":

Språkrådet vil difor fastsetje ei tilrådd norm for nynorsk. Den norma blir eit tilbod som ikkje er obligatorisk å bruke for nokon, men kan gjere det lettare for mange privatpersonar å skrive regelrett og stilsikkert. Språkrådet vil stimulere flest mogleg offentlege institusjonar, produsentar av digitale språkreiskapar, forlag og aviser og andre viktige normagentar til å bruke norma. Språkrådets tilrådde norm blir seinast fastsett på styremøtet i februar 2012. Denne norma blir tilgjengeleg som eit sjølvstendig digitalt dokument frå Språkrådet, men skal ikkje på noko vis markerast i ordbøker eller ordlister.


Det styret her kallar ei "tilrådd norm" vil i stor grad svare til dei funksjonane læreboknormalen tidlegare hadde. Med andre ord kan det sjå ut til at ein held oppe det gamle systemet, berre med andre ord og utan valfridom. Det skal nemleg vere ei trong norm; i pressemeldinga heiter det:

Med ei slik norm brukar ein berre éin skrivemåte av alle ord som har valfrie skrivemåtar i den offisielle rettskrivinga.


Det er presisert at den tilrådde norma skal vere eit "tilbod", dvs. ikkje tvang. Tilbod er så mangt. Don Corleone sa "I´m gonna make him an offer he can´t refuse". Ein må gå ut ifrå at statens forvaltingsorgan vil fylgje språkråda frå statens språkorgan.

Nemninga "tilrådd norm" er ein tautologi dersom ein tenkjer seg at alle offisielle normer er tilrådingar. Kva skal dei elles vere? Og dersom resten av rettskrivinga ikkje er tilrådd, er ho då frårådd?

Men i og for seg er ideen om ei todeling av nynorskrettskrivinga ikkje dum. Det heng saman med den sosiolingvistiske konteksten for normeringa av nynorsk med eit assymetrisk tilhøve mellom nynorsk og bokmål og med dei store tekstprodusentane plasserte i bokmålsområde (og prega av bokmålshaldningar). Når det vert opp til normaktørane i bokmålsland å gjere normutvalet, er det ikkje urimeleg å tenkje seg at tradisjonsformer som ”stikk seg ut”, kjem til å tape i tevlinga med former som nynorsken har felles med bokmålet. Dette problemet har styret tydelegvis sett. Problemet er berre at det var dette problemet som var utgangspunktet for todelinga med læreboknormalen og klammeformer, og eg trudde at ein no hadde bestemt seg for å forlate det systemet, ja, at det var heile poenget med rettskrivingsendringa.

6 kommentarer:

sam sa...

Til meir forvirring segjer ikkje styrevedtaket i Språkrådet at denne tilrådde normi berre skal ha éin skrivemåte, men i pressemeldingi slepper Språkrådet katten ut av sekken. Og korleis skal denne tilrådde normi normerast?

"Ein må gå ut ifrå at statens forvaltingsorgan vil fylgje språkråda frå statens språkorgan."

Det kann tenkjast, men då må desse organi halda eit strengt regime. Det skal dessutan mykje til at alle eller ei kritisk mengd av desse organi - i staten, fylket eller kommunen - skal fylgja denne tilrådde normi. Og på kva nivå i forvaltningi skal den tilrådde normi gjelda? Kann me som "klientar" krevja svar på den tilrådde normi? Det vert òg eit pedagogiskt problem når desse forvaltningstilsette - i og utanfor nynorskland - elles er umgjevne av eit mylder av husnormer.

Språkrådet avskipar side- og hovudformskipnaden nominelt, men segjer samstundes at nynorsken treng denne skipnaden. Språkrådet hev derimot naive fyrestellingar um korleis denne tilrådde læreboknormalen skal verta ein realitet. Eg likar ikkje sideformskipnaden, men han er vorten ein realitet det ikkje burde vera lov å sjå burt ifrå.

Den nye normi er korkje stram, tydeleg eller enkel, men kann henda er ho "stram, tydeleg og enkel" som ei slags heilag trieining.

Purisme sa...

På kommunenivå gjer ein som ein vil. Det interessante er kva staten, Samlaget og dei andre lærebokforlaga gjer. Dersom Språkrådet formulerer ei trong "tilrådd norm", skal det godt gjerast om i alle fall statsforvaltinga let vere å fylgje denne norma, og så vil truleg andre fylgje etter. Eg går ut ifrå at det er slik styret tenkjer.

Ei anna sak er om departementet seier ja til ordninga med eit hierarki i nynorskrettskrivinga. Det vil jo vere i strid med retningslinene for heile prosessen med ny nynorskrettskriving. På den andre sida vert valfridomen no så stor at dersom Språkrådet vil styre normutviklinga, og ikkje overlate normeringa til dei store tekstprodusentane i Oslo, må ein gjere nokre grep.

I neste omgang, dersom departementet seier ja, vert spørsmålet kva som skal vere grunnlaget for den "tilrådde norma", dvs. kva for prinsipp ein skal fylgje, og korleis prosessen i Språkrådet skal vere. I innstillinga frå rettskrivingsnemnda har ein ikkje formulert prinsipp for ei trong norm utan valfridom; det har heller ikkje vore i mandatet for nemnda å gjere det.

sam sa...

Dersom det er utkoma, og eg neittar ikkje for det, vert kunnskapskravet til den tilrådde normi det same som til læreboknormalen. Alt utanfor den tilrådde normi er til hobbybruk.

Når so skilet millom side- og hovudform ikkje lenger er vedtektfest, hev me eit tilfelle der normeringi av den tilrådde normi, tilsvarande læreboknormalen, er flutt frå vedtaksnivå til det me kann kalla administrasjonsnivå.

Ei slik tilrådingsnormering vert styrande for heile normi, for all framtidig normering, serleg når valfridomen utanfor den tilrådde normi er so stor (enorm?). Me fær ei normering på "løyndekammeret", utan "demokratisk forankring". Ikkje eingong Departementet treng vel godkjenna denne normi.

Purisme sa...

Fyrst må departementet godkjenne prinsippet om ei "tilrådd norm". Dersom departementet gjer det, vert vedtaksprosessen for det å tildele denne norma neste spørsmål. Departementet kan etter paragraf 2 i vedtektene for Språkrådet "tilleggja Språkrådet spesifikke oppgåver og eventuelle fullmakter innanfor definerte saksfelt", og styrevedtaket er ei oppmoding til departementet om at Språkrådet ved styret skal få slike normeringsfullmakter og sjølv kunne fastsetje prinsippa for "tilrådd norm" og innhaldet i denne norma.

Det er ikkje noko nytt at Språkrådet får normeringsfullmakter; det hadde den gamle fagnemnda, og det vil vere urimeleg om ikkje det nye Språkrådet òg får det. Faktisk er det eit problem (i alle fall dersom ein meiner at det skal gå føre seg offentleg språknormering) at departementet etter omorganiseringa enno ikkje har overført normeringsmynde til Språkrådet, t.d. når det gjeld skrivemåten av einskildord, norvagisering av lånord etc. Det er likevel skilnad på normeringsfullmakter i konkrete saker, t.d. skrivemåten av "dølahest" og "dølehest" i bokmål, og det å sjølv avgjere prinsipielle normeringsspørsmål. Språkrådet har tidlegare gjort vedtak i høve til visse prinsipp, men ikkje sjølv vedteke prinsippa, og prinsipielle spørsmål har vorte vurderte av departementet.

Med andre ord: Dersom resultatet vert slik styret føreset, er det rett at prinsipielle sider ved nynorsknormeringa er flytta frå det politiske nivået (departementet) til det administrative nivået. Departementet seier då ifrå seg mykje normeringsmakt.

Dette kan sjå ut som ei radikal endring - eit nytt normeringsregime - men dersom ein er kynisk og desillusjonert vil ein her sjå ei "logisk" rekkjefylgje etter at Stortinget for nokre år sidan medvite gav frå seg si normeringsmakt til departementet. Denne avpolitiseringa er òg "logisk" i og med at ingen politikarar ser ut til å vilje engasjere seg i språkspørsmål - med eitt unntak, nemleg med nynorskmotstand (jf. sidemålsordskiftet der regjeringspartia let Høgre ture fram utan motstand).

No får ein sjå kva som eigentleg ligg i styrevedtaket, det trengst fleire presiseringar. Så får ein sjå kva målrørsla seier. Noregs Mållag har, truleg med rette, ikkje vilja engasjere seg i normeringsstriden, men ein del einskildpersonar vil truleg seie noko.

sam sa...

For å uppsummera, i alle fall for meg sjølv. Når då styret i Språkrådet gjer vedtak um ei "tilrådd norm", målber dei at siste ord heller ikkje denne gongen er sagt, korkje um normeringi eller normhierarkiet. Dei hev berre sett til departementet å avgjera lagnaden til hierarkiet. Soleis er dette ein reprise av fyrre gong, berre at rettskrivingsframlegget denne gongen er meir formsprengt og at all normering av "læreboknormalen" er flutt til administrasjonsnivå.

Når eg skreiv "demokratisk forankring", tenkte eg fyrst og fremst på kravet til framgangsmåte i normeringsarbeidet denne gongen. Det er lite att av openleiken, anna enn skrøytet. Vilkoret for høyringsrunden og mandatet var ikkje ei dryfting av sideformene. Når normeringi er flutt til eit rådgjevingsnivå, vert dessutan kravet til ålmenn innsyn i denne "normeringi" ikkje større enn når Språkrådet gjev råd i t.d. teiknsetjing - det er jamvel på eit lågare nivå enn den gamle fagnemndi. Departementet misser soleis mest alt av kompetansen i normeringsspursmålet og ålmenta misser innsyn.

Korleis Språkrådet skal laga den tilrådde normi. Språkrådet bed departementet godkjenna ny rettskriving fyre 1. september 2011 (jf. pkt 4.), ubunde av faglege merknader og konsekvensanalysa (jf. pkt. 7), trass i at det faglege innehaldet i rettskrivingsframlegget internt i Språkrådet hev fenge slakt. Den tilrådde normi skal vera ferdig på styremøtet i februar 2012 (jf. pkt 6), utan at serskilde krav eller framgangsmåte er nemnde. Framgangsmåten vert difor lik og gjord på same nivå som all onnor rådgjeving i Språkrådet. Det er fjernt å tenkja seg at ei (fag)nemnd skal putla med denne normi, det krev eit mandat og ein annan framgangsmåte. Korleis normi skal sjå ut, er upp til styret.

På styrenivå gjekk Noregs mållag sers langt i å engjasjera seg i normeringi, både på landsmøtet og i høyringssvaret. Styret fagna ikkje beint fram rettskrivingsframlegget, men dei sa dei var nøgde. Eg kallar dette for å engjasjera seg i normeringsstriden. Når striden denne gongen ikkje er so sterk, hengjer det meir saman med at målrørsla er veikare enn fyrr. Ikkje mykje er nytt i nynorskland.

Du skal elles ha takk for vurderingane.

Anonym sa...

Ei norm i norma utarbeidd av folk som har til fremste kvalifikasjon at dei ikkje forstår grunndraga i nynorsk ortografi sett i høve til talemålsgrunnlaget. Ei nemnd som heile vegen trygt kan konkludera med at samanhengen ikkje er broten fordi dei ikkje ser samanhengar som kan brytast.

Lovande.

Men det laut vel koma, for jamvel dei argaste reformatorane måtte innsjå at offentleg nynorsk -- som er ei svært viktig kjelde til nynorsk tekst -- elles blir mykje meir forvirrande og sprikjande enn før. Stikk i strid med mandatet.

Alle bør no sjå at innstramming av læreboknormalen (og varsam luking i resten) ville vore meir eintydig og hatt færre av ulempene til den nye norma. Ei slik innstramming var planen før bokmålet kvitta seg med sideformene og "ingen andre i klassen er slik"-argumentet vart stovereint i nynorskverda.

Det fagleg verste er likevel handsaminga av ordrøtene, som sprikjer i alle retningar. Her er like ord (historisk og dialektalt sett) normerte ulikt på grunnlag av overflatekrusingar i eit dårleg og bokmålspåverka korpus. Lite brukte ord er dessutan handsama med same grove reiskap som mykje brukte. Men ikkje eingong slike statistikkfagleg uforsvarlege "statistiske prinsipp" er følgde konsekvent, truleg fordi mange av dei førehavde orda er ukjende for reformatorane.

Eit av resultata er at orda som har hatt valfridom, no er normerte på grunnleggjande anna vis (= slumpesam bokmålstilnærming) enn dei fleste som ikkje har hatt valfridom, der bokmål ikkje har vore inne i biletet som normeringsfaktor. Ein kan sjå på sjølve norma at nynorsk er eit språk som ikkje likar seg sjølv.

Anna problem: Mange nye former er tekne inn for å løysa problem nynorskbrukarar i ei bokmålsverd opplever med å skriva noko som ikkje er i samsvar med bokmål. Men likevel står dei fleste orda av dette slaget igjen, truleg fordi problema tilfeldigvis ikkje har kome inn i høyringa eller har drukna i straumen av subjektive impulsar. Som "modernisering" er dette rørande naivt; endringane monar ikkje i det heile. Nye rekkjer med krav i same lei vil alltid stå for tur.

Det å skjera ned endingsverket på statistisk grunnlag var plankekøyring. Det er tragikomisk at nemnda har fått så mykje ros for dette såkalla arbeidet. Rosen kjem frå alle dei ulike instansare som har freista å få sine små kjepphestar gjennom. Alle bekkene med ros gjer ei så stor å at nemnda lett har kunna overhøyra all fagleg kritikk ved kvart ankepunkt. Norma er trumfa gjennom etter fleire års utmatting av motkrefter på så spelteoretisk elementært vis at det må vera tidenes skuledøme på seigpinande kløyv og hersk. Den kvasidemokratiske og fagfiendslege høyringa er ein del av spelet. Vonar det ikkje var planlagt slik.

At nemnda har leika med "dokker", talar imot teorien om detaljplanlegging. Poenget har vore å få marknadsført eit inntrykk av modernisering. Innhaldet har vore mindre viktig enn illusjonen. Kanskje "dokker" var ein bøkling?

I alle tilfelle svarar norma til det låge refleksjonsnivået i nynorskålmenta. Difor er det vel rettast å vedta henne. Det er ikkje grunnlag for noko anna.