11 mai 2007

Gustav Indrebø forsvunnen

Rett utanfor kontordøra har det stått eit bilete av Gustav Indrebø, men no har det forsvunne. Eg har bede kontorsjefen sende ut etterlysning, så eg får tru at biletet kjem på plass att. Det har trass alt stått der i over 30 år og bør stå der til eg går av med pensjon om 30 år òg.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Dette er det vondaste eg har lese på lenge. Eg må få minne om at vi i slekta hadde som heilt klar føresetnad for å låne ut biletet at det skulle haldast vakt over det dag og natt. No kjem vi til å tenkje oss lenge om før vi låner ut fleire bilete. Truleg vil det aldri skje. Det kan også fort bli erstatningssak av dette.

Anonym sa...

Ein kan nok med ein viss rett seie at det har vore mykje splid i Indrebø-slekta, men på dette punktet står vi samla.

Anonym sa...

Og korleis var det no, karar, dette var vel også den einaste kopien som fanst?

Anonym sa...

Men var det det einaste biletet som fanst att av han i heile verda?

Anonym sa...

Nei, me har ein dårleg fotostatkopi av eit bilete heime. Det er det der han sit på fjordingen. Og sidan det er so sjeldan eg har kontakt med slekta, kan eg nytte høvet til å seie at her i Angedalen vert det visst ingen vår dette året heller.

Purisme sa...

Det er skrekkeleg det som har skjedd, men kontorsjefen arbeider med saka. Mistanken går i fleire retningar, og det òg kan tenkjast fleire motiv her.