15 mai 2007

Stigmatiserande ord og intimitetstyranni

Vart nett intervjua av ein journalist frå Kulturnytt om stigmatiserande ord. Eg sa mykje fornuftig om fenomenet sånn generelt, men fekk meg ikkje til å seie kva som var det mest stigmatiserande ordet. Ho viste til "eskimo", "mongoloid" og "dverg", men hadde eg ikkje noko meir stigmatiserande? Nei, eg hadde ikkje det, fordi ho ville at EG skulle seie kva EG meinte var mest stigmatiserande. Det ville eg ikkje. Kvifor verte tvungen til heile tida å utlevere seg sjølv? Kvifor heile tida tilpassse seg intimitetstyranniet? Sjølv snakkar eg helst generelt, ikkje personleg, om eit fenomen. Mine personlege meiningar er til liks med andre sine meiningar stort sett uinteressante, og i den grad dei er interessante er det ikkje som meiningar, men som noko heilt anna, t.d. fornuft.

2 kommentarer:

Purisme sa...

Meir om saka kan ein lese her:
http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1.2483907

Obs. Eg har ikkje sagt at ein skal forby ordet "indianar".

Purisme sa...

Siste nytt er at eg og Hallgrim Berg har diskutert saka i P4 trur eg det var. Vi var eigentleg ikkje så usamde, så det vart nok særs keisam radio. NRK dagsnytt atten ringde òg og lurte på om dette kunne vere ei bra sak der. Eg sa til Bjørg Gaathaug at dette var ei teit sak dersom det skulle vere for og imot, fordi det heile er mykje meir komplisert, og ho sa seg samd i det, sjølv om ho sakna stoff på ein dag der det skjer ingenting. Om eg då i staden ville snakke om samisk vs. nynorsk i Finnmark? Ring heller Jon Todal eller Trond Trosterud var mitt råd, og eg vonar det slår til.