31 mai 2007

Farvel 30-talet

Livet er sett saman av dagar, og etter kvart som dagane går, vert eit menneske eldre. Om nokre minutt går den delen av livssoga som høyrer til 30-talet slutt for den som skriv dette. På denne siste dagen i denne livsbolken har ein fått med seg Brecht-stykket "Die Massnahme" på Teatergarasjen, deretter har ein drukke øl på Verftet, og sett den raude sola gått ned i vest, før ein så har sykla heim. I morgon skjer altså overgangen. Eit nytt tiår tek til, og det skal sjølvsagt markerast.

1 kommentar:

Anonym sa...

Mal apropo hadde bestemor mi i dag vorte 100 år. Ho var nokre få år frå å nå det.