18 mars 2006

Retorikk utan engasjement

Arbeidarpartiet har laga eit grundig notat for korleis ein skal møte FrP. Notatet kan lesast i Aftenposten, for ein klarte å feilsende notatet til ein FrP-politikar. Eigentleg mykje interessant i notatet. (Minner forresten litt om fraksjonsnotata frå mållagslandsmøtet 1999 [dei vi reine fekk sjå i forfjor].) Problemet er meir at forfattaren, 1. amanuensis Jens E. Kjeldsen, jo gir seg ut for å vere "nøytral retorikkekspert". Kjeldsen driv på den eine sida, ved sida av universitetsstillinga, eit selskap som bl.a. får pengar frå Arbeidarpartiet for å gjere retorikken deira betre. Dinest får han pengar frå aviser for å vurdere t.d. Arbeidarpartiet sin retorikk. I notatet skriv Kjeldsen om korleis Stoltenberg skal få Siv Jensen til å verke sur. Deretter gir han dommar i Aftenposten og BT om ordskifte mellom Stoltenberg og Siv Jensen, og seier der at Jensen verka sur.

Vel så interessant er det Kjeldsen seier til Bergens Tidende i dag: "Eg har ikkje noko politisk engasjement". Vidare: "Eg har berre utført eit oppdrag. Eg har uttala meg om faget mitt." Herrejeremias. Det er fantastisk at ein oppegåande person som uttalar seg om samfunsspørsmål kan fråskrive seg sitt eige ansvar som samfunnsaktør. At han så seier at han jamvel vil ha kurs for Unge Høgre, får meg til å lure. Kjeldsen driv her, til liks med sofistane i si tid, anvendt retorikk (til dei som kan betale). Det er ikkje noko gale med det (jamvel om universitetsfolk ikkje skal drive business). Problemet vert meir mangelen på medvit og sjølvrefleksjon. "Berre eit oppdrag". Som om det ein gjer har ingen politiske implikasjonar. Og kvifor berre fokusere på den forma for retorikk som er instrumentell? På den retorikken som gjer den strategiske handlinga til mønster for talen? Det var nettopp den same fella sofistane gjekk i (og som Platon skriv om i "Gorgias"). Det var retorikk utan engasjement, utan medvit og utan kritisk potensiale.

2 kommentarer:

ADM sa...

No må du fortelje dette med mållagsnotatet... Kor kan ein finne det?

Purisme sa...

Nja, det var mykje om saka i avisene i forfjor. Har ikkje tenkt å kommentere saka meir enn eg gjorde i ein rapport som kom for mållagslandsmøtet i 2002. den rapporten skulle vel ha vore på www.nm.no,men der har det kome nye sider (gratulerer, gratulerer) og ein arbeider tydelegvis med å setje alt på plass.