08 mars 2006

Matriarkatet

- Skal vi ikkje gå ein tur? spør den betre halvdelen. - Gå du, svarar eg. For i dag er det tryggast å halde seg innandørs. Som nemnt i 10000000 avisartiklar og 100000 bøker er dagens feministar kåte, og er det noko eg vil unngå, så er det å verte krafsa på når eg går ut. Eg er nok ikkje åleine om det. Det er vorte heilt normalt at kjekke nestenunge menn held seg vekke frå offentlege stader, av di ein vil unngå sexpress.

6 kommentarer:

Anonym sa...

Du er like overflatisk og tankelaus her som nynorskhetsarane i innlegget over er.

Eg såg du skreiv lenger nede at det einaste kroppsfokuset ein treng å ha, er å vere glad i den nasen ein har. Vel, det er eg heilt samd med deg i, og eg for min del trur arrangement som fitteprat og bøker som Rosa Prosa kan hjelpe folk til å bli nettopp det. Eg seier ikkje at alle har problem med å få det til, men det er ingen løyndom at mange meiner dei har stygge naser.

Eg skulle verkeleg likt å visst kva du meiner om glamourmodellar og medias fokus på desse, kva du meiner om avis- og vekebladframsider med nakne kvinner på. Endå meir interessert er eg i å vite kva du meiner om fokuset på seksuell vald mot kvinner i bøker som Fatso av Lars Ramslie, Blind av Lars Ove Seljestad og Det er natt av Ole Asbjørn Ness, og eg skulle også likt og visst kva du meiner om pornoen og barnepornoen som blir inngåande skildra i Cocka Hola Company og Macht und Rebel av Abo Rasul. Eg for min del meiner det er viktig at dei bøkene eg nettopp har nemnt blir skrive, på same måte som eg meiner det er viktig at det finst kvinner som skriv om sex. Det er ikkje nokon konkurranse, men det er likevel urettvist at mottakinga er så ulik, og det er frustrerande at smarte akademikarar er med på å latterleggjere prosjekta til kvinnene.

Purisme sa...

I all hast.

For det fyrste trur eg at det med å verte objektivert kroppsleg ikkje er noko kvinner har monopol på. Ein skilnad er likevel at mange kvinner på ein eller annan måte kjenner ein sterkare identifikasjon med det å vere objektsmodell.

Eit anna moment er at eg etter å ha kome med nokre synspunkt på det med kvinner og skriving i meir sosiale lag, har fått tilbakemeldingar som er ganske interessante. For det fyrste er det nok for enkelt å seie at det er "dumt" at kvinner skriv om kroppen. Det er eit kulturelt fenomen at mange kvinner fokuserer på kroppen i skrivinga si, og at der er ein slags "kontinuitet" i fokuset frå oppgåver i skulen og oppover i vaksenverda. Kvifor er det slik? Er det noko "nytt" i det at ein skriv på den måten ein gjer? Fleire har peikt på at ein stor skilnad mellom Ramsli og kvinnelege forfattar er at medan Ramsli bruker tredjepersonforteljarrøyst, bruker dei kvinnelege kroppsforfattarane fyrsteperson. Kanskje ligg det noko frigjerande i det?

Eg skal ikkje avvise dette. Og når eg nemnde saka, var det fordi eg synest det er interessant og påfallande at mange kvinner (særleg mange nynorskskrivande!) skriv om kroppen, og at denne skrivinga om kroppen truleg kan sjåast på som ei slags vidareutvikling av ei interesse/utforsking som ein òg kan finne i skriving i skulen. Det er i så tilfelle uhyre interessant. Eg seier ikkje at noko av dette nødvendigvis er teitt. At eg møter dette med fordommar, tyder jo at emnet ikkje er meg likesælt, og dersom eg møter motargument som er gode, så er jo det slik at synspunktet kan verte brigda.

Spesielt synest eg det er interessant det med skriving om kropp i skulen, korleis kjønnsforskjellane er der. Eg føreslo for ein kollega at dette kanskje kan vere verdt å lage eit lite forskingsprosjekt på, pga. vi er nokre som skal lage til diverse skulerelaterte forskingsprosjekt. Skal snakke meir med folk om akkurat det i løpet av desse dagane.

Anonym sa...

Det blir sikkert ei interessant oppgåve, men eg finn ikkje fordommane dine betryggande i det heile tatt, kanskje særleg fordi det ikkje ser ut til at du anar kva du snakkar om. Fyrste- og tredjepersonsrøyst hos kvinner og menn som skriv om sex, er hipp som happ, og du tek feil når det gjeld Ramslie, han brukar fyrsteperson i Fatso. Dette medan til dømes Kristine Næss brukar tredjeperson i Rita blir forfattar, medan til dømes eg brukar tredjeperson i mi historie om kåte Alma og medan til dømes Gunnhild Ø brukar tredje, fjerde, femte og sjette person i novella _Å, livet_ i Knutar.

Grunnen til at eg synest kommentaren din i denne posten er provoserande, heng sjølvsagt saman med det du har sagt i dei tidlegare postane om dette emnet, til dømes der du seier at det vore betre om vi såg på navlen vår enn underlivet.

Purisme sa...

Tja, eg har som alt nemnt ikkje lese alle desse nye skjønnlitterære tinga, og eg refererte då òg til innvendingar frå folk som påstod dei hadde lese denne Ramsli & co. Mine kjelder og mitt utgangspunkt er då òg f.o.f. elevtekstar og nyreligiøse tekstar der kjønnsdimensjonen ved kroppsfokuseringa er påfallande. Men altså, det ser ut for meg som om kvinner i 20åra i større grad gjer kroppen til tema i si skriving enn menn gjer det. (Bruk av vald og sex som desse mannlege forfattarane gjer, er ikkje noko som i seg sjølv gjer kroppen til tema. Sex er ikkje kropp, det er ein aktivitet som bruker kroppen.Men igjen det atterhaldet om at eg ikkje har nilese desse forfattarane.) Eg seier ikkje at den kroppslege vendinga er uttrykk for noko "essensielt kvinneleg", men eg påpeikar det som eg ser på som ein påfallande tendens. Og litterære tendensar påverkar jo andre som skriv òg. Apropos det siste: Eg las i Dag og Tid at Marita Liabø sa at ho skreiv "i tradisjonen etter Olaug Nilssen". Det er mykje ein kan seie om ein slik seiemåte, om tradisjonsomgrepet og alt det der, men utan tvil ser vi no ein generasjon unge nynorskskrivande kvinner, ein slags krins, som har litterær slagkraft, eit litterært program og eit litterært fokus, som slepp til i ålmenta og som påverkar andre unge skrivelystne. Dette kjenner eg til frå studentmiljøet. Programmet til den litterære krinsen er vel ikkje nødvendigvis kroppsleg, men krinsen har likevel eit fokus der det kroppslege er ein viktig del, og går på den måten inn i ein større tendens, ein kulturell tendens, i lag med alle desse feministbøkene og feminstblada, og det er jo den siste tendensen, ikkje desse kvinnelege nynorskforfattarane an sich, eg syntest var mest interessant. Men så hadde eg altså denne ideen om at nynorskkvinnene i større grad enn andre hadde teke opp i seg alt dette. Det er muligenssurr frå mi side, det får eg sjå nærmare på når eg får tid.

Bakgrunen for å snakke om navlen, var elles at det kom eit ebrev om eit fitte-møte, og sidan det var Syn og Segn, eg meiner Syn og Segn - syn og segn!!! - the nynorske establishment – som var blant dei som stod bak fittemøtet, så syntest eg at ein viss kroppsdel hadde fått ei vel sentral plassering.

Anonym sa...

Du treng nok ikkje nilese, men eg trur du bør lese dei bøkene du refererer til dersom du skal bruke dei i prosjektet ditt, for eg synest framleis du er på noko tynn is, særleg når det gjeld Ramslie, der hovudpersonen har eit heilt ekstremt fokus på sin eigen kropp! Og når det gjeld Marita L sin kommentar i DT om å skrive i "tradisjonen" etter meg (eg raudnar stolt!) så hadde ikkje dette noko med kropp å gjere, så vidt eg kunne sjå ut av det ho sa.

Men nok sagt frå mi side, eg er sikker på at dette prosjektet ditt er interessant. Det er fint at du vil setje søkelyset på elevtekstar og nyreligiøse tekstar.

Purisme sa...

Ei av mine oppgåver er jo å få studentar og rekruttar til å forske og skrive om ting eg meiner er interessante. Forsking er etter kvart vorte ei ganske kollektiv greie, med prosjekt og samarbeid og slikt. Så viss eg kan få bakt noko slikt inn i eitt av desse prosjekta som eg sit i møte om, ville det ha vore bra. Då vil det sjølvsagt ikkje vere eg som utfører prosjektet. Det har eg verken tid eller kompetanse til. Men dersom det finst gåverike personar som kan tenkje seg å skrive om emnet, så er det altså div. prosjekt under oppsigling som det kunne passe inn i. Eg synest jo at desse kjønnsforskingssektene ikkje skal ha monopol på kjønnsperspektiv.

Det eg skreiv om "tradisjonen" dreidde seg ikkje om kropp, men om at det eksisterer ein litterær krins, og at denne krinsen har påverknadskraft.