24 januar 2012

Kristin Halvorsen som den nye Kristin Clemet

Kristin Halvorsen er no den nye Kristin Clemet. Ho er sitert i dei fleste nettaviser og i NRK radio i dag på synspunkt om at elevane i skulen ikkje skal verte like gode i hovudmål og sidemål, og at ho vil vurdere å fjerne karakterar og eksamen i skriftleg sidemål.

At ein SV-statsråd kjem med eit slikt framlegg, er overraskande, i og med at det er i strid med partiprogrammet og i strid med regjeringserklæringa. Kva som no skal vere poenget med å røyste SV, er ikkje godt å sjå.

Spørsmålet vert så kva som no vil skje. Då må vi ta utgangspunkt i saksdokumentasjonen.

Det Halvorsen refererer til, er at eit framlegg frå Utdanningsdirektoratet om å endre læreplanen i norsk. Framlegget er eit slags svar på eit oppdragsbrev frå departementet. Men det Udir gjer, er ganske så radikalt og nifst. Og det nifse gjeld både framlegga og argumentasjonen.

Udir føreslår at ein skal ha lågare kompetansekrav i sidemål enn kva som gjeld no, og at ein ikkje skal ha eigen karakter i sidemål, verken i grunnskulen eller i vidaregåande skule. Det vil i praksis seie dårlege krav til nynorsk, som dei fleste har som sidemål, og at ein ikkje får eit system for å måle kunnskapen i sidemål. Dersom det kjem gjennom, vil statusen til nynorsken verte alvorleg svekt. I tillegg målber Udir eit språksyn der språkleg mangfald vert gjort til eit problem, ikkje til ein ressurs.

Argumentasjonen til Udir er som henta frå Unge Høgres flygeblad. Ein har "ikkje bruk for å skrive nynorsk seinare i livet". Ein skriv: "Med unntak av visse yrke kan ein greie seg i det norske samfunnet med å skrive ei av målformene". Dette vert lagt fram som ei konstatering, utan at ein tek omsyn til at det faktisk ikkje gjeld berre visse yrke, men faktisk i visse kommunar. Ein tek heller ikkje omsyn til jamstellingsspørsmålet - det at allmenn kompetanse i dei to målformene er ein førestnad for å oppnå jamstelling mellom bokmål og nynorsk. I det heile er ein ikkje oppteken av å sjå på skulen som ein språkpolitisk aktør. I staden er ein sur fordi ein meiner at det i språkpolitiske dokument ikkje er "problematisert" føremålet med skriftleg sidemålsopplæring (s. 2), og at det ikkje går fram kor mykje ansvar skulen har for å oppfylle krava i mållova (s. 3).

I tillegg vert det vist til at medan nynorskelevane lærer seg sidemålet bokmål lett, er det verre for bokmålselevane fordi dei møter nynorsk sjeldnare, og får mindre opplæring i sidemålet sitt. Underforstått: Det er synd på bokmålselevane. Her er det fleirtalsperspektivet som er det rådande. Det vert elles vist til at bokmålselevane reagerer negativt på at dei må lære seg å meister dei to målformene. Dersom der er negative haldningar skal ein tilpasse seg haldningane.

Udir har i og for seg rett at dersom kompetansemåla i læreplanen skal takast på alvor, må nynorskopplæringa (som sidemålsopplæring) styrkjast. Men det ein vil gjere no, er å kople ambisjonsnivået til ei svekking av nynorskopplæringa (s. 7).

Udir har med pliktformuleringar om at hovudmålsopplæringa for nynorskopplæringa må styrkjast, men utan å konkretisere det, og utan å sjå statusen for hovudmålsopplæringa i samanheng med statusen for nynorsken meir allment, dvs. òg kva haldningar og kunnskap bokmålselevane har. Direkte frekt vert det når SV i dag køyrer ut Halvorsen si svekking av nynorsken som "Vil styrke nynorsk som hovedmål".

Det vert vidare vist til at evalueringa av sidemålsfritaket i Oslo viser litt betre karakterar for dei som hadde fritak for sidemål. Men ein gløymer då at fritakselevane samtidig hadde forsøk med prosessorientert skriving, mappevurdering, teaterbesøk og forfattarbesøk, og at det vert uråd å seie at forsøket måler noko som helst som gjeld effekt av sidemålsopplæring på karakterar. Som NIFU STEP skreiv i pressemeldinga: "De viktigste pedagogiske virkemidlene i forsøket har vært prosessorientert skriveopplæring med mappe som vurderingsform, kompetanseutvikling blant lærerne og arbeid for å bedre elevenes holdninger til nynorsk. Dette er virkemidler som med stor fordel kan tas i bruk uavhengig av et forsøk som dette. Det gjenstår å se om disse virkemidlene kunne ha gitt samme positive effekter for elever som har opplæring i skriftlig sidemål."

Når det gjeld tilvisingane til forsøk med ein karakter i norsk ved Fana gymnas og Kongsbakken, så må det seiast at desse forsøka ikkje er evaluerte, og i røynda heller ikkje kan evaluerast ut frå føresetnadene. Det er der tale om effekten av det å operere med éin norskkarakter i høve til læringseffekt og motivasjon. Forsøket er velmeinande, men der er metodiske problem. Særleg kompliserande er det at forsøket alt har vore i gang ei god stund. Det er heller ikkje lagt opp til kontrollgrupper som ein kan vurdere forsøket synkront med. Heller ikkje er det dokumentasjon på korleis situasjonen var tidlegare for dei aktuelle gruppene. Men her talar igjen Udir om dette som eit positivt forsøk, dvs. ein dreg konklusjonar som det ikkje er grunnlag for. Det må tilføyast at målet ved t.d. Fana gymnas slett ikkje er å svekkje krava til sidemålskompetansen, slik Udir vil.

Forsøka til Nynorsksenteret for å styrkje sidemålsopplæringa er ikkje nemnt med eit ord. (Ein har ein fotnote med tilvising til Nynorsksenteret knytt til denne setninga: "Det finst lite forsking på opplæringsvilkåra for nynorskelevar." Her er det eit poeng at Udir i sine tildelingsbrev, og i anna kontakt med senteret, har gitt direktiv om at Nynorsksenteret ikkje skal drive med forsking, berre med utviklingsarbeid. Verken Udir eller Halvorsens departement har løyvt pengar til forsking på opplæringsvilkåra.)

Dokumentet til Udir er spekulativt, ufagleg og språkpolitisk i strid med det som er offisiell norsk språkpolitikk, og det er ei skandale at eit offentleg organ kan kome med noko slikt. Det kan elles verke som om ein eigentleg vil gå endå lenger i å svekkje sidemålet, i alle fall vurderer ein meir radikale framlegg. Juristane i Udir kjem så fram til at Opplæringslova fastset at elevane skal lære sidemål dei to siste åra i grunnskulen, og at ei endring av læreplanen med å fjerne sidemålsopplæringa i grunnskulen vil måtte føre til ei lovendring, og at det vil ta tid, og at ny læreplan dermed ikkje vil vere klar i 2013.

Akk, ja. Det er elles mykje ein kan seie om Kristin Halvorsen og SV i denne saka. Det er vel allment kjent at statsråden er fagleg svak på mange saksfelt, bl.a. når det gjeld språkopplæring. Og eitt moment i den samanhengen vil då vere nynorsken.

Men problemet dreier seg òg om synet på språkleg mangfald som eit problem, ikkje som ein ressurs. Ideen om at elevane, spesielt bokmålselevane, må få konsentrere seg om hovudmålet, for dei vert så forvirra av sidemålet, tek ikkje inn over seg internasjonal forsking som peikar på det språklæringspotensialet som ligg i språkleg mangfald, både på individnivå og samfunnsnivå. Ja, ein nemner heller ikkje slik forsking. Kristin Clemet hadde skam nok til å nemne at det fanst slik forsking (i "Kultur for læring"), men då avfeidde ein med at det ikkje var norsk forsking som kunne stadfeste mangfaldsargumentet. No nemner ein ikkje dette i det heile. At Udir ser ut til å vere så fagleg svakt og så språkpolitisk tendensiøst som det som kjem til uttrykk i dette dokumentet, er noko ein berre kan konstatere.

43 kommentarer:

Magne D. Antonsen sa...

Bra blogg!

Det er Magne fra VG her. I dag har jeg valgt innlegget ditt som dagens anbefaling på Lesernes VG, du finner det nederst på forsiden til VG Nett! Vil du ha flere tips om gode blogger kan du følge Lesernes VG på http://www.facebook.com/lesernesvg og http://twitter.com/lesernesvg

Anonym sa...

Nynorsk er kolosalt unødvendig

Anonym sa...

Nynorsk er så unødvendig, også at alle må skrive det er bare tull

Vaktsemd!(LEIƒⱧSIỺI) sa...

Gode purist! Eg har nokre tankar til implikasjonane av dette so vel som til koss SV-Kristin og dei andre raudgrøne gjerne tenkjer for å legitimera seg:

(1) Ved å gå over til ein karakter i norsk, so må det vel verta raskt slutt på at ein kan setja krav om at ein må vera kunnig i nynorsk for å få ei offentleg stilling.

(2) Dermed ser eg òg ein annan motivasjon hjå dei likestillings-hugne raudgrøne styresmaktene våre: Utan eigen karakter i sidemål/hovudmå, so stiller alle meir likt. Både innvandrarar og ikkje-innvandrarar, samar og nordmenn — alle fær dei berre ein karakter.

(3) For det er jo ein del av likestillingspolitikken at visse ting ikkje skal få lov til å telja. Likestillingsombodet har jo hengt seg opp i dette med kor mykje språk skal få lov å telja — og ombodet vil jo at det skal telja minst mogeleg.

Når då nynorsk har offisiell stilling som berre ein variant av norsk — istaden for at bokmål og nynorsk tel som sjølvstendige språk — so kan ikkje skortande kunnskapar i nynorsk telja negativt: Bådet nynorsk og bokmål er då norsk?

Anonym sa...

Hvorfor skal vi bruke så mye tid på noe man så og si aldri bruker? Man forstår hverandre samme om man snakker nynorsk eller bokmål. Det hadde vært mer nødvendig å bruke tiden på mer engelsk eller matematikk for å gi to eksempler.. Om det så absolutt skal være i skolen, så kan man ikke bare gjøre sidemål valgfritt, slik at de som vil kan velge det, og de som ikke vil kan velge å ta det bort?

Anonym sa...

hva om noen tvang deg til å lære ett skriftspråk du ikke bruker? samisk feks (ikke kom å si at du ikke bruker bokmål)

Bokmål er De Facto norsk skriftspråk, get over it

Anonym sa...

Enig nynorsk er totalt unødvedig
om den lille folkegruppen vill holdet på dette sråket så må dette være valgfritt.
Har faktisk sagt opp Stavanger Aftenblad pga for mye nynorsk i en Stavanger avis.

Purisme sa...

Bra tips på VG-nett i dag....

Torunn sa...

Det må da være helt unødvendig med nynorsk. Har en sønn med dysleksi, som har kjempet seg gjennon nynorsk. Han fikk karakter fritak, men måtte være med i faget. Vet noen hva det gjør med mestrings følelsen til ungene og ikke skjønne? Det er grusomt, min sønn slet med bok mål, det var nok. Kutt ut all nynorsk og sats på bedre oppfølging i engelsk. Det blir og er fremtidens språk.

Anonym sa...

Ja, la oss heller lære ungdommen kebab-norsk! Et språk for fremtiden.

Anonym sa...

Nynorsk er unødvendig, og skaper både frustrasjon og irritasjon hos elever som har mer enn nok å tenke på matematikk og andre fag på skolen..

Anonym sa...

Avskaff jævelskapen.

Anonym sa...

Eg tykjar at det må verte valgfritt om ein foretrekar bokmål eller nynorsk. For meg er det det same, sjølv om eg helst hadde hat lyst til å skrive som eg snakkar. Eg vonar at ungar bør få vele eit av skriftspråka, og så sleppe sidemål. Om nynorsk dør ut, er det fordi at språket har bliven utdatert.

Anonym sa...

Jeg ser fremdeles ikke de gode argumentene for å fortsette med to målformer i norsk på skolen. Joda, man kan fortsette å mase om politikken i dette, men denne kampen var vel egentlig ferdig kjempet for mange år siden. Dette lærer man om i den obligatoriske språkhistorie delen av norskfaget. Det må da være mye bedre å bli virkelig god i en målform en nesten litt flink i to målformer. Uansett forstår vi da hverandre.

Anonym sa...

Jeg ser ingen grunn i hele verden til att vi må lære en målform som er helt ubrukelig over nesten hele landet.Avskaff nynorsk.

Ove Kristian Furelid sa...

Jeg for min del synes at nynorsk er helt grei å lese, men vanskelig å skrive og tale med. Da foretrekker jeg bokmål. Og et minus med nynorsken er at flere i det flerkulturelle Norge må da lære seg ett språk mer enn andre. Og det er ikke rettferdig. La de som vil lære nynorsk lære det og la andre slippe dette presset.

Anonym sa...

er snart so mykje Urdu og arabisk i austlandsken at dei veit snart ikkje kva dei snakkar. ein må snart sjå på kva ein vil med Noreg. er no vorte forbode/ eller i da minsta ein uting å halda på norske tradisjonar. er vel snart nokon som meinar at da er rasistisk med bunad på 17.mai. å eg les fleire og fleire flåsete kommentara kvar gong da er noko om kongefamelien om kor mykje dei kostar oss!!! dei kostar ikkje meir enn eit kobbel med byråkratar i eit departement! Hald på sidemålet, so har me no igjen ein rest av ein slags identitetsfølelse

Anonym sa...

Gidder ikke gå inn på en diskusjon om hva du egentlig mener med at "språkleg mangfald [er] ein ressurs", all den tid at jeg har prøvd dette med andre og vet hva slags ullent svada jeg kan forvente til svar.

Det som imidlertid er hevet over debatt er at det ikke er noen ressurs at uketimer i skoleverket legges beslag på. Tvert imot, uketimer i skoleverket er i seg selv en ressurs, og hvordan denne ressursen forvaltes bør vi være svært så nøye med.

Si at vi har 30 timer per uke til disposisjon, og følgende kandidater til fag:

- Hovedmål (lesing og skriving)
- Matematikk
- Naturfag
- Engelsk
- Samfunnsfag m/ religion
- Historie
- Geografi
- Kroppsøving

Og nå har vi ikke inkludert som egne fag det som kanskje nest etter lesing og skriving vil bli de viktigste ferdighetene, nemlig følgende to potensielle kandidater:

- Filosofi, dvs. filosofihistorie, logikk og resonnering, samt vitenskapsteori og sågar medie- og informasjonsforståelse.

- Teknologi, en dypere forståelse for hvordan det faktisk fungerer, hva det kan og ikke kan brukes til, hvilke farer og risikomomenter som finnes, hva teknologi gjør med samfunnet, etc.

Så bør vi vel egentlig også ha et fag for kultur, herunder kunst og håndtverk, musikk, og eventuelt drama eller annet.

Da gjenstår sidemål, og jeg har ett spørsmål som jeg gjerne vil be deg om å svare konkret på:

Hvilke(t) av de ovenstående er det vi skal nedprioritere for å lære et kunstig skapt skriftspråk som er nesten identisk med hovedmålet vi allerede har inne?

Og ikke server noe ullent svada om at "det blir feil å sette ting opp mot hverandre", eller noe annet vissvass. Nå er vi i en prioriteringssituasjon - så prioriter: Hva skal nedprioriteres for at vi skal få plass til sidemål?

Sinnasmurfer sa...

Jeg synes nynorsk skal likestilles med bokmål. Med det mener jeg at man som elev på skole velger enten det ene eller det andre, og har kun én målform.

Jeg bruker selv ikke nynorsk, men jeg synes det ville være trist om språket skulle forsvinne helt. Det er mange plasser i landet hvor nynorsk er et mer naturlig skriftspråk, og det er heller ikke spesielt vanskelig for "oss" å forstå det. Så hvorfor ikke?

Purisme sa...

Til dette med språkleg mangfald som "svada": Her byggjer eg faktisk på språkpsykologisk og språkdidaktisk forsking som er internasjonal og som er velkjend og akseptert i breie lag av forskingsfeltet, bl.a. frå tospråklegheitsforsking i Canada og Finland. For å nemne namn: To viktige teoretiske premissleverandørar er Jim Cummins og Colin Baker, dvs. frå andrespråksforsking, som igjen har inspirasjon frå J. Vygotsky og hans syn på at der er ein samanheng mellom førstespråk og andrespråk, og at der vil kunne vere gjensidig og positiv påverknad mellom førstespråket og andrespråket. Cummins er bl.a. kjend for den såkalla dual-isfjell-teorien: Tenk deg eit isfjell som flyt på havet ved Grønland. Det du ser på overflaten er toppane, og då kan det sjå ut som om det er tale om ulike. Men under overflata er toppane delar av det same isfjellet. På same måten er det med språkkompetansen hos einskildindivid. Det som ein kan observere, er kunnskap i ulike språk, men på same måten som istoppane er delar av eit isfjell, er kompetansen i ulike språk delar av ein felles underliggjande språkkompetanse. Cummins sin ide er at kompetansen i dei ulike språka heng saman, og at der er ein gjensidig påverknad mellom kompetansetypane. Det vil igjen seie at det er mogleg å overføre lese- og skrivedugleikar frå eitt språk til eit anna språk, fordi dei momenta som går inn i desse dugleikane har mykje til felles. Difor vert det heilt feil å snakke om at språkkompetanse som ulike boksar, det er ikkje slik at ein har kompetanse i bokmål i ein del av hjernen, i nynorsk i ein del av hjernen, tysk i ein del, engelsk i ein annan, og at ein difor må passe på at hjernen blir for full. Tvert om, språkkompetanse har noko felles til grunn.

Dette at fleirspråklegheit ikkje er skadeleg, men ein ressurs for folk, har vore påpeikt av lingvistar sidan 1950-talet (Vygotsky var endå tidlegare ute, men fekk ikkje gjennomslag i Vesten før seinare). Eg vil i den samanhengen vise til ein av pionerane frå 1950-talet, norsk-amerikanaren Einar Haugen, og det han skriv i boka "Babels forbrødring": "I det jeg har beskrevet, ligger løsningen på det som mange ser på et problem ved å la barna sine bli tospråklige. Det har ingen uheldige følger hvis bare miljøet er godt og støttende. Under slike forhold vil problemene ved å integrere to kulturer og to språk ikke bli for store for barnet. Tvert imot gir det tilfredsstillelse som i alle fall for meg har vært større enn det jeg har fått ved å lære andre språk senere i livet, for det meste i skolesituasjoner."

Elles er det slik at hovudmål og sidemål er vurderingsmål i norskfaget, men det er fullt mogleg å drive opplæring i både nynorsk og bokmål i andre fag enn norsk. Læreplanen er jo slik laga at lesing og skriving (saman med munnlege og digitale dugleikar) er grunnleggjande kompetansemål som alle fag og alle faglærarar har ansvar for. Difor vert det heilt feil i høve til ideane bak læreplanen å seie at lesing og skriving er noko som skjer på kostnad av eit fag. Lesing og skriving er ein del av det å lære eit fag.

Anonym sa...

Hva skal vi lære nynorsk for så lenge vi har samisk? DET er et sidemål. Et helt eget språk, faktisk! Nynorsk er en dialekt på Vestlandet.

Anonym sa...

Jada, fordi noen få folk liker nynorsk, så må alle ha det, selv de ungdommene som lider av dysleksi og griner over sidemålsoppgaver hver uke *heavy sarcasm*.

Gjør det heller til et valgfritt fag, slik som spansk, fransk og tysk, så kan de som hater fremmedspråk også ha et annet alternativ.

Jeg går på vgs, og driter en lang i det språklige mangfoldet. Jeg er bare luta lei av å få presset på meg fag jeg verken vil eller TRENGER å ha. Jeg sier ikke at man skal utrydde språket, men hadde vært fint å få det gjort om til et valgfritt fag.

Bokmål er over alt - det er ikke nynorsk. Det er til og med flere engelske bøker enn nynorske på norli og ark og andre bokhandler, så do the math.

Anonym sa...

Jeg skriver selv på bokmål og har gjort det hele livet. På u-skolen og vgs skjønte jeg ALDRI poenget med sidemål. Og ja, jeg hatet det nærmest. Men om man går til det historiske aspektet ved disse to skriftspråkene forstår man hvorfor vi har begge. Knut Knutsen fornorsket dansken til det som i dag kalles bokmål.Om ikke hadde vi skrevet danskt (det hadde vært kjedelig å dele språk med nabolandet?). Ivar Aasen samlet inn dialekter og lagde et norsk språk basert på nettopp dette(dette er dialekter som har vært uforandret i mange hundre år). For å få èn ting klart: INGEN prater nynorsk. Nynorsk er en blanding av Norges ulike dialekter. Poenget mitt; enten bør man kutte ut sidemål (evt. ha det som valgfag), eller så bør man legge mer vekt på det i norskfaget, gjerne gjennom mer språkhistorie. Ingen liker noe man ikke skjønner noe av. Begge såråkene er en viktig del av vår kulturarv.

juppi sa...

Hvorfor kan ikke nynorsk være valgfritt?

Forstår ikke hvorfor man skal gjøre det så tungrodd.

Anonym sa...

Er nå virkelig nynorsk et eget språk? Er det ikke egentlig bare en målform av norsk? samme som bokmål? Hele ideen med å være tospråkelig er grei i og for seg, men det kan ikke bety at man ikke skal være kritisk til hva man bruker tiden til å lære. Nynorsk er faktisk et VELDIG mye mindre bruk målform enn bokmål, så eneste grunnen til å lære det er for å bevare vår kultur. Da bør vi også lære samisk da, bør vi ikke? I den tospråksgreia, er det gjort noe forskning på hvor mye man har igjen for å lære to målformer av samme språk? Jeg vil tro man har bra mye mer igjen for å lære engelsk og spansk for eksempel enn svensk og dansk...

Anonym sa...

Det må da være en løsning å ha nynorsk som valgfag. Det er jo åpenbart at elevene trenger å legge mere vekt på andre fag enn et språk, som de for det første ikke skjønner vitsen av å lære,og for det andre de aldri kommer til å bruke.

Anonym sa...

Allerede ved første øyekast var det tydelig at skribenten i dette innlegget var farget av sin kjærlighet til sidemål. De eneste som støtter nynorsk er mennesker som av en eller annen grunn er fanatiske omkring det. Skribenten baserer sin politiske holdning på hvilket parti som er villig til å plassere nynorsk i sitt partiprogram. Nynorsk er ikke brukt i samme omfang som bokmål, og det er derfor ukorrekt å kalle det for sidemål. Kanskje lavmål er bedre dekkende?

Anonym sa...

Til dei som seier at samisk heller burde vera sidemål: Det _er_ faktisk mogleg å få fritak frå sidemål viss du anten:
får opplæring i norsk teiknspråk, samisk eller finsk
eller:
er minoritetsspråkleg og får særskilt språkopplæring (norsk/morsmål/begge)

Så då kan me kasta vekk det «argumentet».


Og når det gjeld dysleksi, så er det òg grunnlag for fritak. Så det argumentet går òg i søpla.


Og at det er fleire bøker på engelsk enn på nynorsk i bokhandelen – det er vel heller eit argument for å styrka nynorsken, og språkopplæring generelt? Det å ha eit breitt grunnlag i språk gjer deg betre i alle språka du lærer. Kontrastane du lærer mellom ulike språk gjer deg meir medviten på dei språklege nyansane i hovudmålet ditt.

I tillegg gir kunnskap i fleire språk deg betre sosiale og kognitive evnar. Språkleg mangfald er ein kognitiv ressurs, enkelt fortalt: du blir smart av å vera god i språk (språkdelen av standard psykologiske IQ-testar som WISC/WAIS er den delen av testsettet som har best korrelasjon med generell IQ). Så sjølv om du ikkje bryr deg om å ta vare på kulturelt mangfald, så har du nok av reint egoistiske grunnar til å læra sidemål.

Anonym sa...

Viss man ser på dialektane i norge så er norge stort sett delt i to når det kommer til kva dialekten heller mot, nynorsk eller bokmål.

Haugesund, som eg kommer fra, har ca 80% nynorsk allerede "gratis" i dialekta, men det er motsatt av kven som faktisk skriv nynorsk på skolen.

Grunnen til at folk lerar bokmål på skolen er jo fordi foreldra vil det, for det fekk dei gjennom sin skolegang osv. Det heng vel igjen frå gammalt av da det var "status" å snakke bokmål, nå skriv jo dei fleste bokmål på grunn av dette idealet som overhode ikkje stemmer. Kebabnorsk er allerede blitt nevnt tidligare.

Så kvifor tviholder folk på vestlandet og nordover fast på bokmål som ikkje ligg naturlig i dialekta?

Nynorsk er eit flott språk og det ville vert synd om det forsvann. Når det er sagt så vil eg seie eg mislikar sterkt sidemål (ja, bokmål er jo sidemål for oss som hadde nynorsk som hovedmål). Det er unødvendig å lera to norsk språk, og eg hadde sjølv store problemer med å norsken. Begge formene havna midt på, og eg er verken god til det eine eller det andre. Eg skuldar på dårlig skole og elendige lerarar (4 ut av 7 år veksla klassen min vikarar kvar måned, og det blei 20/80 nynorsk og bokmål)

Så, logisk sett burde halvparten i norge allerede skreve nynorsk..(ut i fra dialektene) og siden nynorsk er eit flottare språk så kvifor har vi bokmål? Drittlei av dansk-norsk.

Anonym sa...

Å komme trekkende med tospråklighetshetsbegrepet for å forsvare nynorsken, slik Purisme gjør, viser bare at man er trygt plassert langt ute på viddene.

Purisme sa...

Apropos samisk: Det er ein del kompetansemål som gjeld samisk i læreplanen for norsk.

Etter fjerde årssteg skal eleven kunne "samtale om et utvalg sanger, regler, dikt, fortellinger og eventyr fra fortid og nåtid på bokmål, nynorsk og i oversettelse fra samisk og andre kulturer"

Etter sjuande årssteget skal eleven kunne "gjenkjenne og uttale bokstavene som finnes i samisk alfabet" pluss "presentere egne tolkinger av personer, handling og tema i et variert utvalg av barne- og ungdomslitteratur på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk"

Etter det tiande årssteget skal eleven kunne "gjøre rede for hvordan samfunnsforhold, verdier og tenkemåter framstilles i oversatte tekster fra samisk og andre språk" og "gjøre rede for rettigheter i forbindelse med samisk språk og om utbredelsen av de samiske språkene i Norge, Sverige, Finland og Russland"

Etter vg1 og vg2 skal eleven kunne: "drøfte innhold, form og formål i et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk" og " vurdere fortellemåter og verdier i et representativt utvalg samtidstekster sammenlignet med tekster fra norrøn og samisk litteratur, myter og folkediktning fra flere land"

Etter vg3 skal eleven kunne "samtale om utviklingen av samisk språk og kultur i lys av norsk språk- og fornorskingspolitikk".

Det er heilt klart at elevane skal kunne litt om samisk – i norskfaget. Dette er naturleg når ein tenkjer på den tradisjonen og posisjonen samisk har som nedervd nasjonalspråk for samane i Noreg. Såleis ser vi at i lærebøker i norsk er det gjerne eit kapittel om samisk språk og kultur. Samisk kan på si side ikkje jamstellast med nynorsk, for nynorsk er eit nasjonalspråk for heile Noreg. På den andre sida kan ikkje nyare innvandrarspråk jamstellast med samisk, for samisk har spesielle rettar ut frå posisjonen samane har som urfolk og ut frå dei pliktene Noreg har til å ta vare på nettopp samisk.

Anonym sa...

Angående svada: Ingenting av det du nå skriver er argumenter for sidemål - dvs. argumenter for at vi skal prioritere uketimer i skolen på to separate språk som er nesten like.

Vi har et hovedmål og vi har et ekstra språk: Engelsk. Hvis vi nå på død og liv må ha enda mer, så tar vi da selvfølgelig tysk? Eller fransk? Eller spansk? Eller portugisisk? Eller kinesisk? Eller et annet språk som folk faktisk kan ha reell praktisk nytte av?

Men på liste av språk norske barn og unge kan lære seg, prioritert etter reell nytteverdi, hvor prominent figurerer nynorsk?

Skal vi forkaste tysk for nynorsk?
Skal vi forkaste fransk for nynorsk?
Skal vi forkaste spansk for nynorsk?
... osv?

Hvorfor vil du ikke svare på hva som faktisk skal nedprioriteres til fordel for norsk sidemål? Hvor timene skal tas fra? Hva det er vi skal velge bort for å få plass til nynorsk? Det er vel ikke fordi det da blir så inderlig klart at du ikke har noe poeng å servere...?

Anonym sa...

Samisk er ikke et enkelt språk å lære, med sine kasus og gramatikk. Og eg vil også anta at det ikke finnes lærere over hele landet som kan ivareta en samisk språkopplæring, for de elever som måtte ønske det. Samsisk er nyansert, og har en spennende grammatikals oppbygning (forøvrig også ulik norsk gramatikk).
Nynorsk hevdes å være et nasjonalt språk. hvordan kan man påstå noe slikt, med tanke på at Ivar Aasen ikke reiste og samlet sine dialekter i hele norge, men kun deler av det? For oss som bor langt ifra "nynorskens vugge" føles språket både unaturlig som skriftspråk og talespråk. og det skulle vel ikke komme som ett sjokk at dette faget har vi ønsket bort de siste 30 årene (minst)?

Anonym sa...

Nynorsk er helt unødvendig (for de flest) og ødelegger mye av karakteren. Det er også særlig vanskelig når man i ungdomskolen også har fremmedspråk.
Jeg mener ikke det at man ikke bør lære nynorsk, men at man bør helst ikke få karakteren i faget. Det er jævla slitsomt særlig for folk (som meg) som har både morsmål, fremmedspråk, engelsk og bokmål å lære. Helt unødvendig med en karakter som trekker deg ned, når man også har vanskeligheter med andre fag...

Anonym sa...

Dette tror jeg er det eneste fornuftige jeg har hørt fra Fru Halvorsen

Anonym sa...

Ca 110 prosent av befolkningen bruker nynorsk, og derfor må jo skitten presses på resten av oss.

Når de 10 prosentene som snakker kebab-norsk oppdager dette, blir da kebab-norsk pensum også????

Snakk bokmål, eller enda bedre engelsk.

Anonym sa...

Du bygger hele argumentasjonen din på et falsk premiss, nemlig at sidemål er en relevant faktor iht språklig mangfold­. "Dobbelt-isfjell"-teorien som du viser til omhandler bilingualisme i forhold til vidt forskjellige språk (eks kinesisk og engelsk, fransk og engelsk). Tvert imot indikerer denne teorien at nordmenn burde droppe sidemål og fokusere mer på andre- og tredjespråk. Fordelen med bilingualisme er veldokumentert. Hvor er dokumentasjonen på fordelen med å mestre bokmål og nynorsk? Eller for å benytte et mer realistisk eksempel, hvor er dokumentasjonen på fordelen ved å kunne blå opp i nedtusjet "Spynorsk Mordliste" og bruke "find and replace" i word for å gjøre om en bokmålsstil til nynorsk?

Anonym sa...

Nynorsk burde kunn være valg-fag. Det er mer retferdig for de ellevene som er interisert og de som har ingen interesse for faget.
Ingen av de barna som missliker Nynors kommer til å beherske Nynorsk uaansett. Det er missbruk av makt å tvinge flertallet til bøye seg for de få.

gogge sa...

Fjern sidemålet. Det har utspilt sin rolle. Jeg forstår ikke hvorfor det bare er nynorskfolk som er mot forslaget. Dette vil jo også svekke bokmål i nynorskland.

Tiden er over da dere med loven i hånd kan påtvinge resten av befolkningen et språk og en kultur de ikke er interessert i. Nå må dere istedet legge om taktikk, og faktisk gjøre språk og kultur attraktiv slik at fler velger nynorsk som hovedmål. Det er bare å jobbe på for å gjøre språket tll allemanns eie. Å tre ting ned over hodet på folk har alltid resultert i opprør.
Ev skrivefeil skyldes min svenske bakgrunn. ;-)

K. André. W. sa...

Vi skal ikke beholde ny-norsk vi har veldig lite bruk for det. Eneste grunn til at vi må lære ny-norsk på skolen er at vis en ny-norsk kommune skriver til bokmål kommune må bokmål kommune svare tilbake på ny-norsk.

Ny-norsk er ikke viktig. språket er alltid i forandring.

HVIS NY-NORSK ER SÅ VIKTIG Å BEHOLDE OG LÆRE, MÅ VI OGSÅ LÆRE NORRØNT PÅ SKOLEN.


Mvh K. André. W.

Purisme sa...

Falsk premiss? Det kan eg vanskeleg sjå. Isfjell-teorien kan i språklæringssamanheng knytast til teorien om terskelnivå ("the threshold hypothesis"), nemleg at språkkompetansen bør overstige eit visst terskelnivå for at der skal vere positive effektar av det å vere fleirspråkleg. I den samanhengen er tilhøvet mellom hovudmål og sidemål så absolutt relevant.

Anonym sa...

Problemet er vel at isfjellteorien støtter mer opp for å fjerne nynorsk og heller ha et ekstra språk, enn to varianter av norsk. der den ene varianten er den som blir brukt mens den andre varianten er den man må lære for det er "kultur". Om man har bruk for nynorsk eller ikke ser ikke ut til å ha så mye og si, så lenge det er kultur og tradisjon. Om en person lærer bokmål, engelsk og spansk så vil den personen (etter min mening) denne personen være både mer egnet til å gjøre seg forstått flere plasser, ha mer bruk for dette og bli "smartere" ifølge isfjellteorien, enn en person som lærer bokmål, nynorsk og engelsk. Jeg lærte nynorsk på skolen nok til at jeg kan forstå det, men om det står en sak på vg eller db, og ikke er veldig interesant så gidder jeg rett og slett ikke lese den om den står på nynorsk.

Purisme sa...

Isfjellteorien har ein annan teoretisk føresetnad, nemleg teorien om terskelnivå. For at fleirspråklegheit skal gi positive verknader for den kognitive utviklinga til eit individ, må språkkompetansen overstige ein viss terskel. Ein må gå ut frå at terskelnivået for både nynorsk og bokmål vil vere relativt høgt, sett i samanlikning med terskelnivået for andre språk ein norsk språkbrukar vil tileigne seg.

Dette momentet kan overførast til fleire språksituasjonar, t.d. til talemålet. Det er grunn til å tru at nordmenns forståing av så mange ulike dialektar, er ein viktig faktor for å forstå kvifor nordmenn er best i skandinavisk grannespråksforståing: Ein er så van med språkleg variasjon, og denne språklege variasjonen har utvida språkkompetansen til folk slik at dei er i stand til å handtere og forstå mange fleire talemålsvarietetar som t.d. dansk og svensk (og variantar av dei igjen), medan ein danske som berre er blitt eksponert for dansk riksmål forstår mindre av andre språkvarietetar.

Elles er argumentasjonen til den siste anonyme ikkje samanhengande og er heller ikkje kunnskapsbasert.